De Danseglade


150816 Tysnes TOPP

Vellukka 10års jubileum i Tysneshallen

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Tradisjonen tru var det siste helga før skulestart duka for Dansegalla i Tysneshallen, og igjen hadde arrangøren Tysnes Musikklag lagt alt til rette for at publikum og artistar skulle trivast. Langveisfarande Contrazt fekk oppleva atmosfæren og maten på ikkje ukjente Haaheim Gaard, noko dei  sette dei stor pris på. Ein fantastisk opplevelse,  var tilbakemeldingane arrangøren fekk. Elles mangla ikkje banda noko, sjå berre det nydelig danderte fruktfatet dei kunne forsyna seg av.

Grusplassen rett nedforbi hallen fyltes opp med boeinheiter alt fredagen, og fleir kom til på laurdagen.  Stas med fine dusj- og toalettanlegg i umiddelbar nærleik. På dagtid laurdag vart det seldt nysteikte vafler og bowling kunne ein og få prøva seg på i hallen.

BRIS starta dansen kl 20 og Contrazt overtok kl 21, slik veksla dei på fram til kl 02 og stemninga og dansegleda blandt publikum  var det ingenting å sei på. Banda utfylte kvarandre på ein fin måte. Borda var pynta med fine dukar og dei farga lyskastarane langs veggene gjorde hallen koseleg.  Tysnes Musikklag med Lars Petter Epland overrakte ” Tysnes i bilder”  til Gunnar Engevik i BRIS og Leif Dybendal i Contrazt, i samband med at desse tidlegare i sommar drog av med seieren om Gullskoen 2015 som hhv.  Årets Tekstforfatter og Årets Musiker (for 2. gang).  Ein fin gest.

Det er alltid mange tilreisande på dette arrangementet, og veldig kjekt er det  å merka seg at fleir og fleir kjem frå dansemiljøa i Bergensregionen.  Nokre kjører faktisk fram og tilbake, sjølv om returen tar mange timar sidan ferja ikkje går om natta. Det er tydeleg at folk likar seg godt og talen var klar frå ein gjeng frå Vikebygd som var der for første gang : Veldig kjekt, me kjem garantert tilbake ! Det er slike tilbakemeldingar som gjev alle dei mange iherdige og dyktige arrangørane  rundtom i landet vårt motivasjon til å fortsetja, og det gjeld nok for Tysnes Musikklag og !

150816 Tysnes AKE (1)
150816 Tysnes AKE (2)
150816 Tysnes AKE (3)
150816 Tysnes AKE (4)
150816 Tysnes AKE (5)
150816 Tysnes AKE (6)
150816 Tysnes AKE (7)
150816 Tysnes AKE (8)
150816 Tysnes AKE (9)
150816 Tysnes AKE (10)
150816 Tysnes AKE (11)
150816 Tysnes AKE (12)
150816 Tysnes AKE (13)
150816 Tysnes AKE (14)
150816 Tysnes AKE (15)
150816 Tysnes AKE (16)
150816 Tysnes AKE (17)
150816 Tysnes AKE (18)
150816 Tysnes AKE (19)
150816 Tysnes AKE (20)
150816 Tysnes AKE (21)
150816 Tysnes AKE (22)
150816 Tysnes AKE (23)
150816 Tysnes AKE (24)
150816 Tysnes AKE (25)
150816 Tysnes AKE (26)
150816 Tysnes AKE (27)
150816 Tysnes AKE (28)
150816 Tysnes AKE (29)
150816 Tysnes AKE (30)
150816 Tysnes AKE (31)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også