De Danseglade


Bris Savareid AKE (2)

Vi dansa til Bris i Sævareid

Scandic Hell
På forsiden akkurat nå

Laurdag 25. oktober var det duka for dans i det fine ungdomshuset i den vesle bygda Sævareid. Det var på førehand annonsert med at Bris skulle laga musikkvideo denne kvelden, så det var mange utflytta Sævareidfjordingar som hadde teke turen heim denne helga. At opptaket vart lagt til dansen i Sævareid var nok ikkje tilfeldig, for Gunnar Engevik – Bris sin gitarist og låtskrivar – trødde nemleg sine barneskor i denne bygda.

At det vart laga video av ”Sol Bakom Skyer” denne kvelden, var noko spesielt for dei som kjenner historia bak denne låta som første gong vart framført nettopp i Sævareid, men i ei heilt anna setting. Låtskrivaren fortalte etterpå at det heile var ein rørande opplevelse for han.

Dette ungdomshuset har ein flott sal og ein stor og god kafeteria. Borda var fint pynta med lys og med serviettar i fine haustfarga. Dansegolvet var topp, i baren kunne ein få det meste og hotdog var å få kjøpt for dei som vart svoltne. Det vart ein kjekk kveld med god stemning, og på slutten av kvelden var Øystein Engevik gjestevokalist til stor glede for dei frammøtte.

Han var jo og på heimebane denne kvelden, og det var spesielt å sjå den gode kjemien mellom desse to Engevikbrødrene – dei har nok delt mange gode musikalske opplevingar opp gjennom åra medan dei hadde suksess med KIVI.

Eit vel gjennomført arrangement av Sævareidfjorden Ungdomslag som serverte bandet deilig hjortegryte. Du finn alle bilda under videoen.

Bris Savareid AKE (1)
Bris Savareid AKE (2)
Bris Savareid AKE (3)
Bris Savareid AKE (4)
Bris Savareid AKE (5)
Bris Savareid AKE (6)
Bris Savareid AKE (7)
Bris Savareid AKE (8)
Bris Savareid AKE (9)
Bris Savareid AKE (10)
Bris Savareid AKE (11)
Bris Savareid AKE (12)
Bris Savareid AKE (13)
Bris Savareid AKE (14)
Bris Savareid AKE (15)
Bris Savareid AKE (16)
Bris Savareid AKE (17)
Bris Savareid AKE (18)
Bris Savareid AKE (19)
Bris Savareid AKE (20)
Bris Savareid AKE (21)
Bris Savareid AKE (22)
Bris Savareid AKE (23)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også