De Danseglade


IF

Haavard Skaatun og Ausekarane på Vinnesfestivalen

På forsiden akkurat nå

Syttande til nittande juni var det igjen duka for festival på vakre Vinnesholmen. Det gjer ingenting om bygda er liten så lenge eldsjelene er der!  Årets festival starta med ungdomsdisco i Nesjaheimen fredagen med over 100 betalande. Laurdagen fekk me høyra mange dyktige ungdomar på Fusa Got Talent – alt frå rap til pop – flinke ungdomar. På dagtid var det eit rikholdig program for både små og store: hoppeslott, ansiktsmaling, krabbefiskekonkurranse, skyting, hesteskokasting og bruskassestabling. For dei små så toppa det seg då tryllekunstner Anoini kom på scena og hadde eit flott show. Noko som var veldig populært blant dei litt større var ein tur med RIB båten, sikkert eit kick for dei som prøvde den. Over 1000, ifølge festivalleiar Rune Bergheim, vitja festivalen på dagtid og desse kunne kosa seg med is, drikke og deilig mat som bl.a. rømmegraut og hamburger. Det var mange utstillarar på festivalen og desse var flittig besøkt.

Kveldsunderholdninga starta med show av Ausekarane og her satt latteren laust blandt publikum. At Tor Endresen og Bjørn Jensen klarar halda seg alvorleg  – for det meste – oppi all showinga er godt gjort. Ein anna ting som imponerer meg er at dei så lett klarar skifta mellom skjemt og alvor, som då Tor syng sangar som fortjener verdigheit. Då Ausedansen kom som ekstranummer tok det heilt av og folk klarte ikkje sitja i ro lenger.

Haavard Skaatun med band fortsette kvelden med tøff country/rock. Ein flott gjeng ungdomar og veldig dyktige musikere som me nok vil høyra meir til. No var det byrja blesa og det vart kaldt ute på holmen så mange samla seg i teltet.  Var ikkje enkelt med fingrar mot iskalde strenger som Haavard sa, men det let bra heile kvelden – takka vera Fusa Lyd & Lys og Ausekarane sin lydmann Harald Hole.

Så kom Ausekarane på igjen og spelte til dans og det vart ein knall kveld. Publikum berre elska denne gjengen som gjev så mykje av seg sjølv. No fyltes det sakte men sikkert opp på dansegolvet, dei spelte to økter og ikkje veit eg kor mange ekstranummer det vart før dei gav seg. Trur eg trygt kan sei at dei rundt 500 som tok turen denne kvelden ikkje nett angra seg. Ein flott avsluttning på eit topp dag.

Arrangement vart avslutta på søndagen med konsert i bedehuset med bygdas ikkje ukjente Njål Vindenes  ilag med Vidar Austvik, og her var det fullt hus.  Vel blåst til denne vesle bygda som i 2017 kan feira eit aldri så lite festivaljubileum, nemleg 10 år. Slagordet deira er ”Ei oppleving for store og små” og det lever dei opp til.

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også