De Danseglade


150627 Modalen AKE TOPP

Plateslepp og bryggjedans

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Siste helga i juni var det igjen duka for dei tradisjonsrike Modalsdagane, helga då innbyggjartalet i Noregs nest minste kommune angjeveleg dobblar seg.

Programmet starta fredagen med underhaldning for born og så var det offisiell opning av kunstgrasbana. På Mobryggja var det kunstutstilling av Elva Hreidarsdottir og konsert på Bryggjeslottet med RAZIKA. Ein del båtar kom alt fredagen, men laurdagen kom storinnrykket og rundt 50 låg ved kai og i havna. Mange boeinheiter var på plass på gratiscampingen som låg i gåavstand til bryggja, og dei kosa seg tydelegvis der sjølv om mange tidlegare var vane med å bruka idrettsbana som no var blitt kunstgrasbane. Vektarar hadde ansvar for vakthaldet her om nettene. Frå ein anna campingplass som låg litt lenger vekke, gjekk det gratis buss til og frå dansen.

Laurdagen kunne ein starta dagen med dynamisk yoga og gratis Coop frukost. Klokka 11 kom den flotte veteranbåten D/S Oster som vart bygd i 1908 og her kunne me få kjøpa både mat og mykje anna. Visste du forresten av låta «Dar Kjem Dampen» som Ivar Medaas gjorde kjent, er skriven til ære for nettopp denne båten?

Mange utstillarar var no komen på plass og ordførar Knut Moe helsa dei frammøtte og så var det tid for familieshow og konsert med dei dyktige musikarane i Good Time Charlie, eit band verdt å sjekka ut. Andeløpet litt seinare på ettermiddagen var tydelegvis populært, for over 250 ender til 50 kr per stykk vart selde, og det var kanskje ikkje så rart for Idrettslaget hadde flotte premiar. På dagtid var god og variert mat å få kjøpt i tillegg til mykje anna som kunne frista.

Om kvelden spelte BRIS nok ein gong opp til dans på Mobryggja og rundt 500 hadde funne vegen hit og mange av dei  svinga seg flittig i dansen. Det vart litt kaldt utover natta, men stemninga var det ingentig å sei på for her kosa folk seg. Eg er alltid spent på  «dansegolvet» på slike utedansar, men hellene var overraskande lett å svinga seg på sjølv med mjuke sålar på danseskoene.

Ei flott helg med mange aktiviteter, knall musikk og ei naturperle av ein plass kunne eg sjå tilbake på då eg reiste heim.  Skulle så gjerne fått med meg kyrkjekonserten med Sigvart Dagsland og, men den byrja ikkje før klokka 18 søndagen, så det vart litt lengje å venta.

150627 Modalen AKE (8)
150627 Modalen AKE (9)
150627 Modalen AKE (6)
150627 Modalen AKE (7)
150627 Modalen AKE (5)
150627 Modalen AKE (3)
150627 Modalen AKE (4)
150627 Modalen AKE (27)
150627 Modalen AKE (25)
150627 Modalen AKE (26)
150627 Modalen AKE (24)
150627 Modalen AKE (22)
150627 Modalen AKE (23)
150627 Modalen AKE (21)
150627 Modalen AKE (20)
150627 Modalen AKE (2)
150627 Modalen AKE (19)
150627 Modalen AKE (18)
150627 Modalen AKE (16)
150627 Modalen AKE (17)
150627 Modalen AKE (15)
150627 Modalen AKE (14)
150627 Modalen AKE (12)
150627 Modalen AKE (13)
150627 Modalen AKE (11)
150627 Modalen AKE (1)
150627 Modalen AKE (10)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også