De Danseglade


150830 Samnanger AKE TOPP

100 års jubileumsdans med Ingemars i storform

På forsiden akkurat nå

Denne siste laurdagen i august hadde eg eigentleg tenkt meg på noko heilt anna, men då eg såg at Ingemars skulle vera i Samnanger – nabokommmunen min – så var eg ikkje sein om å endra planane mine. Nordbygda Ungdomslag feirar i år nemleg 100 årsjubileum og dette var eit av mange arrangement i den samanheng. Det heile starta med en jubileumsfest i januar og på slutten av året så kjem boka om ungdomslaget si 100 år’s historie.

Dørane hadde opna kl 20, men eg vart litt sein og kom inn døra rett før kl 21 og då stod bandet klare på scena, og dansegolvet var fullt frå første låt. ”Krokjen” som ungdomshuset heiter på folkemunne, er ikkje noko stort hus og difor så hadde ikkje arrangøren gått så bredt ut med annonsering då dei tenkte at bygdafolket måtte få 1.prioritet på billettane. Det viste seg imidlertid at bygdafolket ”svikta”, og arrangøren rettar ei stor takk til alle som kom tilreisande og redda kvelden for dei, både økonomisk og elles. Det er eit stort løft å engasjera eit så pass kjent og veletablert band, men dei som var der fekk valuta for pengane for her var det topp stemning og nett passe folk til at det var god plass på det kjempegode dansegolvet. Det var tydeleg at dei 175 betalande storkosa seg. Arrangøren tok imidlertid sjølvkritikk for at dei ikkje hadde gått ut mot eit breidare publikum tidlegare.

Ele Marit Hovland som gjennom ei årrekke har vore ein primus motor i aktivitetsslaget, fylte denne kvelden 60 år og måtte sjølvsagt opp på scena og få mange gode ord med seg. Ho hadde tidlegare vore instruktør for borna, no forstod me at ho konsentrerte seg meir om dansetrim og var danseinstruktør for dei godt vaksne, truleg det me kallar Seniordans.

Odd Arne Sørensen hadde og nyleg hatt bursdag, så det stod kake og venta på karane i eine pausen.

All honnør til Nordbygda Ungdomslag som våga satsa og som saman med den glade gjengen i Ingemars, gav alle oss frammøtte ein flott kveld. Bandet sin lydteknikkar skal og få ein klapp på skuldra. Ein skikkeleg bygdadans i eit lite lokale, og er det noko eg likar så er det nettopp det !

 

150830 Samnanger AKE (1)
150830 Samnanger AKE (2)
150830 Samnanger AKE (3)
150830 Samnanger AKE (4)
150830 Samnanger AKE (5)
150830 Samnanger AKE (6)
150830 Samnanger AKE (7)
150830 Samnanger AKE (8)
150830 Samnanger AKE (9)
150830 Samnanger AKE (10)
150830 Samnanger AKE (11)
150830 Samnanger AKE (12)
150830 Samnanger AKE (13)
150830 Samnanger AKE (14)
150830 Samnanger AKE (15)
150830 Samnanger AKE (16)
150830 Samnanger AKE (17)
150830 Samnanger AKE (18)
150830 Samnanger AKE (19)
150830 Samnanger AKE (20)
150830 Samnanger AKE (21)
150830 Samnanger AKE (22)
150830 Samnanger AKE (23)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også