De Danseglade


140622 Vinnes AKE (15)

Frisk bris på Vinnesfestivalen

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

I år gjekk Vinnesfestivalen av stabelen for 6. gang på Fusa i Hordaland. Festivalen vert halden på Vinnesholmen og danseplassen og scena var laga til på vestsida av holmen. Her var spektakulær utsikt, men og vindfullt.
Det heile hadde starta fredagen med disco for ungdomen, noko som trekte fullt hus. Om laurdagen var det mange aktivitetar for born, bl.a. det populære hoppeslottet. Det var kåra Fusameister i hesteskokasting både for born og vaksne. I ”Fusa got talent” var det lokale talenter som fekk visa seg fram, fleire av desse imponerte publikum stort. Klovnen Knut underheldt til glede for både store og små, godteriboda var populær og her var mange utstillarar. Me kunne få kjøpa nydeleg mat, denne var heller billig noko som er viktig når ein lagar eit arrangement meint for heile familiar. Mange tok turen til festivalen sjøveien denne dagen, så den fine båthavna fylt godt opp.

Kveldsarrangementet opna klokka 19 og eg må få skryta over vaktene. Sidan arrangement var på ein holme, så stillte det store krav til god oversikt og kontroll og det føler eg verkeleg at dei hadde. Områder var speerra av og det var sett opp gode utsiktsposter. Kjempefine toalettforhold var det, her vart det vaska mange gonger for kvelden.
Fusa sitt eige – og ikkje heilt ukjente – gamaldansorkesteret 3 B – fekk gleda av å opna det heile kl 20 før den store happeningen – KIVI reunion – fann stad. Sistnevnte regjerte på Norsktoppen for rundt 20 år sidan, 9 strake veker på 1.plass (totalt 13) og tilsaman låg dei på Norsktoppen i 46 veker. Bandet måtte leggja opp for 16 år sidan på grunna av vokalisten Øystein Engevik fekk problemer med stemmebånda. Øvrige bandmedlemar : Reidar Bakke på keybord og Gunnar Engevik gitar. Sistnevnte er i dag gitarist/låtskrivar i Bris.

Det var stor stemning då Kivi kom på scena og publikum fekk det dei venta på, gamle og kjære låtar som tydlegvis ikkje berre me ”gamle” kunne teksten på, neida – her sang ungdomen med av full hals. Så kom 3-B på scena att og det var tydeleg at det er eit godt gamaldansmiljø i Fusa, for her var det fullt på golvet gitt. Lys og lyd vart dyktig handtert av ”Fusa lys og lyd”.
Så, kl 22:15 entra Bris scena for å spela resten av kvelden. Ein utruleg stemningsfull , men litt kald kveld vart det. Veldig kjekt å sjå mange utflytta Fusingar som var komen heim i anledning festivalen. Mange sessa seg i festivalteltet – som eg for øvrig skulle ønska det var hengt opp lyslenker i – andre svinga seg på dansegolvet meir eller mindre heile kvelden. Her var folk i alle aldre, berre smilande fjes å sjå og så god stemning at bandet måtte ta 4 ekstranummer før publikum var fornøgd. For å sitera BRIS – med tanke på at det var kaldt på scena – ”Publikum varmte våre hjerter ved å halda ut … ” 1500 var innom arrangementet på laurdagen og ca. 1/3 av desse på kveldstid, noko arrangøren bør vera storleg fornøgd med med tanke på at Os hadde invitert til storfest og bryggedans same kveld i samband med opninga av nyebryggja og i tillegg var Ausekarane der.

Lokalavisa hevdar festivalen er i medvind, og det kan eg sei meg enig i. At eit lite lokalsamfunn som Vinnes klarar arrangera noko som etterkvart er vorte så passa stort, vitnar om samhald og godt samarbeid. All honnør til denne gjengen med festivalsjef Rune Bergheim i spissen, dette var kjekt og eg kjem meir enn gjerne att.

140622 Vinnes AKE (1)
140622 Vinnes AKE (2)
140622 Vinnes AKE (3)
140622 Vinnes AKE (4)
140622 Vinnes AKE (5)
140622 Vinnes AKE (6)
140622 Vinnes AKE (7)
140622 Vinnes AKE (8)
140622 Vinnes AKE (9)
140622 Vinnes AKE (10)
140622 Vinnes AKE (11)
140622 Vinnes AKE (12)
140622 Vinnes AKE (13)
140622 Vinnes AKE (14)
140622 Vinnes AKE (15)
140622 Vinnes AKE (16)
140622 Vinnes AKE (17)
140622 Vinnes AKE (18)
140622 Vinnes AKE (19)
140622 Vinnes AKE (20)
140622 Vinnes AKE (21)
140622 Vinnes AKE (22)
140622 Vinnes AKE (23)
140622 Vinnes AKE (24)
140622 Vinnes AKE (25)
140622 Vinnes AKE (26)
140622 Vinnes AKE (27)
140622 Vinnes AKE (28)
140622 Vinnes AKE (29)
140622 Vinnes AKE (30)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også