De Danseglade


140218 Gran Canaria AKE (31)

Skjær i sjøen for dansegalla på Gran Canaria

Storås 2019
Vårdansen 2019
På forsiden akkurat nå

Etter å ha vore på Dansegalla Gran Canaria 2013 i La Perla Sur og storkost meg, så reiste eg med lett hjarta til varmare strøk att i januar. I år skulle gallaen vera i Arguineguin, nærmare bestemt på Restaurant Plaza Del Sol.
Laurdagen tjuvstarta ein del på Danseklubben «Fantasy» der DJ Charlie sat ved spakane. Fleire artistar var og promoterte gallaen, men det verkelege startskotet gjekk tradisjonen tru søndags ettermiddag med Tedans på «La Bolera» i Puerto Rico. Her vart det både latter og dans. Odd Arne Sørensen hadde fått med seg at Anne Nørdsti heldt på læra seg spela trekkspel (ho er som kjent ein habil toraderspelar) – utfordra henne likegodt til å vera med han og spela «Fantasisnoa». Dette er ei låt med skikkeleg driv i, men Anne klarte utfordringa med glans og Odd Arne skulle nokre dagar seinare få erfara at ein utfordrar ikkje ei jente som Anne «ustraffa».

Lita scene
Så kom mandagen og første kvelden på dansegallaen. Det var sett opp buss frå Playa Del Ingles 17:45 med retur 00:15. Må sei eg vart ein smule skeptisk då eg kom fram og såg den vesle «scena» artistane skulle ha og ikkje minst at den var på same plan som me skulle dansa på. På ein dansegalla er det mange som berre set og nyt musikken og det å ikkje kunna sjå kva som føregår på scena, er då lite kjekt. Trur ikkje det var alle som hadde fått med seg at me skulle ha forhåndsbestilt mat, og dette vil eg tru var ei medverkande årsak til at maten kom ekstra seint til mange. Servitørane som tydelegvis var for få – gjekk på slutten av matserveringa i sikksakk mellom dei dansande som i utgangspunktet hadde det trangt nok på dansegolvet med 650 frammøtte. Maten var imidlertid god og me kunne velja mellom 3 rettar. I starten nådde ikkje lyden ut til alle og når desse i tillegg desse sat trangt under open himmel og kvelden var kald, så resulterte det i ein del misnøye og ein del forlot arrangementet lenge før det var slutt. Takka vera gode vener så var eg blandt dei heldige som sat under tak – så eg kunne ikkje klaga, men me merka jo uroen.

Holmsve, Lasse Sigfridsson, Sten & Stanley og Torleif Torstensson var artistane denne kvelden og dei fekk verkeleg sving på dansefoten. Odd Arne Sørensen, Morten Nyhys samt Hans Olav Trøen, Auden Senderud og Bo Thomas Bråten frå Vagabond hadde danna «Verdens Beste Husband». «Bandet» oppstod i kjølvatnet av at Vagabond som skulle spelt på gallaen – hadde teke seg ein pause, og kansellert alle innbooka spelejobbar. Dette annonserte Vagabond via ei pressemelding 10.januar, og arrangøren informerte oss via si facebookside at det vart endring i programmet. Nytt band hadde det ikkje lukkast skaffa. Mange med meg hadde nok gleda seg til å høyra både Tommy Michaelsen og Eirik Johansen, begge dyktige vokalister, men når ting vart som det vart så må eg sei husbandet verkeleg gjorde sitt til for at me skulle trivast. Dei hadde og fleire gjesteartistar på scena, bl.a. svenske Carina Jarnek. Anne Nørdsi var og innom for å promotera onsdagen.

Så kom dansegallaens siste kveld og ting gjekk som smurt så langt eg kunne sjå. Maten vart raskt servert, området var meir opplyst, alle hadde god lyd, dansegolvet var bedre, ja tom. veret var bedre. Både artistar og publikum var i storform og det var herleg å merka den gode stemninga denne kvelden.
Veldig kjekt var det å treffa att paret som hadde gifta i Sjømannskirken dagen før og som hadde avslutta den store dagen sin på «Tango» der eg traff på dei. Kan trygt sei at eg vart overraska då det viste seg at dei var bekjente av meg. På dansegallaen kunne dei fortelja meg at sidan dei hadde truffe kvarandre på dans, så hadde dei lyst til å gifta seg i samband med ein dansegalla. Slett ikkje dumt lå leggja turen til syden og ta bryllupsreisa i same slengen, tenkte eg.

Som sagt var det verkeleg god stemning denne kvelden. Politiet hadde vore innom fleire gonger og hadde gjeve tommel opp når det gjalt lyd. Sjokket var difor stort då arrangør Terje Utaker og artistane samla seg på scena litt før kl 22 og Erik Forfod annonserte at politiet hadde stoppa dansegallaen etter ordre frå ordføraren. Det vart av nokon antyda at grunnen var at ikringliggjande utestader sleit med dårleg omsetnad dei kveldane dansegallaen pågjekk, og hadde klaga til ordføraren som igjen hadde beordra politiet til å stoppa dansegallaen. Om dette stemmer skal eg ikkje gå god for, trasig var det uansett – for alle partar. Forfod oppmoda alle til ikkje å ta av seg adgangsbånda for me var velkomne til Lasse Johansens Dansebar som på kort tid sporty hadde stillt lokala sine til rådighet neste kveld – berre for oss – fram til 23:30. Då skulle me endeleg få oppleva Anne Nørdsti på scena.

Dette var imidlertid lita og ingen trøst for dei mange som skulle reisa heimatt neste dag, og eg forstod godt deira frustrasjon.

Torsdagen lada eg opp med konsert i Sjømannskirken med bl.a. Åge Aleksandersen før turen gjekk til «Tango» der 450 møtte opp for å få med seg avsluttninga på dansegallaen. Kvelden overgjekk alle mine forventningar og det som skulle vara i 1 1/2 time varte i 2 1/2 time. Anne Nørdsti gav oss ein forrykande opptreden godt backa av «Verdens Beste Husband». Det heile toppa seg då Anne som «hevn» etter det som skjedde under tedansen – utfordra Odd Arne Sørensen til å syngja duett med seg på den vakre låta «De Sista Ljuva Åren». Med ein litt nervøs og forsiktig start frå Odd Arne si side som hevda han ikkje var noko vokalist – så vart han snart trygg med den sympatiske Anne ved sin side, og det tok heilt av. Odd Arne slapp be publikum om hjelp to ganger – dei sang med av full hals. På slutten kalla Torleif Torsteinsson arrangøren opp på scena og det vart på ny allsang med bl.a. «Gråt Inga Tårer» – for som han sa, han hadde sett Utåker både le og gråta under denne dansegallaen. Det heile vart avslutta med allsang «La oss leve for hverandre».
Det vart ein flott avsluttning på dansegallaen – ein avsluttning eg skulle ønska ALLE som var på dansen kvelden før, skulle fått opplevd.

Neste år januar vert dansegallaen i parken i Puerto Rico med musikk frå 2 scener. Sjølv skulle eg ønska den var tilbake att i La Perla Sur, noko eg òg vona årets dansegalla skulle vore, noko eg òg skreiv i omtalen min etter dansegallaen i fjor.
Reknar imidlertid at eg tar turen uansett – for kva er vel kjekkare enn å kombinera sol og dans.

140218 Gran Canaria AKE (1)
140218 Gran Canaria AKE (2)
140218 Gran Canaria AKE (3)
140218 Gran Canaria AKE (4)
140218 Gran Canaria AKE (5)
140218 Gran Canaria AKE (6)
140218 Gran Canaria AKE (7)
140218 Gran Canaria AKE (8)
140218 Gran Canaria AKE (9)
140218 Gran Canaria AKE (10)
140218 Gran Canaria AKE (11)
140218 Gran Canaria AKE (12)
140218 Gran Canaria AKE (13)
140218 Gran Canaria AKE (14)
140218 Gran Canaria AKE (15)
140218 Gran Canaria AKE (16)
140218 Gran Canaria AKE (17)
140218 Gran Canaria AKE (18)
140218 Gran Canaria AKE (19)
140218 Gran Canaria AKE (20)
140218 Gran Canaria AKE (21)
140218 Gran Canaria AKE (22)
140218 Gran Canaria AKE (23)
140218 Gran Canaria AKE (24)
140218 Gran Canaria AKE (25)
140218 Gran Canaria AKE (26)
140218 Gran Canaria AKE (27)
140218 Gran Canaria AKE (28)
140218 Gran Canaria AKE (29)
140218 Gran Canaria AKE (30)
140218 Gran Canaria AKE (31)
140218 Gran Canaria AKE (32)
140218 Gran Canaria AKE (33)
140218 Gran Canaria AKE (34)
140218 Gran Canaria AKE (35)
140218 Gran Canaria AKE (36)
140218 Gran Canaria AKE (37)
140218 Gran Canaria AKE (38)
140218 Gran Canaria AKE (39)
140218 Gran Canaria AKE (40)
140218 Gran Canaria AKE (41)
140218 Gran Canaria AKE (42)
140218 Gran Canaria AKE (43)
140218 Gran Canaria AKE (44)
140218 Gran Canaria AKE (45)
140218 Gran Canaria AKE (46)
140218 Gran Canaria AKE (47)
140218 Gran Canaria AKE (48)
140218 Gran Canaria AKE (49)
140218 Gran Canaria AKE (50)
140218 Gran Canaria AKE (51)
140218 Gran Canaria AKE (52)
140218 Gran Canaria AKE (53)
140218 Gran Canaria AKE (54)
140218 Gran Canaria AKE (55)
140218 Gran Canaria AKE (56)
140218 Gran Canaria AKE (57)
140218 Gran Canaria AKE (58)
140218 Gran Canaria AKE (59)
140218 Gran Canaria AKE (60)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også