De Danseglade


141018 Bergen FME (2)

AristoCats og Larz Kristerz i Ågotneshallen

På forsiden akkurat nå

Laurdag 18. oktober 2014 arrangerte Bergen Dansebandforening sin 38. dansegalla. Dette var den siste ”offenlige” dansegallaen til BDF etter det eg forstår. Til neste år har dei 20 årsjubileum og dette skal markerast med vår- og haustarrangement som vanlig, men i noko mindre målestokk. Datoane er sett til 250415 og 171015 og her vil BDF sine medlemmar ha førsteretten ut frå det eg kan lesa meg til på medlemssida. Det er og gjeve signaler om at dette vil verta BDF sine to siste arrangement.

Denne laurdgskvelden i Ågotneshallen starta musikken med Larz Kristerz kl 19:30 og AristoCats gjekk på scena kl 20:30. Det var nonstop musikk fram til 01:30, og her var noko for ein kvar smak. AristoCats var nærast på heimebane, så dei hadde – ikkje uventa – mange trufaste tilhengjarar i salen.
I foajeèn kunne me få kjøpa forfriskningar og mat, og som vanleg var det Radio Sotra som stod ansvarlege for dette.

Det vart ein fin kveld, og sidan det ikkje nett var strålande sol og fint vêr slik det var fredagen då mesteparten av dei med bubilar og campingvogner kom, så var mesteparten av dei som var ”budde” på plassen utforbi – flinke til å vera inne i salen.
I løpet av kvelden vart det teke opp to musikkvideoar og AristoCats sin ”Mellom himmel og hav” ligg alt på YouTube – sjå nederst i saka.

Artistane vart som vanleg stelte vel med av BDF og fekk denne kvelden servert nydeleg hjortegryte, så dei var alle strålande fornøgde. Foto: Fred Morten Ervik.

141018 Bergen FME (9)
141018 Bergen FME (8)
141018 Bergen FME (7)
141018 Bergen FME (6)
141018 Bergen FME (5)
141018 Bergen FME (4)
141018 Bergen FME (3)
141018 Bergen FME (2)
141018 Bergen FME (1)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også