De Danseglade


160529 Sauda TOPP

D.D.E. rocka publikum under Saudadagane

Scandic Hell
På forsiden akkurat nå

I mange år har eg hatt lyst å vitja Saudadagane når eg har sett det rikholdige programmet deira for både store og små. I år klaffa det og for ein opplevelse eg fekk, ikkje mist takka vera D.D.E. som  hadde turnèåpning denne laurdagskvelden. Bandet kom utkvilte og opplagte til Sauda etter å ha hatt jomfruturen med ”eige” fly frå Værnes til Haugesund. Billettane for kvelden var utsolgte og 1500 forventningsfulle hadde samla seg og eg kan lova dei fekk valuta for pengane. Å sei at det kokte i storteltet er ingen overdrivelse, og allsangen ljoma både under låtar som ”Rompa Mi” og vakre ”Vinsjan På Kaia”. Eit fantastisk liveband som hadde topp lyd og flott lyssetting og for ein trønderrockelskar som meg så var dette stort!

Etter at D.D.E. var ferdige vart det ein pause på ein time medan det meste av utstyret var rigga ned og det var gjort klart for Ole Ivars. Lang pause tenkjer du kanskje, men det føltes heilt rett for då fekk denne fantastiske konserten synka inn, og ein smule genialt var det at det var Ole Ivars musikk som seiv ut i teltet frå anlegget og på den måten fekk me ein fin overgang. Siste timen stod Ole Ivars på scena og gav oss flott dansemusikk i kjent stil og folk svinga seg på dansegolvet. Var nok mange som hadde venta på dei.  Ein særdeles opplagt Tore Halvorsen meinte dei var heldige som fekk koma etter D.D.E. med så masse folk i teltet.  For ein kveld dette vart og for ein avsluttning på eit flott arrangement. 28. mai 2016 legg seg garantert i minneboka mi.

Tidlegare på laurdagen hadde det vore loppemarked, kjøretøykortesje/utstilling, andeslepp med hovedpremie på 25.000 og ikkje minst tok me imot dei som hadde sykla Haugesund-Sauda. Veldig synd at regnet no hadde komt etter at det hadde vore eit nydeleg vêr sidan arrangementet starta 24.mai, men det hindra ikkje folk å stilla opp i hopetal. 391 deltok i rittet og vinnar vart Erlend Blikra fra Stavanger SK og beste dame var Kjersti Aanderaa fra Sandnes SK.

Eg kom til Sauda fredagen, men neste gang vil eg prøva få med meg mykje meir av arrangementet på denne flotte plassen. Eg var så heldig at eg fekk parkera bubilen i båthavna, 100 kr dagen med straum og tilgang til fine sanitæranlegg og berre nokre minutt til sentrum. Elles stod det bubilar på kaien og mange hos arrangøren Sauda Ferie & Fritid, 60 i alt.

Fredagskvelden fekk eg høyra Leif & Kompisane live for første gang og det var eit hyggelig musikalsk bekjentskap. Litt ut i settet kom dei mest kjente låtane og då vart det liv og røre. Etter dei kom den dyktige gjengen i Rune Rudberg Band og me fekk høyra både nye og ikkje minst kjente og kjære låtar og eg vert stadig imponert over ungdomar som står framfor scena og syng av full hals. Bandet showa og kosa seg på scena og sidan Rune skulle vidare til Stavanger og opptre på ”We love the 80’s” dagen etter saman med ein heil haug med kjendisar for å sitera han sjølv, så fekk dei oppleva litt av Sauda i ro og mak dagen etter.  Rundt 600 var samla i teltet denne fredagskvelden.

Eg kjem nok garantert tilbake til Saudadagane, for dette gav meirsmak.

160529 Sauda AKE (1)
160529 Sauda AKE (2)
160529 Sauda AKE (3)
160529 Sauda AKE (4)
160529 Sauda AKE (5)
160529 Sauda AKE (6)
160529 Sauda AKE (7)
160529 Sauda AKE (8)
160529 Sauda AKE (9)
160529 Sauda AKE (10)
160529 Sauda AKE (11)
160529 Sauda AKE (12)
160529 Sauda AKE (13)
160529 Sauda AKE (14)
160529 Sauda AKE (15)
160529 Sauda AKE (16)
160529 Sauda AKE (17)
160529 Sauda AKE (18)
160529 Sauda AKE (19)
160529 Sauda AKE (20)
160529 Sauda AKE (21)
160529 Sauda AKE (22)
160529 Sauda AKE (23)
160529 Sauda AKE (24)
160529 Sauda AKE (25)
160529 Sauda AKE (26)
160529 Sauda AKE (27)
160529 Sauda AKE (28)
160529 Sauda AKE (29)
160529 Sauda AKE (30)
160529 Sauda AKE (31)
160529 Sauda AKE (32)
160529 Sauda AKE (33)
160529 Sauda AKE (34)
160529 Sauda AKE (35)
160529 Sauda AKE (36)
160529 Sauda AKE (37)
160529 Sauda AKE (38)
160529 Sauda AKE (39)
160529 Sauda AKE (40)
160529 Sauda AKE (41)
160529 Sauda AKE (42)
160529 Sauda AKE (43)
160529 Sauda AKE (44)
160529 Sauda AKE (45)
160529 Sauda AKE (46)
160529 Sauda AKE (47)
160529 Sauda AKE (48)
160529 Sauda AKE (49)
160529 Sauda AKE (50)
160529 Sauda AKE (51)
160529 Sauda AKE (52)
160529 Sauda AKE (53)
160529 Sauda AKE (54)
160529 Sauda AKE (55)
160529 Sauda AKE (56)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også