De Danseglade



Vi feiret 40 års jubileum med Aristocats

Vårdansen 2019
Storås 2020
På forsiden akkurat nå

Siste helga i april var det klart for AristoCats sin jubileumsfest – 40år – On the road, imponerande! Før eg sette nasa mot Askøy fekk eg ein kjempefin dag i Bergen der vårens sikraste teikn – buekorpsa – var å sjå og høyra i gatene.
Og fest ein 40åring verdig, vart det. 30 bueinheiter hadde samla seg på kaien på Kleppestø der Showline sin båt MS Showboat alt fredagen hadde teke 150 gjester med på ein tur ut på bøljan blå til flott musikk av AristoCats og Contrazt. Sjølve feiringa skjedde laurdagskvelden på MS Showtime og denne kvelden var heile 250 feststemte gjester ombord i båten i eit fantastisk flott vêr.

Følg oss på FACEBOOK

Skal me sjå litt tilbake på historien om AristoCats frå Sotra, så starta dei som eit country-/gamaldans orkester. I åra som har gått har nok sjangeren endra seg noko og eg vel å definera musikken deira som fengjande country-/dansemusikk. Dei har ein stor tilhengjerskare som har fulgt dei trufast i mange mange mange år. Bandet består i dag av Inge Glesnes, John P «Jonas» Mo, Torstein Hjelle, Thor-Inge Stokke, Bjørn Breilid og for ikkje å gløyma den «halvtamme» (for å bruka deira eigne ord) vokalisten Kjell Kallestad. Kjell er utruleg energisk på scena i tillegg til at han er ein god vokalist og ein eminent Elvis-tolkar og publikum berre elskar han. For å sitera Seljordfestivalen «Det er eit folkekrav at AristoCats kjem igjen» ! I år kan dei faktisk feira at det er 10. gangen dei er i Seljord, og det er ikkje snakk om ein eller to opptredener når dei først er der, i fjor trur eg dei var på scena 6 ganger og i tillegg var dei i Tylden-bua ! I år skal dei for første gang på Dansefestivalen i Sel.

Inge Glesnes som starta AristoCats helsa dei frammøtte velkomne til jubileumsfesten laurdagen. Trygve Lauritzen som har leda fanklubben i mange år til han for kort tid sidan gav stafettpinnen vidare til May Britt Midttveit – sa seg glad for at så mange var komne og ville vera med på jubileet. Det var og helsing frå Contrazt som spelte begge kveldane. Dei gjorde ein kjempejobb, flott samarbeid med jubilanten og det var mange som var glade for å kunna oppleva Contrazt på scena for første gang. AristoCats fekk og helsing frå BRIS som var godt representert på festen. Både Gro Anita og Leif i Contrazt og Gunnar Engevik og Arvid Søreide i BRIS var på scena og spelte og song saman med jubilantane i løpet av kvelden. AristoCats hadde og laga ein song for anledningen – verkeleg bra. For å bruka Kjell Kallestad sine ord når det lei litt utpå : «Verte da kjekkare no, so dør eg !» – det må vel i så fall vera det nærmaste me kjem «Å dø av glede» – og me hadde det verkeleg kjekt. Renate og Magnar Langøen som starta fanklubben til AristoCats 30.12.06, var og sjølvsagt tilstades denne kvelden. Det var og William Jenssen frå Radio Askøy. Han hadde direktesending frå båten.

Det vart ein utruleg flott kveld med mykje lått og løye og me fekk verkeleg trimma lattermusklane då bandets eigen humorist «Stokken» slo til. Plateslepp var det og denne kvelden, og Jubileums cd’n med ikkje mindre enn 17 varierte låtar, gjekk unna og kan anbefalast på det varmaste. Det er berre å takka bandet og fanklubben for ein flott fest og ynskja AristoCats lykke til vidare i jubileumsåret, samstundes som det er på sin plass å takka for all den herlige musikken dei har formidla til publikum gjennom sine første 40 år ! Du kan fylgja dei på www.aristocats.no (Foto og tekst: Anne-Karin Eikeland)
Følg oss på FACEBOOK

Anmeldelsen av dansefesten kan du lese i De Danseglades juninummer. De Danseglade anmelder dansefester og har i alt elleve parametre som vi kaster terningen på. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til Anne Nørdsti i Budalen

 

 

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også