De Danseglade


150704 Seljord AKE (3)

15-årsjubilanten Seljordfestivalen feira med stil

Braatthallen h 2018
På forsiden akkurat nå

Så fekk eg gleda av å oppleva den igjen – Seljordsfestivalen – som for meg er eit av årets store høgdepunkt, og igjen fekk eg nokre herlige dagar i Seljord i eit fantastisk vêr. At det for meg tar over fem timer å kjøra vert fort gløymt når eg installerer meg i ei tilkjørt campingvogn i «Lyckliga gatan» der eg holdt til i mange år. Det er stort berre det, å treffa mange som eg ser så altfor sjeldan.

Festivalen var i gang då eg ankom og Splint som hadde fått gleda av å opna det heile, var alt i gang. Litt glissent  på dansegolvet var det, men det tok seg opp etter kvart. Dei vart etterfulgt av AristoCats som vel er det bandet som har spelt flest år på festivalen, 3 Busserulls, deretter kom Rune Rudberg Band og for ei stemning det vart. Det var tydeleg at Rune Rudberg gleda seg over responsen for han var eit einaste stort smil. RRB har ein bussjåfør som ikkje nett er noko A4 type, han kosar seg nemleg med å laga nattmat til karane, imponerande! Bandet hadde fri dagen etter og valgte difor å vera igjen og ei lukka var no det, for då Lasse Stenfanz neste dag – til mange sin store skuffelse – vart forhindra frå å koma, så stillte RRB opp. Splint avslutta denne fine opningskvelden og mange holdt ut.

På torsdagen vart det arrangert båtcruise på Telemarkskanalen, og turen som tok rundt tre timar var det mange som var med på, i eit strålande vêr. Denne turen er og sett opp under Counrtryfestivalen, då har eg meldt meg på.

Festivalen kunne i år som tidlegare år tilby mange forskjellige dansekurs alt frå onsdagen, under trygg leiing av Jan Tore Eriksen. Fredag og laurdag var det stikkamesterskap og på laurdagen var det veteranbiltreff. Showteltet var på plass i år og, og i tillegg til at Odd Arne Sørensen og Olav Trøen fronta festivalen sin hovedsponsor Fjordline, så vart det mange koselege musikkopplevelser der.

Potetbakern, Sterke Nils Saloon og Buffalo Steakhouse & Pizza sørga for at me ikkje gjekk svolte under festivalen. Eg prøvde grilla laksefilet med tilbehør på sistnevnte og den var berre nydelig. På Sjøormen Vinbar kunne den som ville kosa seg med god vin. Eit stort pluss er alle vannstasjonane der me kan fylla opp flaskene våre, og i år var det veldig viktig å drikka masse grunna temperatur rundt 30 grader. Ja, det var så varmt at miksepulten på cafescena måtte få eg ein ørliten pause i 18-tida på fredagen, dei fekk den ikkje under 32 grader!

Torsdagen fekk me høyra  fleire nye band som Anne Nørdsti, Sannex og Mona Jill Band, veldig bra. Arne Benoni og Heidi Hauge opptrådde og. Lasse Johansens Orkester gleda oss med Sven Ingvars Show. Herlig musikk med skikkeleg driv i og for nokre musikere han hadde med seg, her snakka me om speleglede.

Fredagen gjekk det tur til Fjellstøl 750 moh., der Contrazt gledde turgåarane med fin musikk og Frode Aga laga serverte lokal mat og underheldt med knallgode vitsar og folk lo så tårene trilla. Akkurat før avreisa frå festivalområdet så kom einaste perioden under festivalen med regn. Heile dusinet av mine venner som hadde meldt seg på for imidlertid avgarde og det viste seg at det hadde ikkje regna der turen gjekk, så dei hadde hatt ein topp turopplevelse.

Fredag var det musikk frå tre scener og  fleire nye band var på plass : Dænsebændet, E-76, Holidays, The Poor Boys CC Revival Band og ikkje minst Bellamy Brothers. Denne konserten nådde nok ikkje opp til den eg opplevde i Bergen i 2009, men mange av dei gode gamle låtane kom som perler på ei snor, til publikums store glede. Ein høydare fekk eg likevel denne kvelden og, det var då Contrazt avslutta på hovudscena. Dette er noko av det beste eg har høyrt av dei og i tillegg hadde dei topp lyd. Det sat ein innafor sperringane og då han fekk dansa og syngja saman med Gro Anita, ja då strålte han som ei sol. Ein herlig gut med ei genuin musikkintresse.

Så var siste dagen komen og etter å ha vore på Cafescena og dansa så svetten rant etter musikken til  G. Thomas Band tidleg på dag, samt å ha gleda av å høyra nye band på festivalen som Pia Pihlgrens og Picazzo, så vart det i Lyckliga Gatan laga langbord der me kosa oss med deilig grillmat og underholdning. Odd Arne Sørensen var vår gjest og han hadde spelet med seg og trivdes godt i lag med to glade torader-karar. Me fekk besøk av to kjekke vakter som slo av ein hyggeleg prat og ønska oss ein fin kveld vidare.

Eg hadde med meg venner som var på festivalen for første gang og dei var imponert over vakthaldet på campingområdet, og likeeins over reinhald/sanitærforholda. Festivalen har som kjent sitt eige brannkorps og sykebil. Dei er og oppteken av miljø, og ved ankomst vert det utlevert ein svart og ein blank sekk.  Desse vert henta inn/skifta ut fleire gonger under festivalen. Godt og varmt vatn var det i på dusjanlegget, uansett om det var litt seint på dag.

Seinare på kvelden sørga nye band som Hanne Mette Band, Vestlandsfanden og Ole Ivars for  mykje herlig og variert musikk. Problemer med ein ledning gjorde at Ole Ivars ikkje kom i gang då dei skulle, men det tok Tore Halvorsen på strak arm og spurte om me skulle syngja. Publikum let seg ikkje be to ganger og snart ljoma «Jag trodde englerna fanns» nede ved hovedscena, herlig.

Konklusjonen er klar: Ein ny vel gjennomført festival, all honnør til festivalledelsen med Egil H. Moen i spissen, deira trufaste medarbeidarar, vaktselskapet, lyd og lysfolka og ikkje minst alle band som reiser heile Norges land rundt for at me skal få oppleva slike festivaler. Stor takk og til konferansier Kai Robert Johansen – for mange gjerne bedre kjent for sitt eminente trompetspel –  som knytte det heile saman på ein framifrå måte og som var entusiastisk frå A til Å. Godfølelsen etter festivalen kjem til å hengja lenge i kroppen, og når den fer – ja då byrja eg gleda meg til neste år, men først vert det ein tur til Dansefestivalen i Sel for å få enno meir musikalsk påfyll.

150704 Seljord AKE (9)
150704 Seljord AKE (7)
150704 Seljord AKE (8)
150704 Seljord AKE (69)
150704 Seljord AKE (68)
150704 Seljord AKE (66)
150704 Seljord AKE (67)
150704 Seljord AKE (65)
150704 Seljord AKE (64)
150704 Seljord AKE (62)
150704 Seljord AKE (63)
150704 Seljord AKE (61)
150704 Seljord AKE (6)
150704 Seljord AKE (60)
150704 Seljord AKE (59)
150704 Seljord AKE (57)
150704 Seljord AKE (58)
150704 Seljord AKE (56)
150704 Seljord AKE (54)
150704 Seljord AKE (55)
150704 Seljord AKE (53)
150704 Seljord AKE (52)
150704 Seljord AKE (50)
150704 Seljord AKE (51)
150704 Seljord AKE (5)
150704 Seljord AKE (49)
150704 Seljord AKE (48)
150704 Seljord AKE (46)
150704 Seljord AKE (47)
150704 Seljord AKE (45)
150704 Seljord AKE (43)
150704 Seljord AKE (44)
150704 Seljord AKE (42)
150704 Seljord AKE (41)
150704 Seljord AKE (4)
150704 Seljord AKE (40)
150704 Seljord AKE (39)
150704 Seljord AKE (37)
150704 Seljord AKE (38)
150704 Seljord AKE (35)
150704 Seljord AKE (36)
150704 Seljord AKE (34)
150704 Seljord AKE (32)
150704 Seljord AKE (33)
150704 Seljord AKE (30)
150704 Seljord AKE (31)
150704 Seljord AKE (3)
150704 Seljord AKE (28)
150704 Seljord AKE (29)
150704 Seljord AKE (26)
150704 Seljord AKE (27)
150704 Seljord AKE (25)
150704 Seljord AKE (23)
150704 Seljord AKE (24)
150704 Seljord AKE (22)
150704 Seljord AKE (21)
150704 Seljord AKE (2)
150704 Seljord AKE (20)
150704 Seljord AKE (18)
150704 Seljord AKE (19)
150704 Seljord AKE (16)
150704 Seljord AKE (17)
150704 Seljord AKE (14)
150704 Seljord AKE (15)
150704 Seljord AKE (13)
150704 Seljord AKE (11)
150704 Seljord AKE (12)
150704 Seljord AKE (10)
150704 Seljord AKE (1)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også