De Danseglade


Thailand del 2 AKE TOPP

Dansegalla i Thailand - del 2

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Torsdags kveld og det var klart for duoen Lady & Landstryker’n på scena. Det var tredje gongen dei var med på denne gallaen og me fekk svinga oss til variert musikk. Dei avslutta kvelden med ein fantastisk versjon av Amazing Grace, vakkert sunge av Irene.
Før Anne gjekk på scena fredagens kvelden så spelte den svenske riksspelemannen Thore Härdlin med sine musikere ein halvtimes tid. Då Anne Nørdsti kom, så annonserte konferansier William Jenssen 1 minutt stillhet for å heidra Nora Brockstedt som var gått bort kvelden før og etterpå sang Anne ”Sønnavindsvalsen”.

Så drog Anne i gang med sine eigne låtar og nok ein gong gjorde Holmsve ein framragande jobb som backingband. Det vart ein stemningsfull kveld og Anne gav som vanleg mykje av seg sjølv og ho både dansa og sang medan ho var nede i salen blant publikum.
Laurdagen var kvelden for Grand Finale og det var fleire gaveoverrekkelser til OrkidêEkspressen’s gründer Edgar Huus Skjønhals og fleire gav gode skussmål til dansegallaen, deriblandet vår alles dansedronning Solvår Raaen. Lady & Landstryker’n fekk æra av å opna kvelden, forsterka med sjarmøren Odd Arne Sørensen på trekkspel på nokre låtar. Irene gav Edgar ein sjølvlaga kjent figur – Ludvig – i burdagspresang.
Holmsve var neste band ut og så kom Anne Nørdsti. Før Joar Petter Holmsve gjekk av scena fekk me høyra ein nydeleg duett desse imellom : ”Tid Leger Sår”. Her snakkar me om dyktige vokalister.

Så kom det mange var spente på, ”Orkidê Singers” som bestod av Irene, Anne og Gro Anita. Først sang dei ein låt der teksten var spesielt laga til 70årsjubilanten Edgar, så framførte dei eit potpurri av kjente og kjære låtar som han var glad i. Alt dette var konf. William Jenssen sin ide og populært blant publikum. William var verkeleg i det kreative hjørnet, han hadde lika godt laga ein drink som han hadde gitt navnet ”Pink Orkidê”, frisk og god.

Dei som fekk æra av å avslutta det heile var 10årsjubilanten Contrazt og gutane stillte i nye skreddersydde skjorter, riktig stilige var dei. Contrazt heldt det gåande i kjent driv og det vart ein flott avsluttning på ein topp dansegalla. Veldig greit at alt skjedde på hotellet me budde i og ballsalen som var stor og fin, var flott pynta. Var ein ikkje med på pakketuren så var det ingen problem med å betala seg inn, her var åpent for alle. Eg må innrømma at eg synes flyreisa ned virka lang, men du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg vert å finna i Thailand – smilets land – på dansegalla i 2016 ôg, for kvar kan eg elles få sol og varme, nokre minutt til stranda, dansa i Ballroom med stort og godt dansegolv, flott musikk og med ein service du skal leita lenge etter ?

Nokre dagar seinare feira OrkidêEkspressen sin gründer Edgar Huus Skjønhals 70 årsdagen sin og han fekk då overrakt nøklane til byane Hua Hin og Cha Am for sitt utrettelege arbeid med å promotera regionen som feriedestinasjon dei siste 20 åra. Nøklane var innrama og vart personlig overlevert av ein av dei 3 guvernører som var tilstades på festen som i utgangspunktet skulle vera ei lita feiring med næraste familie. Eg fekk lov å foreviga nøklane dagen etter.

 

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også