De Danseglade


IF

Sola skein på Seljordfestivalen

TrettenfestivalenStorås
På forsiden akkurat nå

Då var 16. Seljordfestivalen over og for nokre herlige dagar det vart, både vêrmessig, musikalsk og elles. På tross av at festivalen dette året av ulike grunnar ikkje fekk nytta fleire av sine vanlege festivalhotell, så vart det jobba iherdig for at alle skulle få eit tilfredstillande tilbod. Eg hadde fleire vener som var på Kviteseid og dei var så fornøgde at dei ønska seg tilbake der neste år.

Innsjekkinga starta tirsdag kl 16 og den gjekk for det meste effektivt og greit. Hadde du forhåndsbestilt var du gjennom på nokre minuttar når du først kom fram. Me fekk utdelt sekker for boss og flasker og gipsplater til å ha under grillen om me ønska det. Kjekke gutar leda oss trygt fram til tildelt plass og dei ordna veldig lett opp i ting om det skulle vera noko , ingen problem. Ein løysingsorientert gjeng. Trur dei fleste var komt seg inn då regnet kom, men heldigvis så regna det frå seg denne kvelden og det var strålande vêr resten av festivalen. Sanitærforholda på Seljordfestivalen er veldig bra, det er mange fine sanitæranlegg rundtom på området, ein viktig trivselsfaktor. Potetbakern var og på plass med sine boder rundtom, så ingen trong gå svoltne heim.

Vestlandsbandet BRIS fekk gleda av å opna festivalen på Cafèscena og folk kom til etter kvart. Kruttverket som kom etterpå vart eit hyggelig musikalsk bekjentskap. Dei trivelege og dyktige karane i Picazzo overtok så stafettpinnen før festivalen sitt mest brukte band gjennom tidene, AristoCats, kom og BRIS avslutta kvelden for dei mange danseglade.

Kvar morgon kunne me opna dagen med morgontrim med Zumba, og dette var berre eit av dei mange aktivitetstilboda festivalen hadde til oss. Cruise på Telemarkskanalen var veldig populært og i år var det 2, torsdagen var det Remi Nærbø som underholdt og laurdagen AristoCats. Fredag var rundt 300 på fjelltur til Fjellstaul 750 moh. der Frode Aga serverte gode historier og god lokal mat og AristoCats var på plass og stod for musikken. Laurdag hadde me tilbod om tur til Gaustatoppen 1800 moh. og ei busslast drog av gårde. Turen gjekk delvis med trikk/taubane, men tok diverre lenger tid enn planlagt då det var mange andre som og var på same turen denne dagen. Festivalen melder at dei vil jobba vidare med konseptet. Andre aktivitetar var ølsmakingkurs på Sjøormen Vinbar, stikkamesterskap, utstilling av veteranbiler og AmCars og ikkje minst dansekurs trygt leia av Jan Tore Eriksen. Nytt av året var at Alexandra Kakurina og Glenn Jørgen Sandaker heldt kurs i swing og jive, veldig populært.

Torsdagen var det igjen BRIS som stod for opninga på Cafèscena, og deretter følgde svenske Donnez, Steinar Engelbrektson Band og G.Thomas Band. Det vart ein flott musikalsk ettermiddag som eg toppa med ein nydeleg laksemiddag på Buffalo Steakhouse & Pizza saman med gode vener.

Kvelden på Cafëscena vart opna av alltid lika populære Lasse Stefanz og dei kjørte i kjent stil med lyd litt i overkant, men det såg på ingen måte til å gå ut over stemninga. Så følgde SEB, Donnez og AristoCats som hadde ei drivande avsluttning på Cafèscena og nokre opplagte BRIS karar avslutta på Danselåven. AristoCats presenterte denne kvelden sin nye vokalist, Siv Berge, då Kjell Kallestad som kjent ønskjer satsa meir innan country og går solo, med nytt band. Er ikkje nett glad for at han gjer seg som frontfigur i AristoCats, men ønskjer han lykke til vidare.

Lyden var for det meste bra under festivalen, med nokre unntak. Eg overvar fleire lydprøvar og vart litt forundra då det på eine lydprøven var klokkeklar og med kraftig lyd, men då bandet byrja spela litt seinare så var lyden lav og grøtete. Oppe på scena hadde dei imidlertid hatt bra lyd. Som lekmann er det litt vanskeleg å forstå slike hendelser, men på dei fleste opptredane var det heldigvis topp lyd.

Som vanleg var det mange som under festivalen berre sat og nytte musikken i finavêret og med tanke på desse betyr det litt at musikken er variert, og der synes eg arrangøren hadde truffe bra. Det var mange stands på festivalområdet, så det var rikeleg å bruka pengar på. Noko var faktisk gratis og, for ein av hovedsponsorane Fjordline delte villig ut gavekort m.m.

Nytt av i år var at det var ein konkurranse om kven som hadde den flottaste campingplassen og dette førte sjølvsagt til at me såg mange kreative løysingar rundtom. Vinnaren var ein heil vennegjeng som vart behørlig premiert.

Fredagen drog det seg til med musikk frå 3 scener. Øyvind Blunck i Fridtjof sin skikkelse gav oss eit fantastisk show og her var det fare for å le kjeven utav ledd. Skulle ønska showet varte lenger, kjekt med noko nytt. Nye artistar denne dagen var Bakersfield – som gav Buck Owens ein verdig hyllest, Lasse Johansens Orkester med sitt herlige Sven Ingvars Show, The Poor Boys CC Revival Band som mange diggar, evig populære Ole Ivars og ”Elvis”. Sistnevnte med Steven Ackles, Paal Flaata og Vidar Busk i spissen. Eg har hatt gleda av å oppleva showet deira ein gong før, veldig bra. Ein litt meir rocka Contrazt-gjeng enn eg er vane med, stod for ei flott avsluttning på hovedscena denne kvelden.

Ein som imidlertid imponerte meg var imidlertid Steinar Engelbrektson. Han og bandet flaut på den fantastiske stemninga på Danselåven denne kvelde og rett opp i Show Teltet der det vart fullt hus og kjempestemning. På festivalen hadde Steinar med seg unge Torbjørn Gran på bass, ein dyktig kar som var ein energibunt og eit einaste stort smil på scena. Snakk om ”Ekte Speleglede” ! Artistar som er så naturleg blide og aktive som denne karen gjer meg rett og slett glad.

Eg skal ikkje gløyma nevna Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen som var konferansierer på festivalen og som i tillegg fekk latteren til å ljoma i Show Teltet der dei showa på. I teltet var det i tillegg både intimkonserter og platesigneringar.

Laurdagen var svenske Holidays, High Plains Jamboree frå Austin, Texas og Gluntan nye band på festivalen og dei gleda mange med fin og variert musikk. Johnny Logan, Heine Totland og Rune Rudberg var og klar for festivalen. Johnny Logan klarte nok ein gong å fanga Seljordpublikummet si intresse, men så sparer han ikkje på kruttet på scena heller, imponerande. Heine Totland’s Sensational Rock & Roll Cirkus er det berre å ta av seg hatten for, du verden for nokre entertainere ! Fantastisk og rått var ord som gjekk igjen etter deira opptreden.

Rune Rudberg Band som fekk æra av å avslutta på hovedscena stod ikkje tilbake for nokon, ein dyktig og ikkje minst folkeleg gjeng. Som eg har sagt før, gjengen fortjener honnør for det dei har klart på kort tid. Med Rune i spiss med si flotte stemme og ein stor porsjon sjølvironi måtte det berre verta bra. Tidlegare på dag hadde Luis Svindal Granås fått traktert trommene på ”Ut mot havet”. Stort for guten som har vore gjennom ein alvorleg sjukdom at han nok ein gong fekk spela med bandet, og rørande for publikum.

No når eg sit og skriv dette er det som eg opplever heile festivalen på ny : Nydeleg vêr, god mat, flinke og hyggelige vakter, minnerikt sosialt samvær, flotte artistar og entertainere og berre blide folk å sjå. Dagane gjekk berre så altfor fort, men eg gler meg alt til neste år og seier vel overstått til alle involverte på Seljordfestivalen med Egil H Moen i spissen. Bra jobba!

Her er en oppdatering fra arrangør og ansvarlig Egil Moen om årets Seljordfestival;
Festival og reiselivsprodukt
– Seljordfestivalen har den siste tiden jobbet strategisk mot en videreutvikling av eget konsept. For festivalens gjester skal den samme gode stemningen og femten år lange historie ivaretas. Samtidig jobber festivalen mot en utvikling mot å bli et reiselivsprodukt der musikken er rammen, men bildet er fylt med ulike aktivitetsutflukter i Telemark og showpakker.
– Vi er svært fornøyd med satsingen. I år har vi invitert med publikum på både Telemarkskanalen, Gaustatoppen og fjelltur til Fjellstaul. Samtlige billetter ble revet bort før avreise noe som betyr at rundt 1 000 personer har deltatt på slike aktiviteter. Seljordfestivalen har tradisjon for å trekke publikum fra både Øst- og vest, noe som gjør Telemarksaktivitetene ekstra attraktive.
– Kombinasjonen av Telemark sin fantastiske natur, en ferdig ferie-pakke og god musikk ser ut til å fungere. Til årets festival har Seljordfestivalen inkludert en bredere underholdningsprofil der show og kjente underholdningsprofiler gjester festivalens scener. Vi har fått svært gode tilbakemeldinger fra både festivalgjester og samarbeidsaktører på årets nyheter, og gleder oss til å se videre utvikling.

Årets festival endte opp med 1600 campingvogner og totalt 15 og 16 000 gjester, et besøkstall festivalen ser seg godt fornøyd med, avslutter Egil Moen.

Under ligger det to gallerier – det første med foto fra Ingolf Alund og under finner du et med foto av Anne-Karin Eikeland.

Galleri 1 – foto: Anne-Karin Eikeland

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

Galleri 2 – foto Ingolf Alund

160703 Seljord 2016 IA (1)
160703 Seljord 2016 IA (2)
160703 Seljord 2016 IA (3)
160703 Seljord 2016 IA (4)
160703 Seljord 2016 IA (5)
160703 Seljord 2016 IA (6)
160703 Seljord 2016 IA (7)
160703 Seljord 2016 IA (8)
160703 Seljord 2016 IA (9)
160703 Seljord 2016 IA (10)
160703 Seljord 2016 IA (11)
160703 Seljord 2016 IA (12)
160703 Seljord 2016 IA (13)
160703 Seljord 2016 IA (14)
160703 Seljord 2016 IA (15)
160703 Seljord 2016 IA (16)
160703 Seljord 2016 IA (17)
160703 Seljord 2016 IA (18)
160703 Seljord 2016 IA (19)
160703 Seljord 2016 IA (20)
160703 Seljord 2016 IA (21)
160703 Seljord 2016 IA (22)
160703 Seljord 2016 IA (23)
160703 Seljord 2016 IA (24)
160703 Seljord 2016 IA (25)
160703 Seljord 2016 IA (26)
160703 Seljord 2016 IA (27)
160703 Seljord 2016 IA (28)
160703 Seljord 2016 IA (29)
160703 Seljord 2016 IA (30)
160703 Seljord 2016 IA (31)
160703 Seljord 2016 IA (32)
160703 Seljord 2016 IA (33)
160703 Seljord 2016 IA (34)
160703 Seljord 2016 IA (35)
160703 Seljord 2016 IA (36)
160703 Seljord 2016 IA (37)
160703 Seljord 2016 IA (38)
160703 Seljord 2016 IA (39)
160703 Seljord 2016 IA (40)
160703 Seljord 2016 IA (41)
160703 Seljord 2016 IA (42)
160703 Seljord 2016 IA (43)
160703 Seljord 2016 IA (44)
160703 Seljord 2016 IA (45)
160703 Seljord 2016 IA (46)
160703 Seljord 2016 IA (47)
160703 Seljord 2016 IA (48)
160703 Seljord 2016 IA (49)
160703 Seljord 2016 IA (50)
160703 Seljord 2016 IA (51)
160703 Seljord 2016 IA (52)
160703 Seljord 2016 IA (53)
160703 Seljord 2016 IA (54)
160703 Seljord 2016 IA (55)
160703 Seljord 2016 IA (56)
160703 Seljord 2016 IA (57)
160703 Seljord 2016 IA (58)
160703 Seljord 2016 IA (59)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også