De Danseglade


170204 Sunnfjord AKE TOPP

Nyttårsdans med Steinar Engelbrektson, Rune Rudberg og Mona Jill i Førde

letohallen h 2017
På forsiden akkurat nå

Det var med skrekkblanda fryd eg sette kursen mot Førde by denne helga. ”Skrekken” skreiv seg frå at eg nokre veker tidlegare hadde prøvd etterlikna Bambi på isen på ein glassert asfalt og skada skuldera mi slik at eg ikkje kunne dansa, og fryd fordi eg gleda meg til å høyra 3 topp band.

Etter rundt 2 timars kjøring var eg heldig og fekk fylgja gode vener frå Knarvik. Me var framme tidleg nok til at eg fekk slappa litt av på det flotte hotellrommet før det vart samvær med vener. Apertiff med noko attått, vart servert hotellgjestene kl 18:30 og det smakte fortreffeleg. Steinar Engelbrektson Band spelte opp til dans i Barthold Bar denne kvelden, og 250 danseglade stillte på. Hotellets gjester kom inn gratis, andre betalte 100 kr. Det er ei kjennsgjerning at Steinar & Co stortrives i intime Barthold Bar og for ein kveld det vart. Mykje fin musikk, topp lyd og kjempegod stemning og det same gjentok seg neste kveld.

Laurdagen nytta nokon tida til å besøkja hotellet si flotte Spa avdeling, andre gjekk tur eller var på shopping. Mona Jill Band og Rune Rudberg Band var hyrt inn til å spela i Sunnfjordsalen denne kvelden, medan SEB spelte nede som kvelden før. Stakkars Rune, han hadde tydelegvis fått influensa og han veldig bekymra for korleis kvelden ville gå. MJB fekk æra av å starta opp og her som nede i Barthold Bar var det litt glissent på golvet i starten, så det var visst ikkje berre eg som var blitt segen etter å ha forsynt meg godt av ein velsmakande buffè.

Det tok seg imidlertid snart opp og mange av dei 550 kosa seg på 2 dansegolv utover kvelden. Litt høg lyd ein periode, men den vart heldigvis justert. Eg kan trygt sei at RRB drog lasset saman ved at dei andre i bandet prøvde avlasta Rune så godt dei kunne. Godt dei har ein habil vokalist som Bjørn Teig med seg. Trur nok Rune følte meir på sjukdomen enn me merka det, for eg såg ikkje noko anna enn at publikum kosa seg. Då dei starta på tredje og siste settet var det tydeleg at Rune ikkje klarte stort meir og han ba Mona Jill om hjelp og ho og mannen/manager Rogeir Haugen klarte på kort tid tromma bandet saman att. Overgangen gjekk smertefritt. For å sitera Rune : ”Vi musikere er som en stor familie, vi hjelper kvarandre når det trengs. ”

Me var mange som synes synd på Rune for han sleit verkeleg denne kvelden, svetten pippla i panna på slutten. Då MJB overtok var han svært takknemleg og tok seg tid til ein rolig dans til musikken deira, før han tok kvelden. All honnør til Rune og resten av bandet og sjølvsagt til den dyktige gjengen i MJB med sin sjarmerande vokalist i spissen, som kom til unnsetning og gav oss ei drivande avsluttning på kvelden.

Eg fekk ei kjekk helg i Førde også denne gongen, sjølv om eg ikkje fekk utfolda meg på dansegolvet. Hotellansatte gjorde sitt for at me skulle trivast og at me kunne få opphold frå fredag til søndag inkl. 2 dansekvelder og nydeleg buffè for vel 2000 kr, er i hvert fall ikkje noko å sei på. No er det berre for dei danseglade å sjå fram til den tradisjonelle Palmedansen.

 

170204 Sunnfjord AKE (1)
170204 Sunnfjord AKE (2)
170204 Sunnfjord AKE (3)
170204 Sunnfjord AKE (4)
170204 Sunnfjord AKE (5)
170204 Sunnfjord AKE (6)
170204 Sunnfjord AKE (7)
170204 Sunnfjord AKE (8)
170204 Sunnfjord AKE (9)
170204 Sunnfjord AKE (10)
170204 Sunnfjord AKE (11)
170204 Sunnfjord AKE (12)
170204 Sunnfjord AKE (13)
170204 Sunnfjord AKE (14)
170204 Sunnfjord AKE (15)
170204 Sunnfjord AKE (16)
170204 Sunnfjord AKE (17)
170204 Sunnfjord AKE (18)
170204 Sunnfjord AKE (19)
170204 Sunnfjord AKE (20)
170204 Sunnfjord AKE (21)
170204 Sunnfjord AKE (22)
170204 Sunnfjord AKE (23)
170204 Sunnfjord AKE (24)
170204 Sunnfjord AKE (25)
170204 Sunnfjord AKE (26)
170204 Sunnfjord AKE (27)
170204 Sunnfjord AKE (28)
170204 Sunnfjord AKE (29)
170204 Sunnfjord AKE (30)
170204 Sunnfjord AKE (31)
170204 Sunnfjord AKE (32)
170204 Sunnfjord AKE (33)
170204 Sunnfjord AKE (34)
170204 Sunnfjord AKE (35)
170204 Sunnfjord AKE (36)
170204 Sunnfjord AKE (37)
170204 Sunnfjord AKE (38)
170204 Sunnfjord AKE (39)
170204 Sunnfjord AKE (40)
170204 Sunnfjord AKE (41)
170204 Sunnfjord AKE (42)
170204 Sunnfjord AKE (43)
170204 Sunnfjord AKE (44)
170204 Sunnfjord AKE (45)
170204 Sunnfjord AKE (46)
170204 Sunnfjord AKE (47)
170204 Sunnfjord AKE (48)
170204 Sunnfjord AKE (49)
170204 Sunnfjord AKE (50)
170204 Sunnfjord AKE (51)
170204 Sunnfjord AKE (52)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også