De Danseglade


Seljord dag 4 2014 AKE (27)

Seljordfestivalen siste dag

Letohallen
På forsiden akkurat nå

Laurdagen starta med Steinar Engelbrektson Band, etterfulgt av Bakersfield – ein tribute til Buck Owens, Sogns, Ingemars, AristoCats og Norske Menn – her var det berre å svinga seg på dansegolvet med ein klarte.

Eg fekk mange fine uventa opplevelsar denne dagen. Eit nydeleg brudepar møtte eg på, som eg var så heldig at eg fekk ta bilde av. Det som imidlertid denne dagen rørte meg langt inn i sjela, var då eg på cafèscena fekk sjå ein rullestolbrukar først føra 1 og så 2 jenter i swing – samstundes som ei stod og heldt rundt han for at han skulle klara stå. Det var ikkje berre eg som vart blank i augene ved å sjå på denne ståpåviljen, la eg merke til. At han skulle klara dette i ståande stilling, hadde dei ikkje trudd var mogeleg sa dei. Dei hadde berre rekna med å nytta rullestolen, så dette var stort – noko du kan sjå av bilda ! Elskar du dans, så finnes det tydelegvis ingen grenser.
Om kvelden fekk Sogns gleda av å opna dansen på hovedscena og dei drog verkeleg til. Eg kan ikkje la vera verta ekstra glad når eg er vitne til ei genuin speleglede som bl.a. Geir Ove Sogn viser på scena.

Så kom vestlendingane på, og sidan eg sjølv kjem frå vakre vestland vil nok nokon påstå at eg er ”inhabil”, MEN eg vil likavel påstå at Ausekarana og Heine Totland & The Crickets rocka Seljord denne kvelden. Først ut var Ausekarane og her var humor, allsang, latter og ikkje minst show. Denne gjengen må berre opplevast, ikkje rart dei trekkjer fulle hus alle stader. Heine Totland som villig showa litt for meg saman med si gode venninne Laila tidlegare på dagen, meinte det ville verta tøft å gå på scena etter Ausekarane, men det gjekk ikkje lenge før gjengen med sitt forrykande show hadde publikum i si hule hand. Her var både hopp og sprett, ja så hardt gjekk det for seg at buksa til Heine rivna, og det måtte han jo syna – opptil fleire gonger – til publikums store glede  Ein fantastisk flink gjeng som slett ikkje gjer skam på Buddy Holly!

Ingen ringare enn Ingemars fekk æra av å avslutta festivalen på hovedscena og folk heldt ut, enten dei dansa til kjente og kjære låtar eller dei sang av full hals. Eg var litt skeptisk før eg reiste på festivalen i år, sidan eg visste eg ikkje kunne tillata meg å dansa så mykje som eg ville, MEN kva har vel det gjort når eg har hatt verdens beste venner rundt med på campingen og i tilegg har fått så mange flotte musikalske opplevingar – også i Showteltet – la meg no ikkje gløyma det ! Årets Seljordfestival vil vi sjå tilbake på med stor glede.
Desse små stemningsrapportane som eg har levert til De Danseglade er berre ein forsmak, for DD sin eminente fotograf Asle Strand har teke mange utruleg flotte bilder som kjem på nett litt seinare i somar. Takkar og Asle for eit triveleg og godt samarbeid, og takk til Seljordfestivalen for eit flott arrangement nok ein gong.

Under bildegalleriet finner du videoen Ausedansen med Ausekarane.

Seljord dag 4 2014 AKE (1)
Seljord dag 4 2014 AKE (2)
Seljord dag 4 2014 AKE (3)
Seljord dag 4 2014 AKE (4)
Seljord dag 4 2014 AKE (5)
Seljord dag 4 2014 AKE (6)
Seljord dag 4 2014 AKE (7)
Seljord dag 4 2014 AKE (8)
Seljord dag 4 2014 AKE (9)
Seljord dag 4 2014 AKE (10)
Seljord dag 4 2014 AKE (11)
Seljord dag 4 2014 AKE (12)
Seljord dag 4 2014 AKE (13)
Seljord dag 4 2014 AKE (14)
Seljord dag 4 2014 AKE (15)
Seljord dag 4 2014 AKE (16)
Seljord dag 4 2014 AKE (17)
Seljord dag 4 2014 AKE (18)
Seljord dag 4 2014 AKE (19)
Seljord dag 4 2014 AKE (20)
Seljord dag 4 2014 AKE (21)
Seljord dag 4 2014 AKE (22)
Seljord dag 4 2014 AKE (23)
Seljord dag 4 2014 AKE (24)
Seljord dag 4 2014 AKE (25)
Seljord dag 4 2014 AKE (26)
Seljord dag 4 2014 AKE (27)
Seljord dag 4 2014 AKE (28)
Seljord dag 4 2014 AKE (29)
Seljord dag 4 2014 AKE (30)
Seljord dag 4 2014 AKE (31)
Seljord dag 4 2014 AKE (32)
Seljord dag 4 2014 AKE (33)
Seljord dag 4 2014 AKE (34)
Seljord dag 4 2014 AKE (35)
Seljord dag 4 2014 AKE (36)
Seljord dag 4 2014 AKE (37)
Seljord dag 4 2014 AKE (38)
Seljord dag 4 2014 AKE (39)
Seljord dag 4 2014 AKE (40)
Seljord dag 4 2014 AKE (41)
Seljord dag 4 2014 AKE (42)
Seljord dag 4 2014 AKE (43)
Seljord dag 4 2014 AKE (44)
Seljord dag 4 2014 AKE (45)
Seljord dag 4 2014 AKE (46)
Seljord dag 4 2014 AKE (47)
Seljord dag 4 2014 AKE (48)
Seljord dag 4 2014 AKE (49)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også