De Danseglade


151011 Kåsen AKE (17)

Topp stemning i Kåsenhallen

På forsiden akkurat nå

Den 11. oktober var det klart for Kåsen IL sitt haustarrangement og denne gongen var det PK & Dansefolket og Steinar Engelbrektson Band som delte scena. Sistnevte var tidleg på plass i den fint pynta hallen og gjekk i gang med rigging og lydsjekk. Det vart ei lang økt for dei, for PK skulle nytta same anlegget og ting tok tid.

Heile gjengen vart imidlertid belønna med raspeballar (komler/ball) etter at alt var klart, jammen godt dei ikkje skulle dansa etter ein slik kraftig middag. Slik eg forstod det så var det PK som hadde denne retten øverst på ønskelista og kva gjer ikkje Kåsen IL for artistane, imponerande arbeid. Sjølv var eg denne gongen tilbake på Bryne Kro og Hotell som ligg i grei gåavstand frå hallen. Ei smakfull renovering hadde tydelegvis vore gjennomført sidan sist eg budde der.

Arrangøren opna dørene kl 19:30 og etter kvart som publikum kom så vart dei vist til plassen sin av hyggelege vakter. Her er nemleg borda merka med nummer + navn på den som har bestilt, og berre det må vera eit formidabelt forarbeid.

Steinar og bandet starta kl 20 og eg må sei det er imponerande å klara få til allsang på andre låta, men da skjedde då dei spela ”4 timer igjen”. Bandet veksla med PK som fekk æra av å avslutta kvelden, og overraskande mange var på golvet fram mot 01:30. Billettar opp mot arrangøren si max grensa på 820 var solgt og det vart ein flott kveld med mange danseglade på golvet. Lydmannen til SEB, Oddmar Varpe, gjorde nok ein gong ein kjempejobb som resulterte i god lyd gjennom heile kvelden.

Me kunne få kjøpa bl.a. laupskaus og den kan eg skriva under på var skikkeleg god, elles så fekk me det meste ut i drikkevarer. Her var tilgang til romsleg garderobe, og rydding på borda var upåklageleg. Vaktene var stilige i svarte bukser og kvite skjorter med refleksvester utanpå, og sjefen sjølv – populært kalla Leffi – pynta seg like godt med tversoversløyfe. Her kjører dei stil, ikkje rart dette er eit populært arrangement – ei heller at dei er vinnar av Gullskoen Årets Arrangør 2013.

Det er berre å gleda seg til neste dansegalla i Kåsenhallen 2.april 2016, då med AristoCats og Ingemars på scena.

151011 Kåsen AKE (1)
151011 Kåsen AKE (2)
151011 Kåsen AKE (3)
151011 Kåsen AKE (4)
151011 Kåsen AKE (5)
151011 Kåsen AKE (6)
151011 Kåsen AKE (7)
151011 Kåsen AKE (8)
151011 Kåsen AKE (9)
151011 Kåsen AKE (10)
151011 Kåsen AKE (11)
151011 Kåsen AKE (12)
151011 Kåsen AKE (13)
151011 Kåsen AKE (14)
151011 Kåsen AKE (15)
151011 Kåsen AKE (16)
151011 Kåsen AKE (17)
151011 Kåsen AKE (18)
151011 Kåsen AKE (19)
151011 Kåsen AKE (20)
151011 Kåsen AKE (21)
151011 Kåsen AKE (22)
151011 Kåsen AKE (23)
151011 Kåsen AKE (24)
151011 Kåsen AKE (25)
151011 Kåsen AKE (26)
151011 Kåsen AKE (27)
151011 Kåsen AKE (28)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også