De Danseglade


151105 Thailand AKE (4)

Dansegalla i Thailand 2015 - del 1

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Så var dagen komt, 30. oktober 2015 og eg var klar for å reisa til Thailand. Eg hadde lenge sett fram til turen samstundes som eg grua meg bl.a. for den lange flyturen, men dette vart ein opplevelse for livet! Flyturen med Thai Airways var rolig og behageleg, teppe og hodepute fekk me utlevert og etter at drikke og mat var blitt servert så vart lysa dempa og god anledning til å sova nokre timar. Behageleg atmosfære og ingen stress med kjøp/salg. Einaste eg i etter tid kan setja fingen på er at det var for lenge mellom måltida, spesielt for oss som ikkje sov noko særleg.

Eg reiste med 5. og siste pulje til dansegallaen i Thailand. Eg følte eg vart vel ivaretatt frå eg landa i Bangkok laurdags morgonen og til eg kom til Long Beach Cha Am Hotel etter ein busstur på 3 timar. Guiden vår snakka bra norsk og var ein humoristisk og triveleg kar. Då eg kom fram var det umiddelbart informasjonsmøte og om kvelden var det velkomstmiddag på hotellet, nydeleg mat.

Då eg vakna dagen etter var eg slett ikkje bra i min ømfintlege rygg, men etter å ha vore i kontakt med resepsjonen så kom mjukare madrass på plass og resten av turen var redda.

Mandagen starta det heile og Holmsve, forsterka med Snorre Westrum, som fekk æra av å opna den 5. dansegallaen i Thailand. Joar Petter Holmsve var flittig nede i salen blant publikum, veldig populært. William Jensen var også dette året konferansier under arrangementet. OrkidèEkspressens grûnder Edgar Skjønhals var heller aldri langt unna. I den flotte ballsalen svinga rundt 300 danseglade seg denne kvelden. Dansegolvet var stort og topp å dansa på. At eg no oppheldt meg i ”Smilets land” var det ingen tvil om, navnet ber det med rette for her snakkar me service.

Dagen etter var det full salgsaktivitet i gata utanfor hotellet og Lady&Landstryker’n, Odd Arne Sørensen og den svenske riksspelemannen Thore Hârdlin med sine musikere underheldt og fekk det til å rykkja i dansefoten.

Om kvelden stod Contrazt på scena og det vart nok ei markering av 10 årsjubileet deira ved at William Jensen oppmoda publikum til å samla seg foran scena og syngja bursdagssangen for dei og Edgar Skjønhals delte ut blomar. Contrazt var som vanleg veldig flinke til å få publikum med seg, så her vart det topp stemning.

Neste kveld var det festmiddag i ballsalen og det bugna med nydeleg mat i alle variantar. Nett den kvelden kunne eg ønska meg større mage, for eg følte at eg klarte ikkje få smaka på meir enn halvparten! Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen var på scena innimellom og underheldt i kjent stil, så her vart mykje lått og løye.

Torsdagen var det tid for bryllup. Alle hadde fått beskjed om at nokon skulle gifta seg på stranda, men me var mange som var totalt uvitande om kven det var, så spenninga var difor stor då brudeparet kom ned trappa på hotellet. Den korte veien ned til stranda deltok mange i prosesjonen der Thore Härdelin og to andre spelemenn sette stemningen. Det vart ei rørande stund under vielsen då Anne Nørdsti så vakkert sang «Nå og hele livet», akkompagnert av Tommy Roten frå Holmsve og Odd Arne Sørensen.

Så var me klar dansegallaen’s 3 siste kveldar med Lady & Landstryker’n, Anne Nørdsti og grand finale på laurdagen, men det kjem i del 2.

 

151105 Thailand AKE (1)
151105 Thailand AKE (2)
151105 Thailand AKE (3)
151105 Thailand AKE (4)
151105 Thailand AKE (5)
151105 Thailand AKE (6)
151105 Thailand AKE (7)
151105 Thailand AKE (8)
151105 Thailand AKE (9)
151105 Thailand AKE (10)
151105 Thailand AKE (11)
151105 Thailand AKE (12)
151105 Thailand AKE (13)
151105 Thailand AKE (14)
151105 Thailand AKE (15)
151105 Thailand AKE (16)
151105 Thailand AKE (17)
151105 Thailand AKE (18)
151105 Thailand AKE (19)
151105 Thailand AKE (20)
151105 Thailand AKE (21)
151105 Thailand AKE (22)
151105 Thailand AKE (23)
151105 Thailand AKE (24)
151105 Thailand AKE (25)
151105 Thailand AKE (26)
151105 Thailand AKE (27)
151105 Thailand AKE (28)
151105 Thailand AKE (29)
151105 Thailand AKE (30)
151105 Thailand AKE (31)
151105 Thailand AKE (32)
151105 Thailand AKE (33)
151105 Thailand AKE (34)
151105 Thailand AKE (35)
151105 Thailand AKE (36)
151105 Thailand AKE (37)
151105 Thailand AKE (38)
151105 Thailand AKE (39)
151105 Thailand AKE (40)
151105 Thailand AKE (41)
151105 Thailand AKE (42)
151105 Thailand AKE (43)
151105 Thailand AKE (44)
151105 Thailand AKE (45)
151105 Thailand AKE (46)
151105 Thailand AKE (47)
151105 Thailand AKE (48)
151105 Thailand AKE (49)
151105 Thailand AKE (50)
151105 Thailand AKE (51)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også