De Danseglade



Vi danset til Bris og Anne Nørdsti i Kåsenhallen

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Endeleg var dagen komen då eg skulle til Bryne på dansegalla att. Eg løyste land tidleg laurdagsmorgonen og var kjempeglad for at eg etter ein times kjøring + ein liten ferjetur fekk haika dei neste timane. Stort var det å få treffa sjarmtrollet til Anne Nørdsti – Kristian på 6 månader, ja eg fekk tom. halda han – lenge, ein smilande liten kar. Anne kunne fortelja at det var sjette gongen Kristian var med henne sin på spelejobb, og det gjekk heilt fint – han la seg som regel klokka 19 og sov som berre det. Tenkjer me etter kor mange gonger han har vore med mamma`n sin på scena før han var fødd – så er ikkje det få! Det skulle ikkje forundra meg om han har alle tekstane inne i hodet sitt, glad og fornøgd var han ihvertfall. Eg hadde i lang tid sett fram mot denne dansegallaen der eg omsider skulle få treffa Anne med sine utruleg dyktige musikarar att, og denne gongen skulle dei dela scena med friskussane i vestlandsbandet BRIS.

Eg var ikkje åleine som hadde funne vegen til Kåsenhallen denne kvelden, det same hadde over 700 andre. Mange var komen med bubilar alt om fredagen, for her var fine parkeringsforhold rett ved hallen samt tilgang til sanitæranlegg. Eg var her første gang for 2 år sidan og vart mektig imponert, ikkje minst over roen kring arrangementet. Det var tydeleg at her var nøye planlegging og rutine. Det var ikkje overraskande at dei vart foreslått til Gullskoen 2011. Gjekk vidare til nominasjonen gjorde dei òg, men Jonsokdansen på Løno vann – som de gjerne hugsa. Kåsen IL er imidlertid blant dei foreslåtte til Gullskoen Årets Arrangør 2012 òg, noko arrangementet bar preg av, både med oppslag og løpesedlar på borda. Tenkjer dei er spente på om dei vert nominerte i år og – for konkurransen er knallhard, me har mange flinke arrangørar rundtom. ( følg gjerne med på Gullskoen og De Danseglade sine FB sider så held du deg oppdatert ! )

 

All musikk samlet på ett brett – Bris og Anne Nørdstiband

Ikkje uventa hadde arrangøren alt klappet og klart då me kom fram til eit litt vindfullt Bryne utpå ettermiddagen. Salen var fint pynta og det var sett navnelappar på alle bord – for ein jobb. No skulle dei snart trekkja seg tilbake for å reisa heim og ta finstasen på, for det gjer verkeleg gjengen i Kåsen IL – utruleg flott! I hallen var det full aktivitet med rigging og påfølgande lydprøver, før det var tid for felles middag for banda. BRIS hadde hatt ein tøff start på dagen med ein nyinnkjøpt bil som ikkje ville starta, så dei måtte låna tilbake gamlebilen sin som dei ironisk nok hadde selt fordi DEN ikkje alltid var lika startvillig. I tillegg sleit lydmannen med å få lyd i deler av anlegget, så dei vart ferdig med lydprøven først 19:30. Tru no ikkje dei mista motet av den grunn – «No kan da berre gå ein vei, og det er oppover» var omkvedet.

Klokka 20:05 drog dei i gang det som skulle verta ein flott kveld i den store og gode hallen. Då dei avslutta første settet sitt med «Tir N‘a Noir» der Bodil Herre frå Voss var med og song, stod Anne og karane hennar k

lar på scena for sitt første sett. Anne song likegodt med på deler av låta og at dette var populært og stort for BRIS kunne ein lett lesa av ansiktsuttrykket deira. Det same skjedde på slutten av dei to andre setta deira og med «Liten Fuggel» og «Me To Går Alltid Åleina» – rørande å oppleva for oss som publikum. Det er berre så herlig med slike jordnære artistar som viser sangglede på tvers av scena. Publikum storkosa seg i hallen denne kvelden og var særdeles flittige på dansegolvet. Bodil Herre gledde oss med fleire låtar saman med Bris bl.a. «The Rose» og sjølvsagt låta ho er med på på cd`n «Varme Vindar» . Wenche Haugland som har gjeve ut eigen cd var og gjesteartist , slikt er kjekt. Sjølv fekk eg av arrangøren ei flott marsipankake i høve at eg snart hadde stor dag, i ettertid er eg glad eg alt hadde gjeve dei topp score på arrangementet alt for 2 år sidan – så dette var ingen «smørning» – kun ein herlig og ikkje minst velsmakande overraskelse frå ein oppmerksom arrangør.

Anne Nørdsti hadde mange trufaste fans på plass denne kvelden og publikum song villig med på tekstane hennar. Allsang var det og då BRIS drog i gang med nokre drivande coverlåtar og for ikkje å snakka om MODS- låtane. «Dei må me ta, me var jo tross alt i Mods-land» som dei sjølv sa. Dei måtte på oppfordring spela «Liten Fuggel» ein gong til, og mange fekk seg ein overraskelsen Arthur Lien på trommer showa på låta «Speedy Gonzales», då sat latteren laust hos publikum. At banda fann tonen seg imellom og utfylte kvarandre godt musikalsk var det ingen tvil om. Her var det non stop musikk til 01:30 og då Anne hadde sunge siste låta og takka for seg, stod det ein liten trufast skare nedforbi og forlangte meir. «Jag Trodde Änglarna Fanns» kom det forslag om – og medan Anne diskuterte låtvalg med publikum drog bandet hennar i gang med ein «rocka» versjon av den nevnte låta og Anne var ikkje sein med å hiva seg på – snakk om å improvisering ! Veit eigentleg ikkje kven som vart mest overraska over resultatet – bandet sjølv eller publikum, men det låt berre heilt rått – eg fekk gåsehud ! Ein herlig avsluttning på ein strålande fin kveld. Arrangøren fekk utruleg mange flotte tilbakemeldingar og banda vart vel ivaretekne, dei var særdeles godt nøgde. Kryss berre av i kalendaren for 28. september – då står Contrazt og Sogns på den store scena i Kåsenhallen og skulle du trenga overnatting ligg Jæren Hotel og Bryne Kro og Hotel ganske så nære. (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Anmelder vart overasket av arrangøren, da hun ble overrakt den flotte kaka i anmedning kommende stordag. (Red. anm)

Anmeldelsen av dansefesten kan du lese i De Danseglades aprilnummer. De Danseglade anmelder dansefester og har i alt elleve parametre som vi kaster terningen på. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

 

Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til Anne Nørdsti og Lasse Stefanz i Hitrahallen

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også