De Danseglade


kasen-topp

Bris og Rune Rudberg Band i Kåsenhallen

Trettenfestivalen
På forsiden akkurat nå

Saman med to gode venninner og min beste dansepartner gjekk den lange turen til Kåsen som ein leik. Me tok inn på hotell, men det var fine parkeringsforhold rett ved hallen. Ein stor overraskelse var det at me 3 damene – gjennom kameraten vår – vart inviterte på nydeleg middag kl 16, oppe på idrettsplassen. Ein mildt sagt velsmakande forrett, potetgryte, laks, koteletter, salat og nydelig saus stod på menyen. Her hadde me ei triveleg stund før me drog nedatt på Bryne Kro & Hotell og stelte oss for kvelden.

Artistane fekk og ei unik oppdekking, dei var nemleg til raspeballe(komle)middag heime hos Eli Steinbru, dama som har med forhåndsbestillingane å gjera.

Bris og Rune Rudberg Band spelte saman i Kåsenhallen også for halvanna år sidan, dei samarbeider godt i lag desse jordnære karane. Bris starta kl 20 og så veksla dei på kvar heile time. Siste øktene varte 45 minutt, slik at arrangementet slutta kl 01:30. Bra trøkk og fin lyd takka vera deira lydmenn, Eirik Paulsen og Kjetil Wernersen. Rune Ruberg Band hadde og ein flott stand inne i salen.

Borda i Kåsenhallen var som vanleg pynta med masse telys og lyngblomar og alle som hadde bestilt hadde fått bordet merka med sitt navn. Hyggelege vakter viser oss plassane våre. Eg tok meg ein runde rundt, og såg det var mange som hadde bestilte i lag og det er jo kjekt å sitja med venene sine. Her snakkar me om mykje forarbeid, i Kåsenhallen overlet dei ingenting til tilfeldigheitene. Her var tre serveringsstader for drikke og ein for mat. Fin garderobe og ikkje minst hyggelege vakter.

Det vart ein strålande fin kveld med to band i storform. Eg klarte jammen dansa meg sårføtt og det er lenge sidan, men det var berre å skifta til lavare sko og fortsetja kvelden. Sånn vert det når eg har min beste dansepartner innan rekkevidde. Veldig gledeleg var det at så mange var igjen på dansegolvet då Rune Rudberg, med sin flotte karakteristiske stemme, og bandet avslutta kvelden. 1. april er Kåsen IL sitt neste arrangement, då med Contrazt og Pia Philgrens.

img_6149
img_6151
img_6153
img_6154
img_6155
img_6156
img_6157
img_6158
img_6159
img_6179
img_6180
img_6183
img_6184
img_6192
img_6200
img_6205
img_6211
img_6218
img_6219
img_6220
img_6223
img_6230
img_6236
img_6243
img_6244
img_6245
img_6246
img_6252
img_6255
img_6276
img_6277
img_6286
img_6288
img_6295
img_6296
img_6304
img_6314
img_6320
img_6321
img_6323
img_6327
img_6334-3
img_6335
img_6341-2
img_6343-2
img_6345
img_6348
img_6353
img_6354

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også