De Danseglade


150928 Oktoberfest AKE (11)

På oktoberfest i september

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Eg må berre innrømma at i min naivitet så har eg trudd at Oktoberfest skulle vera i oktober, men no har eg lært at feiringa kan starta ei viss tid før sjølve månaden. Ser eg litt på historien så er festen ein tradisjon som kjem frå delstaten Bayern i Tyskland og vart første gang arrangert her i landet i år 2000 på Leira i Valdres, og etter det har det verkeleg bredt om seg. Han som arrangerte den første norske Oktoberfesten var opprinneleg frå Tyskland, men hadde då busett seg i Norge. Mange typar tysk øl og bl.a. forskjellige typer pølser er vel det dei fleste forbinder med ein slik fest, i tillegg til flotte kostymer og sjølvsagt drikkeviser.

Eg tok turen til Stord, som ikkje er lage biten for meg, og sjekka inn på fine Stord Hotell for å oppleva dette for første gang. At oktoberfest ikkje har tiltala meg noko særleg tidlegare kjem vel kanskje av at eg ikkje er noko glad i øl, som jo er ein stor del av festen for her drikk ein som regel i store krus.

Tyrolerorkesteret Midtun Pavillion Orkester frå Bergen sette oss i Oktoberfeststemning med musikken sin medan me inntok nydelig mat og drikke. Det eg gjerne skulle sett, var at det hadde vore trykt opp sangar slik at allsangen/drikkevisene verkeleg hadde teke av. Polonaise vart det imidlertid traisjonen tru spela opp til. Tyrolerorkesteret sette sitt preg på kvelden og mange av dei vart igjen på dansen og var flittige på dansegolvet då Brisovertok stafettpinnen.

Må no vera ærlig å sei at eg savna John-Steinar Sandven sitt eminente saxofonspel litt denne kvelden, men når det er sagt så gjorde evigunge Reidar Bakke ein kjempejobb som stedfortreder på keyboard. Bakke hadde tydelegvis heldt vedlike sine kunster frå tida med Kivi, både sang eller spel, og han glei rett inn i resten av Bris gjengen som kosa seg på scena takka vera eit flott publikum.

Det vart ein skikkeleg trivleg kveld, her var god stemning og folk var flittige på dansegolvet og deriblandt var eit par som feira gullbryllupet sitt og dei fekk sjølvsagt Bris sin siste cd som gave. Eit utruleg flott par som bevegde seg rundt på dansegolvet med ein stil som mange kunne misunna dei. Dei kunne gått rett inn i ein reklame på at «dans held ein ung».

Til neste år trur eg at eg må anskaffa med eit kult oktoberfestkostyme for det er ikkje tvil om at dei flotte draktene set ein ekstra spiss på ein slik fest. Oktoberfest gav verkeleg meirsmak, sjølv for ein ”ikkjeøldrikkar” som meg.

150928 Oktoberfest AKE (32)
150928 Oktoberfest AKE (31)
150928 Oktoberfest AKE (30)
150928 Oktoberfest AKE (29)
150928 Oktoberfest AKE (28)
150928 Oktoberfest AKE (27)
150928 Oktoberfest AKE (26)
150928 Oktoberfest AKE (25)
150928 Oktoberfest AKE (24)
150928 Oktoberfest AKE (23)
150928 Oktoberfest AKE (22)
150928 Oktoberfest AKE (21)
150928 Oktoberfest AKE (20)
150928 Oktoberfest AKE (19)
150928 Oktoberfest AKE (18)
150928 Oktoberfest AKE (17)
150928 Oktoberfest AKE (16)
150928 Oktoberfest AKE (15)
150928 Oktoberfest AKE (14)
150928 Oktoberfest AKE (13)
150928 Oktoberfest AKE (12)
150928 Oktoberfest AKE (11)
150928 Oktoberfest AKE (10)
150928 Oktoberfest AKE (9)
150928 Oktoberfest AKE (8)
150928 Oktoberfest AKE (7)
150928 Oktoberfest AKE (6)
150928 Oktoberfest AKE (5)
150928 Oktoberfest AKE (4)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også