De Danseglade


Morellfestivalen 2013 AKE (175)

Vi danset på Morellfestivalen i Hardanger

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Eg hadde i mange år hatt lyst å vitja Morellfestivalen i vakre Hardanger, og endeleg kom eg meg avgårde. I år var det 18. gongen festivalen vart arrangert, ein festival «litt utanom det vanlege» med eit besøksantall i år på rundt 4000 på dagtid og 2000 på kveldstid. Festivalen er tufta på stor dugnadsinnsats og velvilje frå det lokale næringslivet og har eit program som kan ta pusten frå nokon og ein kvar, men høgdepunktet er sjølvsagt NM i morellspytting. Fysikaren Andreas Wahl – godt kjent etter bl.a. å ha vore i ekspertpanelet i TV programmet «Lyngbø og Hærland Big Bang» – var sjølvsagt på plass for å forsvara NM tittelen frå i fjor. I tillegg hadde han eit vitenskapsshow under festivalen. Heile settingen kring NM var verkeleg ein opplevelse, og med Sigurd Sollien som leda oss gjennom det heile på ein humoristisk og herleg måte, så gjekk timane fort. Eg kan her og no avsløra at Wahl som låg på 2.plass etter kvalifiseringa, enda opp som nr. 3 i finalen. NM i herreklassen vart Frode Skarsgård frå Haugesund med eit spytt på 11,69 meter. Øvrige resultater finn du på www.morellfestivalen.no ! Rekordspyttet til Sverre Kleivkås frå Lofthus – på heile 14,24 – står framleis som det lengste, også etter NM 2013. Veldig kjekt var det og å fylgja med på barnekonkurransen, borna hadde nemleg eigen spyttebane. Det var ein utruleg flott og sjarmerande lyslugga gut, med grøn/blå skjorte som spytta særdeles langt – han vert nok ikkje lett å matcha berre han får nokre år til på seg.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Dansbandsveckan i Malung   fredag

Morellfestivalen starta torsdags kveld med intimkonsert av Anita Skorgan med band, ei flott stund ifølge dei som var der. Sjølv var eg ikkje på plass før fredagen, men då fekk eg til gjengjeld med meg eit imponerande show med «gummimannen» Captain Frodo før det lokale bandet «Sølvsuper» fekk det til å rykkja i dansefoten og me fekk svinga oss. Dessverre kom det ein del regn då det nærma seg midnatt, men laurdagen skein det oppatt og då eg var på plass til familiefrukosten så skein sola att, og vêret heldt seg bra – heldigvis. Heidi Marie Vestrheim – opprinneleg frå Øystese og vel kjent frå BarneTV – heldt Quiz og ein minikonsert etter frukosten + at ho og bandet spela på «Ekspedisjonen Utestove» seinare på dagen. Heidi Marie er nemleg ein eminent musikar og ho hadde eit kjempebra band med seg, fantastisk kjekt endeleg å få høyra henne live. Folk kosa seg ute i sola under konserten. Kjell Fuglehaug gjorde og ein framifrå jobb under festivalen, både som konferansier og auksjonarius. Skulle tru det no var nok kjendisar her – men jammen var det Frode Aga og Kokke Lise med deira gode medhjelparar, som stod og laga nydeleg grillmat til oss. At det under festivalen var mange kjendisar i arbeid, forstod eg var ikkje noko særskilt i år – slik pleidde det visst vera.

Følg oss på Facebook

Her var over 20 salgsboder på festivalområdet, her var kåring av beste morellkake, hoppeslott for borna og barneteater av og med Line Starheimsæter. Det var eit yrande liv på festivalområde på dagtid, her var både store og små. Helikopteret till Fonnafly – trur eg var meir i lufta enn det stod på bakken desse 2 dagane, utruleg populært. Flotte Hotel Ullensvang som ligg rett bortforbi festivalområdet var det nok ein del som budde på, men nytt av i år var festivalcampen på kaien ved fruktlageret. Her var gratis parkering med tilgang til straum. På Lofthus Camping der eg hadde min base, var det fullt lenge før festivalen starta. For dei som var så heldige å ha båt, så var båthavna rett ved festivalområdet, kunne ikkje verta bedre. Parkeringsplass for besøkande var det mindre av, her vart det på dagtid laurdagen parkert omtrent innimellom frukttrærne.

Så kom laurdagskvelden, noko eg hadde gleda meg svært til : Gjenhøyr og gjensyn med Heine Totland og The Crickets i «Buddy Holly The Concert» – og dei skuffa ikkje. Eit forrykande show gav dei oss, her vart det ikkje spart på energien – eg er lika imponert kvar gong eg opplever denne herlige gjengen som gjev så mykje av seg sjølv på scena. Det starta som ein konsert, men då 3 flotte jenter «spretta» dansegolvet, så sa Heine at dei synes det var veldig kjekt at folk dansa, og då varte ikkje lenge før dansegolvet var fullt. På ein måte kan eg forstå at dei fleste sat i teltet og nytte musikken og det som skjedde på scena, for som de ser av bilda så er det ikkje nett noko A4 gjeng det her er snakk om. Sjukt bra er min konklusjon, lika flott oppleving kvar gong ! Stemninga var såleis heilt på topp då BRIS kom på scena og skulle avslutta kvelden, og dei surfa lett vidare på bølgen. Du verden for ein kveld det vart, det formeleg «kokte» på dansegolvet og allsangen ljoma. Publikum ville ikkje gå heim då det var slutt sjølv om klokka var slagen og vel så det, dei klappa og ropte på meir. Eg tenkte: Kva får me høyra no som ikkje «drar stemninga ned» ? Etter litt rådslaging kom dei på scena att og gav publikum «Gje meg ein sjanse te» – ei låt med skikkeleg driv i som kjem på BRIS sin neste cd. Låta – som er ført i pennen av Gunnar Engevik – var eit perfekt låtval og eg kunne tutla meg heim med godfølelsen etter ein flott festival, godt bevart i kroppen – og der var den dagen etter og. Laga fest kan dei i Hardanger, ingen tvil om det, eit vel overstått er på sin plass til arrangøren «Morellfestivalen 2013» ! Eg har stor tru på at eg set kursen mot Lofthus til neste år òg – siste helga i juli, MEN då ønskjer eg meg eit betre og ikkje minst, større dansegolv ! Når eg på søndagen nett skulle ned på campingen og sei ha det til gode vener, enda eg opp med å gomla i meg nysteikte melkekaker – laga av ei ernergisk danseglad bondekone som til vanleg er å finna i Uskedalen. De kan tru turen heimatt gjekk lett, og eg var slett ikkje ferdig med å eta moreller heller – tydelegvis, for eg var så flittig nede i morellkorgene mine på den fleire timar lange turen heim , at til slutt måtte eg gøyma dei vekk. «Eit tygg og du er hekta» kunne ein visst hatt som slagord på moreller og. Etter denne helga vil eg sei det slik : Unn deg ein gong å oppleva denne festivalen i vakre Hardanger – «Landets søtaste festival» – trur ikkje du vil angra.

 

 

 

 

Morellfestivalen 2013 AKE (224)
Morellfestivalen 2013 AKE (11)
Morellfestivalen 2013 AKE (15)
Morellfestivalen 2013 AKE (19)
Morellfestivalen 2013 AKE (20)
Morellfestivalen 2013 AKE (24)
Morellfestivalen 2013 AKE (25)
Morellfestivalen 2013 AKE (26)
Morellfestivalen 2013 AKE (32)
Morellfestivalen 2013 AKE (33)
Morellfestivalen 2013 AKE (36)
Morellfestivalen 2013 AKE (39)
Morellfestivalen 2013 AKE (41)
Morellfestivalen 2013 AKE (43)
Morellfestivalen 2013 AKE (45)
Morellfestivalen 2013 AKE (46)
Morellfestivalen 2013 AKE (47)
Morellfestivalen 2013 AKE (48)
Morellfestivalen 2013 AKE (57)
Morellfestivalen 2013 AKE (58)
Morellfestivalen 2013 AKE (59)
Morellfestivalen 2013 AKE (61)
Morellfestivalen 2013 AKE (64)
Morellfestivalen 2013 AKE (68)
Morellfestivalen 2013 AKE (73)
Morellfestivalen 2013 AKE (75)
Morellfestivalen 2013 AKE (90)
Morellfestivalen 2013 AKE (95)
Morellfestivalen 2013 AKE (119)
Morellfestivalen 2013 AKE (121)
Morellfestivalen 2013 AKE (123)
Morellfestivalen 2013 AKE (124)
Morellfestivalen 2013 AKE (125)
Morellfestivalen 2013 AKE (128)
Morellfestivalen 2013 AKE (136)
Morellfestivalen 2013 AKE (137)
Morellfestivalen 2013 AKE (138)
Morellfestivalen 2013 AKE (139)
Morellfestivalen 2013 AKE (140)
Morellfestivalen 2013 AKE (141)
Morellfestivalen 2013 AKE (142)
Morellfestivalen 2013 AKE (143)
Morellfestivalen 2013 AKE (145)
Morellfestivalen 2013 AKE (147)
Morellfestivalen 2013 AKE (154)
Morellfestivalen 2013 AKE (157)
Morellfestivalen 2013 AKE (158)
Morellfestivalen 2013 AKE (160)
Morellfestivalen 2013 AKE (169)
Morellfestivalen 2013 AKE (171)
Morellfestivalen 2013 AKE (174)
Morellfestivalen 2013 AKE (175)
Morellfestivalen 2013 AKE (176)
Morellfestivalen 2013 AKE (177)
Morellfestivalen 2013 AKE (178)
Morellfestivalen 2013 AKE (179)
Morellfestivalen 2013 AKE (182)
Morellfestivalen 2013 AKE (184)
Morellfestivalen 2013 AKE (186)
Morellfestivalen 2013 AKE (187)
Morellfestivalen 2013 AKE (190)
Morellfestivalen 2013 AKE (191)
Morellfestivalen 2013 AKE (193)
Morellfestivalen 2013 AKE (196)
Morellfestivalen 2013 AKE (197)
Morellfestivalen 2013 AKE (198)
Morellfestivalen 2013 AKE (199)
Morellfestivalen 2013 AKE (200)
Morellfestivalen 2013 AKE (201)
Morellfestivalen 2013 AKE (202)
Morellfestivalen 2013 AKE (203)
Morellfestivalen 2013 AKE (204)
Morellfestivalen 2013 AKE (205)
Morellfestivalen 2013 AKE (206)
Morellfestivalen 2013 AKE (207)
Morellfestivalen 2013 AKE (215)
Morellfestivalen 2013 AKE (216)
Morellfestivalen 2013 AKE (217)
Morellfestivalen 2013 AKE (218)
Morellfestivalen 2013 AKE (219)
Morellfestivalen 2013 AKE (220)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også