De Danseglade


161213 Voss AKE TOPP

Julebordshelg med Bris på Voss

letohallen h 2017
På forsiden akkurat nå

I førjulstida så høyrer det med å reisa på julabord saman med gode vener, og i år som dei seinaste åra falt valet på Park Hotel. Det var ikkje nett noko vinterstemning på Voss denne helga, men det passa frostapinnen meg heilt fint. Bris spela opp til dans i koselige Cafe Stationen etter at me hadde ete oss gode og mette frå ein velsmakande julebordsbufè.

 

Personleg er eg ein skikkeleg lutefiskelskar, og eg kan berre sei at den smakte fortreffeleg. Det skulle visa seg at me hadde valgt den rette helga, for her dukka det opp mange kjentfolk. Både julebordsgjester og andre kosa seg på dansegolvet frå 22 til 02 kvar kveld. Bandet var i storslag og fleire av dei var likesnart å sjå nede blant publikum som oppe på scena, slikt vert sett pris på.

 

Bris spela faktisk fem helger på Voss denne julebordsesongen og veldig kjekt er det at dansen er gratis for alle, så fleire lokale danseglade kjem att helg etter helg, år etter år. Laurdagen var Nils Kvamsdal gjesteartist med bandet, ein habil vokalist. På plass på laurdagen var og gitaristen som skal overta etter Gunnar Engevik som har valgt å slutta i bandet frå nyttår, og det såg ut om han trivdes.

Dette vart nok ei flott julebordshelg på Voss.

161213 Voss AKE (1)
161213 Voss AKE (2)
161213 Voss AKE (3)
161213 Voss AKE (4)
161213 Voss AKE (5)
161213 Voss AKE (6)
161213 Voss AKE (7)
161213 Voss AKE (8)
161213 Voss AKE (9)
161213 Voss AKE (10)
161213 Voss AKE (11)
161213 Voss AKE (12)
161213 Voss AKE (13)
161213 Voss AKE (14)
161213 Voss AKE (15)
161213 Voss AKE (16)
161213 Voss AKE (17)
161213 Voss AKE (18)
161213 Voss AKE (19)
161213 Voss AKE (20)
161213 Voss AKE (21)
161213 Voss AKE (22)
161213 Voss AKE (23)
161213 Voss AKE (24)
161213 Voss AKE (25)
161213 Voss AKE (26)
161213 Voss AKE (27)
161213 Voss AKE (28)
161213 Voss AKE (29)
161213 Voss AKE (30)
161213 Voss AKE (31)
161213 Voss AKE (32)
161213 Voss AKE (33)
161213 Voss AKE (34)
161213 Voss AKE (35)
161213 Voss AKE (36)
161213 Voss AKE (37)
161213 Voss AKE (38)
161213 Voss AKE (39)
161213 Voss AKE (40)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også