De Danseglade


Seljord dag 3 2014 AKE (12)

Seljordfestivalen - dag 3

Braatthallen h 2018
På forsiden akkurat nå

Den tredje dagen på Seljord var spekka med herlig musikk: Norske Menn slo an tonen, Contrazt trekte fullt golv tidleg på dag og så kom det som for meg og mange andre vart dagens overraskelse og høgdepunt : Aaslandbros med sin tribute til Johnny Cash. La det vera heilt klart, eg har aldri vore noko ihuga Johnny Cash fan, men hjelpe meg dette var berre fantastisk – for nokre gutar og for eit tempo! Trur dei fekk trampeklapp etter mest kvar einaste låt! Kjempefine var dei i sine Moods of Norway dressar – nett det tippa eg no eigenteg på då eg drog kjensel på dei tøffe skorne med turkis såle på, men eg hadde rett sa dei då eg snakka med dei etterpå, det var MON. Dei turkise sålana matchar nemleg foret i dressjakkane – kult.

Wisex overtok etter disse og seinare på dagen fekk me høyra Sannex og AristoCats med vokalist Kjell Kallestad i storform, han var tydelegvis ikkje utsliten etter at bandet hadde hatt fjellkonsert tidlegare på dagen. Steinar Engelbrektson Band la lista på hovedscena kl 19:30 før Johnny Logan & Friends – mine fjorårsfavoritter – tok over. Dette hadde eg gledd meg til i 1 år, og eg vart ikkje skuffa – for ein mann og for ei stemmeprakt og ikkje minst for eit band han hadde med seg!

Så kom Ole Ivars på, folk stod tett og allsangen ljoma på hovedscena. Ingen tvil om at jubilantane fortsatt er i storform og har sitt publikumstekke i behold.
Contrazt avslutta på hovedscena med sin flotte og mildt sagt energiske vokalist i spissen – og for ein verdig avslutning på kvelden – stemninga var på topp og folk heldt ut og sang, og sang – heilt topp. ”Biffen & Streken” som eg likar kalla dei, gjorde ein god jobb som kontransier. Eg er full av energi enno etter alle desse flotte musikalske opplevelsane i går og konklusjonen er klar: Det vart ein fantastisk dag – heia Seljord.

Seljord dag 3 2014 AKE (1)
Seljord dag 3 2014 AKE (2)
Seljord dag 3 2014 AKE (3)
Seljord dag 3 2014 AKE (4)
Seljord dag 3 2014 AKE (5)
Seljord dag 3 2014 AKE (6)
Seljord dag 3 2014 AKE (7)
Seljord dag 3 2014 AKE (8)
Seljord dag 3 2014 AKE (9)
Seljord dag 3 2014 AKE (10)
Seljord dag 3 2014 AKE (11)
Seljord dag 3 2014 AKE (12)
Seljord dag 3 2014 AKE (13)
Seljord dag 3 2014 AKE (17)
Seljord dag 3 2014 AKE (18)
Seljord dag 3 2014 AKE (19)
Seljord dag 3 2014 AKE (20)
Seljord dag 3 2014 AKE (21)
Seljord dag 3 2014 AKE (22)
Seljord dag 3 2014 AKE (23)
Seljord dag 3 2014 AKE (24)
Seljord dag 3 2014 AKE (25)
Seljord dag 3 2014 AKE (26)
Seljord dag 3 2014 AKE (27)
Seljord dag 3 2014 AKE (33)
Seljord dag 3 2014 AKE (35)
Seljord dag 3 2014 AKE (36)
Seljord dag 3 2014 AKE (37)
Seljord dag 3 2014 AKE (39)
Seljord dag 3 2014 AKE (41)
Seljord dag 3 2014 AKE (42)
Seljord dag 3 2014 AKE (43)
Seljord dag 3 2014 AKE (44)
Seljord dag 3 2014 AKE (45)
Seljord dag 3 2014 AKE (46)
Seljord dag 3 2014 AKE (48)
Seljord dag 3 2014 AKE (49)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også