De Danseglade


150314 Melodi Grand Prix AKE (15)

MGP-finalen 2015 – ei oppleving!

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Eg  forlot mitt vakre Vestland i eit nydeleg vêr fredagen og sette kursen mot Oslo, Melodi Grand Prix-finalen var i sikte. Spennande at Contrazt, som eg har vore på utalllige dansetilstellingar med, var i finalen.

På laurdagen etter litt shopping og ein rusletur i byen saman med gode vener, var eg så heldig at eg fekk fylgja i hælane på ein gjeng frå fanklubben til Contrazt. Først til Egon Restaurant der det var dekka til langbord, og så til Oslo Spektrum. I Spektrum hadde eg ikkje vore sidan eg var på Dixie Chicks-konsert i fjor, så eg gleda meg stort. Eg fekk topp plasser saman med fanklubben, full oversikt og etterkvart var spenninga rundt meg til å ta og føla på. Plakatane dei hadde laga for anledningen, vart flittig brukt. Her var det viktig å verta sett, ikkje minst når Contrazt var på scena.

Dette vart verkeleg ei stor oppleving, og eg tok meg i sitja tenkje på kor mykje planlegging, forarbeid, øving og atter øving som kreves for nokre timars TV sending. Slikt har eg aldri reflektert over når eg har sete heime i godstolen.  Eit flott show trygt leda av Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen vart det. Ja rett og slett nokre uforgløymelege timar som gjekk utruleg fort, eg vart reven med av den herlige spente stemninga i salen.

Etter eit spragande opningsshow der både artistar og programledarar var involvert gjekk det ikkje lenge før det heile var i gang. Erlend Bratland fekk æra av å vera førstemann ut, deretter følgde Raylee, Tor & Bettan, Jenny Langlo, IRA, Contrazt, Marie Klåpbakken, Staysman & Lazz, Mørland & Debra Scarlett, Alexandra Joner og til slutt Karin Park. I  pausane fekk me gjenhøyr med Bobbysocks og  fjorårsvinnar Carl Espen Thorbjørnsen. Det var flott å høyra Kringkastingsorkesteret saman med mange av artistane.

Spenninga var stor då dei fire som gjekk vidare til Gullfinalen skulle offentleggjerast. Ved å presentera ein og ein og la dei få framføra  låta ein gong til gjorde at spenninga heldt seg lenge, og  det vart nok ekstra nervepirrande for artistane vil eg tru.

Etter Contrazt sin opptreden trur eg alle som hadde kome tilreisande for å støtta dei øyna ein sjanse for at dei skulle koma til Gullfinalen, for det er ikkje å stikka under ein stol at bandet var ein av dei som fekk mest applaus etter opptreden sin. Så skjedde imidlertid ikkje, og fansen som sat med flotte plakater og støtta bandet sitt hundre prosent var forståeleg nok skuffa, men eg trur ikkje det gjekk så lenge før dei fokuserte på det positive: Bandet hadde fått synt seg fram for over 1,2 millionar TV-sjåarar og ikkje minst: Dei hadde vore blant dei elleve som var kom gjennom nålauga og til finalen. Fansen var stolt over det bandet hadde gjort, og bandet var stolte av fansen, familie og vener som gav dei slik fantastisk støtte under sendinga. Rørande med slik støtte, sa Gro Anita etterpå, og presiserte at alle plakatane til fanklubben hadde dei lagt merke til.

Dei fire som gjekk vidare til Gullfinalen var Tor & Bettan, Erlend Bratland, Staysman & Lazz og Mørland & Debra Scarett, og som nesten 1,4 millinoar tv-sjåarar fekk med seg så er det dei sistnevnte med «A Monster Like Me» som skal representera Norge i Wien 23. mai då Eurovision Song Contest vert  arrangert for 60. gang. Ein kamerat av meg sa då dei sang låta for tredje gang:  «Då  dei stod rygg mot rygg og sang mot slutten, då fekk eg ståpels», så det er berre å ønska dei lykke til i Wien!

Helga vart avslutta med eit besøk på Operataket og jammen fekk eg eit siste blikk av ein sprudlande opplagt Contrazt gjeng som gjorde seg klare for heimreise etter nokre hektiske, men opplevelserike veker i Oslo.

150314 Melodi Grand Prix AKE (1)
150314 Melodi Grand Prix AKE (2)
150314 Melodi Grand Prix AKE (3)
150314 Melodi Grand Prix AKE (4)
150314 Melodi Grand Prix AKE (5)
150314 Melodi Grand Prix AKE (6)
150314 Melodi Grand Prix AKE (7)
150314 Melodi Grand Prix AKE (8)
150314 Melodi Grand Prix AKE (9)
150314 Melodi Grand Prix AKE (10)
150314 Melodi Grand Prix AKE (11)
150314 Melodi Grand Prix AKE (12)
150314 Melodi Grand Prix AKE (13)
150314 Melodi Grand Prix AKE (14)
150314 Melodi Grand Prix AKE (15)
150314 Melodi Grand Prix AKE (16)
150314 Melodi Grand Prix AKE (17)
150314 Melodi Grand Prix AKE (18)
150314 Melodi Grand Prix AKE (19)
150314 Melodi Grand Prix AKE (20)
150314 Melodi Grand Prix AKE (21)
150314 Melodi Grand Prix AKE (22)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også