De Danseglade


140830 Eikelandsosen AKE (11)

Sommarpub i Eikelandsosen

Braatthallen h 2019
På forsiden akkurat nå

Siste laurdagen i august drog Eikelandsfjorden Samfunnshus igang med sommarpub, for første gang. Helga dei valgte skulle imidlertid visa seg vera veldig så populær, for her var jubileum, bryllup og ikkje mindre enn tre pubarrangement i nærområdet, men på tross av dette vart publikumstalet vel 200.

Før Bris gjekk på scena fekk det lokale ungdomsbandet ”Standing Still” mogelegheit til å visa kva dei var gode for – med eigenkomponerte låtar, og dei imponerte. Det falt mange lovord etterpå, blant anna frå BRIS medlemane som synes gruppa hadde ein fin sound. Desse ungdomane har eg tru på me kjem til å få høyra meir ifrå.

Fleire langveisfarande frå dansemiljøet hadde funne veien til Fjord’n denne kvelden og arrangøren fiksa – på strak arm – straum til dei som kom med bubil. Dei fleste av desse var her for første gang og arrangøren fekk mange gode tilbakemeldingar.

Samfunnshuset har ein stor kafeteria med mange sitjeplassar og er plassen der det vert seldt mat og drikke. I tillegg er det den romslege foajèen der den store baren er, og der mange ungdomar ofte stoppar opp for å slå av ein prat. I sjølve salen var sett opp ein del bord og dei fine lampettane på veggene gjorde det koseleg, men eg kunne ønska meg litt meir pynt på borda. Parketten må ha hatt godt av ei storreingjering i sommar, for aldri har den vore bedre å dansa på. Etter at lyden vart justert ned i starten, så kom verkeleg musikken til sin rett og publikum kosa seg. Lydmann Eirik Paulsen gjorde ein topp jobb, for dette er eit lokale som er svært vanskelig å få god lyd i, men det hjelpte kanskje litt med det gamle filmlerretet som var hengt opp over scena. Lydhimling/moltontepper hadde nok gjort lydfolka sin jobb enklare, ei eller anna løysing vil det nok verta på sikt, iflg. huseigar.

Omgitt av kjekke folk – fra 18 til 70 – og med ein gjeng på scena som gav oss både nydeleg stemningsmusikk, herlig swingmusikk og i tillegg hadde god kjemi med publikum – ja då måtte berre kvelden verta topp. Det var tydeleg at alle som hadde funne veien hit denne kvelden kosa seg og det gjorde verkeleg bandet òg!

140830 Eikelandsosen AKE (1)
140830 Eikelandsosen AKE (2)
140830 Eikelandsosen AKE (3)
140830 Eikelandsosen AKE (4)
140830 Eikelandsosen AKE (5)
140830 Eikelandsosen AKE (6)
140830 Eikelandsosen AKE (7)
140830 Eikelandsosen AKE (8)
140830 Eikelandsosen AKE (9)
140830 Eikelandsosen AKE (10)
140830 Eikelandsosen AKE (11)
140830 Eikelandsosen AKE (12)
140830 Eikelandsosen AKE (13)
140830 Eikelandsosen AKE (14)
140830 Eikelandsosen AKE (15)
140830 Eikelandsosen AKE (16)
140830 Eikelandsosen AKE (17)
140830 Eikelandsosen AKE (18)
140830 Eikelandsosen AKE (19)
140830 Eikelandsosen AKE (20)
140830 Eikelandsosen AKE (21)
140830 Eikelandsosen AKE (22)
140830 Eikelandsosen AKE (23)
140830 Eikelandsosen AKE (24)
140830 Eikelandsosen AKE (25)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også