De Danseglade


161209 Thailand del TOPP

Dansegalla i Thailand – del 2

Gol VårdansenStorås
På forsiden akkurat nå

Så var torsdagskvelden komt og det var tid for gallamiddag og 200 festkledde var på plass i flotte Ballroom på hotellet. Lady & Landstryker’n (L&L), opna kvelden med at Irene sang så vakkert «How great though art». Ho kan imidlertid meir enn å syngja denne dama for seinare på kvelden fekk Edgar overrakt Solan, eit nydeleg handarbeid. Ludvig fekk han jo til 70års dagen i fjor, så no slepp Solan og Ludvig savna kvarandre, som ho sa.

Også i år fekk me servert nydeleg mat og eit hav av desserter som var flott tillaga. P.A.Røstads orkester spelte ”Trønderbrura” til ære for dei nygifte. Litt seinare under middagen så heldt hopplegenda Bjørn Wirkola – som var i Thailand i anledning Wirkolacup (golf) som OrkideEkspressen arrangerer rett før Dansegallaen – eit intressant foredrag om livet som skihoppar og fotballspelar. Kvelden vart avslutta med at Irene sang «Amazing Graze» og ho fekk velfortjent trampeklapp. Etter middagen samlast mange av oss i ”gata vår” til koseleg sosialt samvær.

Fredagen var det klart for P.A.Røstads Orkester og eg må no sei at eg har vakse opp i ein heim der det vart spela mykje gamaldansmusikk og eg tenkte at ein heil kveld med dette kanskje ville verta i mesta laget. Der tok eg imidlertid skammeleg feil. Bandet hadde med seg ein smilande og blid trommis, så dette vart ein topp kveld med variert og flott musikk. Jostein Olav Grande var gjesteartist og i tillegg var Rune Rudberg oppe og sang med. Asmund Bjørken gledde oss med både trekkspel- og saxofonspel. Det same gjorde den tvers gjennom trivelege svenske riksspelemannen Thore Härdelin med sitt felespel. P.A. Røstads orkester består av dyktige musikarar og eg trur alle dei 250 som var tilstades denne kvelden syns det var fantastisk å høyra ungguten Torfinn Hofstad spela Elvis låta ”Spanish Eyes” på fela si.

SÅ var det laurdag og klart for Grand Finale med 300 glade mennesker på plass. P.A.Røstads orkester fekk æra av å opna kvelden før L&L gjekk på kl 21.00. Terje Mårstad var oppe og sang ein fin duett med Irene. Rune Rudberg overtok stafettpinnen kl. 22.00 og etterkvart fekk han med seg på scena godkarane Odd Arne Sørensen og Terje Mårstad og jammen kom P.A.R. sin trommis òg, kjempestemning. Ingemars tok over kl. 23.00 og spelte fram til midnatt og denne kvelden fekk me oppleva eit band i storform, herlig. Odd Arne fekk publikum til å danna ring rundt fjorårets og årets brudepar medan bandet spelte ”Nå Og Hele Livet” som også vart framført under vielsen i fjor.

Vår herlige fruktselger fra stranda, best kjent som ”Hakke peiling” og ”Tom pæng pung”, var og tilstades. Ei fantastisk flott dame som alle vert glad i, ein humørspredar som vart intervjua av Irene.

Så var det eigentleg over, men søndagen vart det som bonus ei allsangstund med L&L. Trur me var over 50 og fleire fekk ”låna” mikrofonen, deriblandt eg som bortsett frå i 60årsdagen til bestevenninna mi, ikkje har vore i nærheten av ein mikrofon sidan ungdomstida.

Så var det berre å slappa av nokre dagar, shoppa litt og la alle inntrykka siga inn før turen gjekk tilbake til Norge. Eg har alt byrja spara for neste dansegalla i Thailand, og arrangøren lovar 4 topp danseband, så det er berre å gleda seg. Eit fantastisk land å leggja ferie til. Vel gjennomført dansegalla av OrkideEkspressen og la meg heller ikkje gløyma lyd- og lysfolka under gallaen og alle dei flotte og imøtekomande ansatte på hotellet.

At arrangøren var tilstades under heile turen føltes og som ein stor trygghet.

161209 Thailand del 2 AKE (1)
161209 Thailand del 2 AKE (2)
161209 Thailand del 2 AKE (3)
161209 Thailand del 2 AKE (4)
161209 Thailand del 2 AKE (5)
161209 Thailand del 2 AKE (6)
161209 Thailand del 2 AKE (7)
161209 Thailand del 2 AKE (8)
161209 Thailand del 2 AKE (9)
161209 Thailand del 2 AKE (10)
161209 Thailand del 2 AKE (11)
161209 Thailand del 2 AKE (12)
161209 Thailand del 2 AKE (13)
161209 Thailand del 2 AKE (14)
161209 Thailand del 2 AKE (15)
161209 Thailand del 2 AKE (16)
161209 Thailand del 2 AKE (17)
161209 Thailand del 2 AKE (18)
161209 Thailand del 2 AKE (19)
161209 Thailand del 2 AKE (20)
161209 Thailand del 2 AKE (21)
161209 Thailand del 2 AKE (22)
161209 Thailand del 2 AKE (23)
161209 Thailand del 2 AKE (24)
161209 Thailand del 2 AKE (25)
161209 Thailand del 2 AKE (26)
161209 Thailand del 2 AKE (27)
161209 Thailand del 2 AKE (28)
161209 Thailand del 2 AKE (29)
161209 Thailand del 2 AKE (30)
161209 Thailand del 2 AKE (31)
161209 Thailand del 2 AKE (32)
161209 Thailand del 2 AKE (33)
161209 Thailand del 2 AKE (34)
161209 Thailand del 2 AKE (35)
161209 Thailand del 2 AKE (36)
161209 Thailand del 2 AKE (37)
161209 Thailand del 2 AKE (38)
161209 Thailand del 2 AKE (39)
161209 Thailand del 2 AKE (40)
161209 Thailand del 2 AKE (41)
161209 Thailand del 2 AKE (42)
161209 Thailand del 2 AKE (43)
161209 Thailand del 2 AKE (44)
161209 Thailand del 2 AKE (45)
161209 Thailand del 2 AKE (46)
161209 Thailand del 2 AKE (47)
161209 Thailand del 2 AKE (48)
161209 Thailand del 2 AKE (49)
161209 Thailand del 2 AKE (50)
161209 Thailand del 2 AKE (51)
161209 Thailand del 2 AKE (52)
161209 Thailand del 2 AKE (53)
161209 Thailand del 2 AKE (54)
161209 Thailand del 2 AKE (55)
161209 Thailand del 2 AKE (56)
161209 Thailand del 2 AKE (57)
161209 Thailand del 2 AKE (58)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også