De Danseglade


141130 Voss AKE (27)

Julebordshelg med Bris på Voss

MalungStorås
På forsiden akkurat nå

Tradisjonen tru var me ein heil vennegjeng som la julebordshelga vår til Voss, og dei fleste budde på Park Hotell, Vossevangen. Hotellet var tidleg fullbooka denne siste helga i november, så det var godt dei fleste hadde vore tidleg ute. I år som tidlegare år var det BRIS som spela til dans i Cafè Stationen og bandet gjekk som regel på scena kl 22, rett etter at maten var rydda vekk og spelte til kl 02. Pausane nytta dei til å snakka med publikum og det var tydleg at det vart verdsett.

Litt tung i kroppen vert ein alltid etter ein velsmakande julemiddag, men det virka ikkje vera noko hinder for å svinga seg på dansegolvet. Bodil Herre frå Voss som er med på ein duett på BRIS sin første cd, var gjesteartist på laurdagen og det vart eit veldig kjekt gjenhøyr. Ho har ei flott stemme.

På grunn av den store flaumen som var på Voss kort tid tilbake, så vart det skade for fleire titalls millionar i Vossasalen så den kunne ikkje nyttast til julebord i år. Likavel hadde hotellet klart dekka til 320 julebordsgjester om laurdagen, her var alt utnytta – verkeleg bra.

Både gjester og band var i storform, så det vart 2 flotte kveldar med dans og triveleg samvær med både nye og ”gamle” vener. Mange nytta nok høve og gjorde unna litt julepresanghandel òg denne helga, så no er det berre å gleda seg til jul.

141130 Voss AKE (1)
141130 Voss AKE (2)
141130 Voss AKE (3)
141130 Voss AKE (4)
141130 Voss AKE (5)
141130 Voss AKE (6)
141130 Voss AKE (7)
141130 Voss AKE (8)
141130 Voss AKE (9)
141130 Voss AKE (10)
141130 Voss AKE (11)
141130 Voss AKE (12)
141130 Voss AKE (13)
141130 Voss AKE (14)
141130 Voss AKE (15)
141130 Voss AKE (16)
141130 Voss AKE (17)
141130 Voss AKE (18)
141130 Voss AKE (19)
141130 Voss AKE (20)
141130 Voss AKE (21)
141130 Voss AKE (22)
141130 Voss AKE (23)
141130 Voss AKE (24)
141130 Voss AKE (25)
141130 Voss AKE (26)
141130 Voss AKE (27)
141130 Voss AKE (28)
141130 Voss AKE (29)
141130 Voss AKE (30)
141130 Voss AKE (31)
141130 Voss AKE (32)
141130 Voss AKE (33)
141130 Voss AKE (34)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også