De Danseglade


150321 Kasenhallen AKE topp

Fullt hus og kjempestemning på Kåsen

Warner des 17
På forsiden akkurat nå

Endelig var dagen komen då eg skulle nedatt til Kåsen på dansegalla, litt tungt var det å reisa frå eit aldeles nydeleg vêr heime. Det skulle imidlertid visa seg at det var nesten like bra då eg kom fram fire og ein halv time seinare, så det var fina vêret til å foreviga den SORTE SVANE – vakkert syn! Eg måtte sjølvsagt stikka innom hallen, og ikkje uventa var alt der klappet og klart. Rune Rudberg Band var i gang med lydprøvar og gutane i Bris var og komen. Kåsenhallen er vel ein av få idrettshallar der det er investert i lydhimling, noko som nok gjorde arbeidet til banda sine dyktige lydfolk lettare.

Det forarbeidet som Kåsen IL gjer når det gjeld forhåndsbestilling av billettar er berre imponerande. Er det nokon som ønskjer vera isaman, om det er 10 eller 30, så er det ingen problem. På borda er det lappar med navn på på kvar einaste plass ! Her treng du ikkje vera redd for at nokon tek plassen din medan du er ute på dansegolvet, eller tar ein tur ut i bobilen. Over 800 forhåndsbestilte billettar var det denne laurdagen, så nokre få var det att til salg i døra. Kåsen IL har sett ei grense på 840 for det er maks det dei har bordplass til, og dei vil publikum skal ha det bra.

Bris fekk æra av å dra det heile i gang klokka 20, før Rune Rudberg Band tok over. Folk er verkeleg danseglade på Bryne og ikkje minst, dei viser danseglede. Slik stemning som det var i salen spesielt under andre settet til begge banda, er det lenge sidan eg har opplevd. Bris var i storform denne kvelden, tydeleg smitta av all den gode responsen frå publikum og Rune med si karakteristiske flotte stemme framførte då mange av sine velkjente låtar til stor glede for publikum. Eg kan trygt sei det vart sunge så det ljoma i hallen. Kjekt å oppleva to band som viser så stor respekt for kvarandre og ikkje minst gjev uttrykk for det. Ein velvillig gjeng stillte opp til bilde etter at alt var over, smilande og ikkje minst glade over at kveld hadde blitt så flott, takka vera eit fantastisk publikum og ikkje minst ein topp arrangør. Det kunne dei ikkje poengtera nok.

No berre gleder eg meg til haustens dansegalla med PK & Dansefolket og Steinar Engelbrektson Band 10. oktober. Eg har anmeldt mange arrangement, men dette er det einaste som har fått terningkast 6 frå meg, og det fekk dei for mange år sidan! Kva dei får denne gongen kan du lesa i neste nummer av De Danseglade.

150321 Kasenhallen AKE (1)
150321 Kasenhallen AKE (2)
150321 Kasenhallen AKE (3)
150321 Kasenhallen AKE (4)
150321 Kasenhallen AKE (5)
150321 Kasenhallen AKE (6)
150321 Kasenhallen AKE (7)
150321 Kasenhallen AKE (8)
150321 Kasenhallen AKE (9)
150321 Kasenhallen AKE (10)
150321 Kasenhallen AKE (11)
150321 Kasenhallen AKE (12)
150321 Kasenhallen AKE (13)
150321 Kasenhallen AKE (14)
150321 Kasenhallen AKE (15)
150321 Kasenhallen AKE (16)
150321 Kasenhallen AKE (17)
150321 Kasenhallen AKE (18)
150321 Kasenhallen AKE (19)
150321 Kasenhallen AKE (20)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også