De Danseglade


160820 Tysnes AKE TOPP

Bris og Hanne Mette Band i Tysneshallen

På forsiden akkurat nå

Tysnes i Hordaland er ikkje berre kjent for storslåtte Tysnesfest, dei har og klart setja seg på kartet med dansegallaen som Tysnes Musikklag arrangerer. Denne vart i år arrangert for 12. gang og på scena stod BRIS og Hanne Mette Band. Førstnevte starta kl 20 og så veksla dei på å spela ein time kvar fram mot kl 02 og dei rundt 400 frammøtte såg ut til å kosa seg enten dei svinga seg på dansegolvet eller berre lytta til musikken.

Då eg kom ut vel ein time før dansen starta, var grusbana rett nedforbi fylt opp med bubilar og deilig matlukt, Ausekarane sin musikk, prat og masse latter slo mot meg. Storparten av dei 80 som hadde parkert her, var nok komen fredagen. Heldigvis for det, for då hadde dei fått seg ein kveld og store deler av neste dag med fint vêr, for utpå ettermiddagen på laurdagen kom det nokre kraftige regnbyger. Nokre båtar hadde og funne veien til populære Våge havn som ligg i grei gåavstand frå fleirbrukshallen. Dei tilreisande hadde tilbod om bowling i 2. høgda i fleirbrukshallen både fredag og laurdag, og tilgang til fine sanitæranlegg.

Hanne Mette har ikkje vore så ofte her i omegn med bandet sitt, så eg veit det var mange som gleda seg til å høyra ho att og dei vart ikkje skuffa. Gitaristen i bandet hennar, Hallgeir Lie, har slekt på Tysnes, så det var nok ekstra stas for mange å oppleva han på scena. Lokalavisa hadde tidlegare i veka hatt ein tosiders reportasje om denne dyktige og trivelege karen. Han ankom øya dagen før, medan resten av bandet tok fly og vart henta på Flesland laurdag ettermiddag av primus motor for gallaen, Lars Petter Epland.

Nytt av i år var at det var laga til eit ”pratetelt”, men eg trur ikkje det vart så veldig mykje brukt for begge banda hadde med seg dyktige lydteknikarar, så lyden var behageleg. Lydtepper langs veggane som hallen no har fått, hjelpte nok og på. Dette vart nok ein flott dansegalla i Tyneshallen og det var tydeleg at begge banda storkosa seg på scena og publikum i salen. Ein dyktig arrangør hadde sørga for ei fin ramme kring arrangementet i år og.

160820 Tysnes AKE (1)
160820 Tysnes AKE (2)
160820 Tysnes AKE (3)
160820 Tysnes AKE (4)
160820 Tysnes AKE (5)
160820 Tysnes AKE (6)
160820 Tysnes AKE (7)
160820 Tysnes AKE (8)
160820 Tysnes AKE (9)
160820 Tysnes AKE (10)
160820 Tysnes AKE (11)
160820 Tysnes AKE (12)
160820 Tysnes AKE (13)
160820 Tysnes AKE (14)
160820 Tysnes AKE (15)
160820 Tysnes AKE (16)
160820 Tysnes AKE (17)
160820 Tysnes AKE (18)
160820 Tysnes AKE (19)
160820 Tysnes AKE (20)
160820 Tysnes AKE (21)
160820 Tysnes AKE (22)
160820 Tysnes AKE (23)
160820 Tysnes AKE (24)
160820 Tysnes AKE (25)
160820 Tysnes AKE (26)
160820 Tysnes AKE (27)
160820 Tysnes AKE (28)
160820 Tysnes AKE (29)
160820 Tysnes AKE (30)
160820 Tysnes AKE (31)
160820 Tysnes AKE (32)
160820 Tysnes AKE (33)
160820 Tysnes AKE (34)
160820 Tysnes AKE (35)
160820 Tysnes AKE (36)
160820 Tysnes AKE (37)
160820 Tysnes AKE (38)
160820 Tysnes AKE (39)
160820 Tysnes AKE (40)
160820 Tysnes AKE (41)
160820 Tysnes AKE (42)
160820 Tysnes AKE (43)
160820 Tysnes AKE (44)
160820 Tysnes AKE (45)
160820 Tysnes AKE (46)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også