De Danseglade


Dansefestivalen 2014 fredag AKE (45)

Dansefestivalen fredagen

På forsiden akkurat nå

Så var me framme til Dansefestivalen’s nest siste kveld, fredagen – og alt kl 12 drog Rita og Ståle i gang på Tunet, etterfulgt av Arctic Band, A.P.S. Lonley, Bjørns, Arnsteins, Vestnorge, Toradertrioen, Dalakopa, Steinar Engelbrektson Band, Arnsteins, P.A. Røstad og til slutt Vømmulgutan. Ei herlig blanding av danse- og gamaldansmusikk, noko som er festivalen sitt særpreg. Du verden kor mange gode gamaldansorkester me har rundtom i landet vårt, veldig kjekt at dei er med her .

Klokka 14 var det konsert i parken på Otta med Holmsve, denne konserten samlar alltid eit stort publikum. Ingen skal beskulda karane i Holmsve for å liggja på latsida under festivalen.
Kl 18 spelte Lasse Johansens Orkester opp til dans med Sven Ingvars låtar, og Lasse trong ikkje be publikum to ganger om å fylla opp dansegolvet slik det bruka vera når Sven Ingvars spela. Dette låt bra – sjølv om desse erfarne musikarane angiveleg ikkje hadde øvd. Herlig dansemusikk og mange song villig med og dansa flittig i strålande sol, ja sjølv eg trossa den ekstreme varmen – eg klarte berre ikkje sitja i ro.

Arctic Band starta på Jørundgard 19:45 og iflg. programmet skulle dei verta etterfulgt av P.A.Røstad, Rita & Ståle, 80-årslaget, Vømmølgutan, Vestnorge, Toradertrioen, Arctic Band, Dalakopa og Steinar Engelbrektson Band skulle avslutta. Denne kvelden vart det litt forandring/kluss i programmet som gjorde at nokre ihuga fans av Vestnorge vart skuffa, men bandet fekk beskjed om å starta lenge før tida og dei måtte gje seg etter berre 4 låtar for andre skulle på, noko som ikkje stemte – så den episoden var Vestnorge heilt uskuldig i. Det er klart at det er mykje logistikk som skal klaffa på eit så stort arrangement og her kan verta forandringar, men då er det viktig med god informasjon.

I Tyldenbua var det stor aktivitet og god stemning, og her var trangt om plassen til tider.
Bjørns var først ut i Storteltet fredagen, etter at Lady & Landstryker’n hadde varma opp. Sistnevnte spela og i pausane denne kvelden mellom Holmsve, Dænsebændet og Ingemars, mykje bra musikk, god stemning og ei drivande avsluttning på kvelden her. (Fyldigare bilderepotasjen frå denne dagen kjem seinare )

Dansefestivalen 2014 fredag AKE (1)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (2)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (3)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (4)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (5)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (6)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (7)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (8)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (9)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (10)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (11)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (12)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (13)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (14)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (15)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (16)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (17)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (18)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (19)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (20)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (21)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (22)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (23)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (24)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (25)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (26)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (27)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (28)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (29)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (30)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (31)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (32)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (33)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (34)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (35)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (36)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (37)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (38)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (39)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (40)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (41)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (42)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (43)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (44)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (45)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (46)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (47)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (48)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (49)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (50)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (51)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (52)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (53)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (54)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (55)
Dansefestivalen 2014 fredag AKE (56)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også