De Danseglade


IF

Fest i Vest med rik musikalsk meny

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

JetFred, Eva & The Heartmakers, Keit Austin og BRIS, bidro alle på årets Fest i Vest. Nokre få ildsjeler fekk ideen om ein ny festival på Stord og dei kan verkeleg vera stolte av seg sjølve og ein heil gjeng entusiastiske frivillige, for dette vart bra.

Det regna som om himmelen hadde opna seg då eg fredag ettermiddag parkerte bubilen min på gamle Sagvåg ferjekai. Det letta imidlertid litt og musikklaget og ordførar Harry Hestad opna festivalen både med musikk og tale, ja te og me ordføraren underheldt oss med nokre låtar. På kaien var det under festivalen boder med variert og god mat, samt ein del utstillarar. Kjempegod Thaimat kunne me få kjøpa på kveldstid.

Diverre rakk eg ikkje høyra Sorte Ljos og Keith Austin denne kvelden, men JetFred stod ikkje tilbake for nokon og drog til med skikkeleg drivande musikk før Eva & The Heartmakers var på plass på den store og gode scena. Foruten eigen musikk sang Eva ein del låtar frå TV programmet ”Hver gang vi møtes” og då ho mot slutten var heilt åleine på scena og framførte sin  versjon av Henning Kvitnes sin ”Evig Eies Kun Et Dårlig Rykte” så var det unormalt stillt på konsertområdet.  Vakkert, rett og slett. Arrangøren var godt forberedt på været, 2 store telt var sett opp og me kunne få kjøpa både regncape og pledd. Lyden var litt i høgaste laget etter min smak denne kvelden, men siste kvelden var det heilt topp.

Neste dag var det eit nydeleg vær og mykje aktivitet for dei små, Jumpi og Ted frå Vennebyen var på plass og litt lenger ut på dagen var det sjørøvershow. Veldig flott opplegg, men synd at ikkje lyden funka optimalt. Det let imidlertid ikkje til å leggja noko dempar for borna sin opplevelse.

På kaien krydde det med folk og arrangøren reknar med at eit par tusen vitja festivalen på dagtid.  Vaffeljerna og kaffitraktarane gjekk i eitt og dei frivillige sprang beina av seg, medan me kosa oss i sola. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle ha med meg konserten til Atle Hansen på Havneståvo, og angra ikkje på det. Ein humoristisk og dyktig kar som kan kunsten å underholda enten han las eller spelte og sang.

På kveldsarrangementet så starta BRIS, før den herlige gjengen i Country Boys overtok og endeleg fekk eg så høyra Keith Austin – ex. Dr. Hook – så de kan tenkja dere at her vart det mange herlige svisker. Nostalgi for ei som er så pass vaksen som meg. Desse tre banda spelte 2 sett kvar og det vart ein flott kveld. BRIS var i storform, det var tydeleg at dei trivdes med dette flotte publikumet. Vokalisten i Country Boys hadde ikkje mindre enn 4 søner med seg på arrangementet, ein bak trommene og resten på dansegolvet, snakk om samhald.   Han som  fekk ideèn til denne festivalen,  Ole J Almås spelar keyboard og trekkspel i bandet.

1600 vitja festivalen desse 2 kveldane, nokolunde likt fordelt. Ser arrangøren har motteke uttallige positive tilbakemeldingar  på fb og alle vonar dette er ein festival som er kome for å bli. Det ønskjer eg og, og då vonar eg at det vert laga til eit dansegolv for det er tungt å dansa på fast dekke – det er det einaste eg kan setja fingen på. Det var ei knall helg og eg er imponert over kva dei har klart få til på berre nokre månader!

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

 

 

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også