De Danseglade


Dansefestivalen 2014 lordag AKE (6)

Dansefestivalen lørdag

Trettenfestivalen
På forsiden akkurat nå

Dansefestivalen i Sel har eit tettpakka og variert program, og laurdagen var ingen unntak.
Samstundes som musikken starta på Tunet kl 12, var det Kjerringbæring på Jørundgard. Einaste kravet ein sette til kjerringane var at dei skulle vega minst 45 kg. Det heile vart leia av Kai Robert.

Tradisjonen tru vart høgfjellskonsert klokka eit ved Smuksjøen på Høvringen med Holmsve, P.A. Røstad, Vømmølgutan, Kai Robert og Odd Karlsen. Eg har i fleire år hatt gleda av å vera med på denne stemningsfulle konserten – ein opplevelse verdt å ta med seg. Det heile vert forsterka når ein opplever dette i slike naturskjøne omgjevnader.
Siste ettermiddagen på Sel, vart det allsang ved Lågen med Lasse Johansens orkester med gjester, dette har vorte eit svært populært innslag under festivalen.
Dei fleste banda som var i aksjon fredagen spela også laurdagen. Nye for dagen var Contiki, Flamingokvintetten, Ole Ivars og Gullsko vinnar Rune Rudberg Band fekk æra av å avslutta festivalen i storteltet.

Gullskoen til Årets musiker, – arrangør, -tekstforfattar, – danselåt og – danseband vart delt ut kl 21. Det vart ein spennande halvtime, nokon vart skuffa – andre både rørte og glade. Les eigen sak om Gullskoen og heile showt på www.gullskoen.no der finn du òg bilder frå showet.

Sjølv måtte eg reisa heim etter Gullskoen, så eg fekk diverre ikkje med meg siste del av kvelden. Likevel hadde eg opplevd nok til å kunna sei at dette hadde vore nok ein vellukka festival, sjølv om eg synes programmet var enormt tettpakka – nesten litt stressande for slike som meg som har lyst til å få med seg det meste, men eg klarte no heldigvis finna tid til det sosiale òg – innimellom. Som de ser av bilda så hadde eg vêret på mi side på vei heimatt til vestlandet denne natta – vakkert å oppleva kveld bli til natt og natt bli til dag ! Fyldig bilderepotasje frå festivalen kjem seinare her på www.dd.no og lengre sak kjem i neste nummer av De Danseglade.

Dansefestivalen 2014 lordag AKE (1)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (2)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (3)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (4)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (5)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (6)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (7)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (8)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (9)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (10)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (11)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (12)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (13)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (14)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (15)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (16)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (17)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (18)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (19)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (20)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (21)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (22)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (23)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (24)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (25)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (26)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (27)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (28)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (29)
Dansefestivalen 2014 lordag AKE (30)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også