De Danseglade


150328 Sunnfjord AKE TOPP

Med Steinar Engelbrektson, Contrazt og Splint i Førde

Letohallen
På forsiden akkurat nå

Vellukka Palmedans på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde med Contrazt, Splint og Steinar Engelbrektson Band.

Etter halvanna time i bil og 3 timar i buss var eg framme ved Førde rutebilstasjonen som for øvrig ligg kloss ved hotellet. Alltid kjekt å koma til dette fine hotellet i Førde, enten det no er ei konserthelg, Nyttårsdans, Sunnfjord CuntryRock eller som denne gongen , den tradisjonsrike ”Palmedansen”.

Etter å ha innteke eit godt måltid så sette eg ganske snart kursen mot Barthold Bar der Steinar Engelbrektson Band som virka vera i knallform denne kvelden, gav oss flott dansemusikk frå kl 21:30 til langt på natt. Over 160 danseglade hadde funne vein hit denne kvelden og sjølv om eg ikkje kunne tillata meg å dansa så mykje som eg trives med, så var det ikkje snakk om å kjeda seg. Å kunna sitja og nyta den flotte melodiøse stemma til Steinar var rett og slett balsam for sjela. Når eg så i tillegg kunne nyta eit fullt dansegolv med smilande og blide danseglade, så vart kvelden ”God knall” for å bruka Ausekarane sitt uttrykk. Lyden stod til terningkast 6 takka vera bandet sin dyktige lydtekniker. Då klokka passerte midnatt hadde bandet sin trommis Tor Ove bursdag, og dette vart markert både då og neste kveld.

Laurdagen var det nok mange som nytta seg av hotellet sin flotte SPA avdeling som vart opna i 2009, andre letta nok lommeboka litt på shopping. Kl 15 var imidlertid SEB på plass att i Barthold Bar for å underhalda oss. Grunna ein liten glipp gjekk det ei stund før kaffi og kaker var på plass slik Steinar haddde annonsert kvelden før, men det kom og det smakte godt. Det vart ein kjekk time og Contrazt gjengen utsette si eiga rigging ei stund for å høyra bandet, og tilbakemeldingane dei kom med var gode. Hans Olav Trøen ønska seg låta ”Jenter i Valdres”, og den fekk han. Ifølge Steinar vart den humoristisk teksten skrive på eit nachtspiel av SEB sin bassist Olav Hammersland.

Så kom kvelden og eg var fornuftig nok til å ta først bordsete i Laxen Restaurant, for det er godt å ha litt tid å ta seg innatt på etter all denne gode maten. SEB var igjen på plass i Barthold Bar og her var mykje folk. Splint, som for anledningen var forsterka med Jørn Bækken på sologitar/bass, fekk æra av å dra det heile i gang i Sunnfjordsalen. Scena delte dei denne kvelden med Contrazt , ja dei brukte faktisk deira PA-anlegg òg. Det må vera fint å kunna samarbeida på den måten. 520 hadde løyst billett til Palmedansen i år, litt mindre enn det som er vanlig, men her var god stemning på tross av litt varierande antall danseglade i salen gjennom kvelden. Splint var i godt slag og Contrazt med Gro Anita og Leif i spissen er no alltid bankers. Veldig kjekt å høyra fleire av låtane frå deira nyaste cd ”Hælj”, live for første gang.

Etter ein vel gjennomført kveld av alle banda og arrangørane Scandic Sunnfjord Hotel & SPA og Engman Artist og Event, så samla alle seg i biblioteket for bevertning slik tradisjonen er. Det er viktig å ta seg godt av artistane, og det vart dei denne helga. Ikkje alle fekk leggja seg i ei god og varm hotellseng etterpå, nokon kjørte den lange veien heim over fjellet etter å lasta i bussen sin. Det MÅ vera kjærligheten til musikken og gleda av å treffa publikum som driv dei til å halda på slik helg etter helg, år etter år. Kan ikkje forstå noko anna.

150328 Sunnfjord AKE (1)
150328 Sunnfjord AKE (2)
150328 Sunnfjord AKE (3)
150328 Sunnfjord AKE (4)
150328 Sunnfjord AKE (5)
150328 Sunnfjord AKE (6)
150328 Sunnfjord AKE (7)
150328 Sunnfjord AKE (8)
150328 Sunnfjord AKE (9)
150328 Sunnfjord AKE (10)
150328 Sunnfjord AKE (11)
150328 Sunnfjord AKE (12)
150328 Sunnfjord AKE (13)
150328 Sunnfjord AKE (14)
150328 Sunnfjord AKE (15)
150328 Sunnfjord AKE (16)
150328 Sunnfjord AKE (17)
150328 Sunnfjord AKE (18)
150328 Sunnfjord AKE (19)
150328 Sunnfjord AKE (20)
150328 Sunnfjord AKE (21)
150328 Sunnfjord AKE (22)
150328 Sunnfjord AKE (23)
150328 Sunnfjord AKE (24)
150328 Sunnfjord AKE (25)
150328 Sunnfjord AKE (26)
150328 Sunnfjord AKE (27)
150328 Sunnfjord AKE (28)
150328 Sunnfjord AKE (29)
150328 Sunnfjord AKE (30)
150328 Sunnfjord AKE (31)
150328 Sunnfjord AKE (32)
150328 Sunnfjord AKE (33)
150328 Sunnfjord AKE (34)
150328 Sunnfjord AKE (35)
150328 Sunnfjord AKE (36)
150328 Sunnfjord AKE (37)
150328 Sunnfjord AKE (38)
150328 Sunnfjord AKE (39)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også