De Danseglade


161110-thailand-del-1-topp

Dansegalla i Thailand del 1

MalungStorås
På forsiden akkurat nå

I år gjekk flyturen til Thailand som ein drøm, truleg fordi eg var mindre forventningsfull og spent enn i fjor. Sova på fly fekk eg og eg følte meg i fin form då me landa i Bangkok der vår faste guide tok imot oss og fekk oss trygt fram til Beach Hotel i Cha Am der ein heil velkomstkomite venta. Me samlast til info møte i foajeen på hotellet der me fekk me utlevert poser med nøklar, dansegallabilletter, sørgesløyfe og adgangskort til frukosten på hotellet. Koffertane vart henta ved bussen og levert på rommet. Slik service er det her, i Smilets land.

Med den deilige velkomstmiddagen frå i fjor i friskt minne, samla me oss ute ved bassenget på hotellet om kvelden, saman med dei som hadde kome dagen før. Der var eg så heldig at eg fekk sitja vis ’a vis det trivelege paret som gifta seg under dansegallaen i fjor, triveleg gjensyn.

Trur mange var spente på kva me ville merka av landesorga dei hadde i landet i samband med at kongen var død, men bortsett frå at folk ikkje satt og spelte og sang ute om kveldane, så merka me lite. Me følte oss verkeleg velkomen til Cha Am og kanskje ikkje så rart for me legg nok igjen kjærkomne pengar både hos skreddarar, på spa-institutta og restaurantane.

Det var litt deilig å koma ned ei veke før sjølve dansegallaen skulle starta, i hvert fall for meg som var dønn sliten. Det var imidlertid ikkje strålande sol dei første dagane, men i Thailand får me visst farge berre fordi det er varmt, for brune vart me. Uansett vær så kosa me oss på restaurantane om kveldane, her var mykje smil og latter. Orkidë Ekspressens gründer/arrangør Edgar Huus Schjønhals var imidlertid redd for at været skulle redusera den fine opplevelsen vår på turen, så han drog likagodt i gang med dans i foajeen på hotellet fredagen med Lady & Landstryker’n og Gutta fra Scandinavia med Rune Rudberg. Overraskande og veldig koselig. Denne kvelden var det ei som var 60 år, og ho vart sjølvsagt sett pris på av Lady og Landstryker’n. Lørdagen var det Quiz kveld og søndagen Ljugarkveld på Cha Am Lodge Steekhouse. Her fekk me høyra ein haug av vitsar og latteren satt laust. Søndagen på dagtid hadde eg og venninna mi ein kjempefin tur langs stranda inn til fiskelandsbyen og me tok turen ut på piren. Imponerande å sjå korleis dei laster båtane sine, trur ikkje HMS var så nøye vurdert der.

Tirsdag var dansegallaen i gang og den vart innleda med 1 minutt stillhet for å visa det Thailandske folk vår medfølelse i samband med kongens død. Gallaen vart trygt leda av Irene og Rune Gjelseth (Lady & Landstryker’n) som hadde steppa inn då den faste konferansieren William Jensen var forhidra i år. Her var intervjuer og her var humor. Steinar Storm Kristiansen og Terje Mårstad -”Gutta fra Scandinavia” – fekk æra av å opna den 6. Dansegallaen i Cha Am og 250 hadde funne veien til flotte Ballroom på hotellet. Rune Rudberg svar med dei på eit sett, og eg trur det var mange som hadde gleda seg til å høyra han ut frå responsen å døma då han kom på scena. For å sitera arrangøren : ”Det er ikke til å stikke under en stol at Rune Rudberg er i en klasse for seg selv, en topp entertainer. Steinar og Terje i Gutta fra Scandinavia levererte også så det rakk. Flinke musikere, og fine mennesker. ” Ein flott kveld med andre ord.

Onsdagen stod 30 årsjubilanten Ingemars på scena, litt mindre folk den kvelden, men folk svinga seg flittig til flott musikk. Steve Andersson, som vanlegvis set sitt preg på ein Ingemarskveld, var ikkje med på denne turen. Han er nok ei viktig brikke i Ingemars, men når det er sagt så må eg berre skryta over Kai Olav Rønning som for anledingen var med på bass og bandets eigen Dagfinn Gressberg som ivaretok mykje av det vokalmessige til Steve. Odd Arne Sørensen gav oss ein skikkeleg god latter då han lokka arrangøren opp på scena og fortalte ei artig historie, angiveleg om han. Edgar var med på notane han, mangler ikkje på humor der i gården. Terje Mårstad og hans vakre frue feira 15 års bryllupsdag denne kvelden og det vart sjølvsagt markert, eit herlig par. Vår alles Solvår fekk forseinka 70årspresang frå Lady&Landstryker’n som ikkje hadde hatt høve til å koma i dagen hennar. Irene hadde strikka ei flott lue der det stod ”Solvår+Dans= Sant”.

Torsdag på dagtid så var me først og fekk oss gratis kaffi og vafler på Sjømannskirken si samling og det var veldig intressant å høyra kva arbeidet deira gjekk ut på i Thailand. Støtta dei økonomisk gjorde dei som ville og det trur eg var mange for presten måtte tøma kruset for pengar fleire gonger. Seinare på dag vart me underholdt av alle artistane i ”gata vår”, nokre trivelege timar og topp stemning. Lady&Landstryker’n stillte opp istadenfor Gutta frå Scandinavia sidanSteinar Storm Kristiansen alt hadde returnert til heimlandet. Så klokka 16 var det klart for bryllup på stranda og der var me vitne til at Hilde og Trond gav kvarandre sitt ja, bruda i ein nydelig kjole. Ein innholdsrik dag med andre ord!

 

Kvelden og resten av dansegallaen kjem i del 2.

161110-thailand-del-1-ake-1
161110-thailand-del-1-ake-2
161110-thailand-del-1-ake-3
161110-thailand-del-1-ake-4
161110-thailand-del-1-ake-5
161110-thailand-del-1-ake-6
161110-thailand-del-1-ake-7
161110-thailand-del-1-ake-8
161110-thailand-del-1-ake-9
161110-thailand-del-1-ake-10
161110-thailand-del-1-ake-11
161110-thailand-del-1-ake-12
161110-thailand-del-1-ake-13
161110-thailand-del-1-ake-14
161110-thailand-del-1-ake-15
161110-thailand-del-1-ake-16
161110-thailand-del-1-ake-17
161110-thailand-del-1-ake-18
161110-thailand-del-1-ake-19
161110-thailand-del-1-ake-20
161110-thailand-del-1-ake-21
161110-thailand-del-1-ake-22
161110-thailand-del-1-ake-23
161110-thailand-del-1-ake-24
161110-thailand-del-1-ake-25
161110-thailand-del-1-ake-26
161110-thailand-del-1-ake-27
161110-thailand-del-1-ake-28
161110-thailand-del-1-ake-29
161110-thailand-del-1-ake-30
161110-thailand-del-1-ake-31
161110-thailand-del-1-ake-32
161110-thailand-del-1-ake-33
161110-thailand-del-1-ake-34
161110-thailand-del-1-ake-35
161110-thailand-del-1-ake-36
161110-thailand-del-1-ake-37
161110-thailand-del-1-ake-38
161110-thailand-del-1-ake-39
161110-thailand-del-1-ake-40
161110-thailand-del-1-ake-41
161110-thailand-del-1-ake-42
161110-thailand-del-1-ake-43
161110-thailand-del-1-ake-44
161110-thailand-del-1-ake-45
161110-thailand-del-1-ake-46
161110-thailand-del-1-ake-47
161110-thailand-del-1-ake-48
161110-thailand-del-1-ake-49
161110-thailand-del-1-ake-50
161110-thailand-del-1-ake-51
161110-thailand-del-1-ake-52
161110-thailand-del-1-ake-53
161110-thailand-del-1-ake-54
161110-thailand-del-1-ake-55
161110-thailand-del-1-ake-56

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også