De Danseglade


IF

BRIS og Steinar Engelbrektson Band på Radøy

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Laurdag 14. mai var det duka for dansegalla i Hordabøhalen på Radøy og Hordabø IL stod som arrangør. Det var sol og fint vêr denne laurdagen, men ein smule vindfullt. Buss, bubilar og campingvogner kom etterkvart, og rundt 300 danseglade var innom dørane i denne fine hallen. Smilande og blide vakter var på plass og på slutten av kvelden tok fleire av dei seg likegodt ein svingom på dansegolvet, for alt gjekk stillt og roleg for seg.

Medlemane i BRIS og Steinar Engelbrektson Band var begge i strålande godt humør og det sette sitt preg på kvelden. Det var veldig kjekt å høyra SEB att, og ikkje minst få høyra live mange av låtane frå den nyleg utgjevne plato. Sissel Lunde Sundby var på heimebane å rekna og Steinar let ho verkeleg få sleppa til. Kjempedyktig dame som har sett sitt preg på bandet. At karane i BRIS kosa seg på scena var tydeleg for det var skikkeleg driv i dei og me fekk fleire musikalske perler av dei i løpet av kvelden. Mange danseglade hadde funne veien til Bøvågen og svinga seg på det gode dansegolvet.

Banda sine lydteknikarar Eirik Paulsen og Oddmar Varpe fortjener skryt for god og behageleg lyd og arrangøren gjorde sitt for at både musikarar og oss tilreisande skulle trivast. Ein topp kveld, vel verdt fleire timars reiseveg.

 

IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF
IF

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også