De Danseglade


141227 Fusa AKE topp

Romjulsfest med Bris på Fusa

TrettenfestivalenStorås
På forsiden akkurat nå

Andre juledag klokka 20 opna Fusa Samfunnhus dørane for sin tradisjonsrike romjulsfest. Det var tydeleg at mange følte behov for å ta ein tur ut i jula og kosa seg, for nærare 200 hadde funne vegen til dette ikkje alt for store, men koselege samfunnshuset på Fusa.

Vanlegvis plar festen starta med litt underholdning, men det hadde dei ikkje klart få til dette året. I velkomst talen vart festdeltakarane difor – på ein humoristisk måte – oppmoda om å stå for underholdninga sjølve. På menyen stod biffgryte, fløtegratinerte poteter og salat – eit deilig avbrekk frå all den ”tunge” julematen.

Etterpå spelte Bris opp og det var fullt på dansegolvet heile kvelden. Dei frammøtte var tydelegvis ikkje avhengig av underholdning for å koma i stemning, for her var berre smilande folk å sjå og det var tydeleg at bandet storkosa seg på scena.

Eg har alltid likt meg på dans på Fusa, her er veldig bra dansegolv og veldig koseleg lokale. Trivelege vakter frå nabobygdene var på plass denne kvelden, ei veldig grei ordning som desse bygdene har seg imellom. Prisane skremde heller ingen : 400 var CC for mat og dans, og for 200 kroner kunne ein få kjøpt ei flaske vin om det frista. Det vart verkeleg ein flott kveld som gjekk så alt for fort, men slik er det når eg er så priviligert at eg får kosa meg saman med gode vener og bekjente.

141227 Fusa AKE (1)
141227 Fusa AKE (2)
141227 Fusa AKE (3)
141227 Fusa AKE (5)
141227 Fusa AKE (6)
141227 Fusa AKE (7)
141227 Fusa AKE (8)
141227 Fusa AKE (9)
141227 Fusa AKE (10)
141227 Fusa AKE (11)
141227 Fusa AKE (12)
141227 Fusa AKE (13)
141227 Fusa AKE (14)
141227 Fusa AKE (15)
141227 Fusa AKE (16)
141227 Fusa AKE (17)
141227 Fusa AKE (18)
141227 Fusa AKE (19)
141227 Fusa AKE (20)
141227 Fusa AKE (21)
141227 Fusa AKE (22)
141227 Fusa AKE (23)
141227 Fusa AKE (24)
141227 Fusa AKE (25)
141227 Fusa AKE (26)
141227 Fusa AKE (27)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også