De Danseglade


Anne N Tysnes AKE 2014

Triveleg med Anne Nørdsti og Aristocats i Tysneshallen

Storås 2019
På forsiden akkurat nå

Tradisjonen tru var da siste helga før skulestart duka for dansegalla i fleirbrukshallen på Våge. Då eg kom ut eit par timar før dørane skulle opna hadde Tysnes Musikklag gjort alt klappet og klart til å ta imot gjestene. Borda var pynta med nye fine kvite dukar og med fire telys var pplassert på kvart bord. I tillegg var det sett opp farga spotlight på eine langsida – stemningsfullt.

Over 50 bobilar var på plass alt fredagen, og enno fleir kom det laurdagen, totalt var det 85. Frå grusbana er det berre eit steinkast opp til hallen. Ein ting eg har forstått alle som kjem med boeinheit  på denne dansegallaen vert overraska og glade for, er det flotte sanitæranlegget dei får tilgang til og 100 kr pr. døgn med tilgang til straum synes dei er billig. I tillegg er det vanlegvis høve til å ta ein runde eller to med bowling i 2.etasjen i fleirbrukshallen om laurdagen. Nokon hadde nok nytta seg av den fine båthavna og.

AristoCats fekk æra av å opna dansen kl 20 og kl 21 gjekk Anne Nørdsti med band på. Arrangøren set opp 2 bussar frå forskjellige stader på øya, her er det høve for transport til og frå for ein hundrelapp. Frå i fjor vart det bestemt at det skulle vera 10 min. pause i samband med bandskifte, etter ønskje frå publikum. Eg for min del har aldri vore noko tilhengjar av nonstop musikk, så eg synes det er heilt greit.

Det vart ein kjempekjekk kveld med mykje god musikk og då Anne Nørdsti tok til på siste settet kl 01,  var det overraskande mange som framleis holdt ut.  Anne var i storform og lika smilande og blid som ho plar vera. Ho hadde seg fleire turar nede på golvet, og ein spesiell gut fekk nok sin livs opplevelse der han gjekk rundt i salen med armen rundt Anne, medan ho sang. Ja ho førte han tom. i swing medan ho stod på scena – herlig !  Vidar Isdal sang med Anne i ein fin duett. AristoCats hadde mange av sine trufaste fans med seg også denne kvelden, veldig kjekt.

Banda skrytte høglytt over den flotte mottakelsen dei fekk, og ikkje minst sette dei stor pris på at arrangøren tok seg god tid til å slå av ein prat. Nok ein vellukka dansegalla på Tysnes, den 9. i rekkja og 450 kosa seg til god musikk denne kvelden.

 

140816 Tysneshallen  AKE   (34)
140816 Tysneshallen  AKE   (33)
140816 Tysneshallen  AKE   (32)
140816 Tysneshallen  AKE   (31)
140816 Tysneshallen  AKE   (30)
140816 Tysneshallen  AKE   (29)
140816 Tysneshallen  AKE   (28)
140816 Tysneshallen  AKE   (27)
140816 Tysneshallen  AKE   (26)
140816 Tysneshallen  AKE   (25)
140816 Tysneshallen  AKE   (24)
140816 Tysneshallen  AKE   (23)
140816 Tysneshallen  AKE   (22)
140816 Tysneshallen  AKE   (21)
140816 Tysneshallen  AKE   (20)
140816 Tysneshallen  AKE   (19)
140816 Tysneshallen  AKE   (18)
140816 Tysneshallen  AKE   (17)
140816 Tysneshallen  AKE   (16)
140816 Tysneshallen  AKE   (15)
140816 Tysneshallen  AKE   (14)
140816 Tysneshallen  AKE   (13)
140816 Tysneshallen  AKE   (12)
140816 Tysneshallen  AKE   (11)
140816 Tysneshallen  AKE   (10)
140816 Tysneshallen  AKE   (9)
140816 Tysneshallen  AKE   (8)
140816 Tysneshallen  AKE   (7)
140816 Tysneshallen  AKE   (6)
140816 Tysneshallen  AKE   (5)
140816 Tysneshallen  AKE   (4)
140816 Tysneshallen  AKE   (3)
140816 Tysneshallen  AKE   (2)
140816 Tysneshallen  AKE   (1)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også