De Danseglade


151129 Voss AKE TOPP

Julebord med Bris på Voss

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Julebord på Park Hotel Vossevangen er vorte tradisjon, og som vanleg var hotellet fullbooka. Cafê Stationen var fint pynta og deilig matlukt seiv ut i lokalet, og det alltid lika smilande og blide personalet var på plass. Eg hadde lenge gleda meg til ein deilig porsjon lutefisk som eg er så glad i og eg vart ikkje skuffa, for den var berre aldeles nydelig og med rett tilbehør. Som vanlig på julebord så vart det ete alt for mykje, så difor var det godt å få røra litt på seg på dansegolvet då BRIS gjekk på scena litt over kl 22.

Overraskande, men veldig kjekt var det at ei bedrift frå heimkommunen min var oppover med 60 ansatte denne helga, ein herlig gjeng. Dette vart eit nytt triveleg julebord på Park Hotel på vakre Voss saman med gode vener. BRIS var i storform og gav jernet fram til kl 02, tydeleg at dei sette stor pris på all den gode feedback’n frå publikum. John Steinar Sandven var flittig nede på dansegolvet blandt gjestene og underholdt med sitt eminente saxofonspel, alltid lika populært. ,

To av bandmedlemane, Arthur Lien og Geir Skjelnes ( Wapo før) har faktisk spelt til julebord her oppe i 25 år, dei siste åra 4 helger før jul mot 5 tidlegare, impoerande. Det er ikkje få smalahover dei har sett til livs i løpet av desse åra fortel dei. Nokon elskar denne delikatessen som kjem frå Smalahovetunet på Løno på Voss, andre rynker på nasa berre dei ser den. Meg finn du under den første kategorien, uten tvil.

 

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også