De Danseglade


Stor stemning under Seljordfestivalen 2013

Stor stemning under Seljordfestivalen 2013

På forsiden akkurat nå

Fleire tusen hadde trossa vêret og var på plass på cafèscena alt onsdagen, her var kjempestemning og smekkfullt dansegolv. Sjølv var eg veldig spent på golvet, men hadde med glede lest at det var Jan Tore Eriksen – som og skulle vera kursansvarlig for dansekursa – som hadde fått ansvaret for dansegolva. I anmeldelsen min frå i fjor, påpeika eg at golva trekte ned på arrangementet, men her var det verkeleg gjort forbedring, herlig.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Seljord 2013: Flott tur til Bjørgenuten   oppdaterte bilder

Var og glad for at rekkverket som eg savna i fjor var på plass att ved cafèscena! At det var komt «golv» i teltet rett ved sida av – der den nye «Sjøormen Vinbar» var innstallert var og toppers. Dei nye flotte nye lokala til «Buffalo Steakhouse & Pizza» var berre heilt fantastiske og folk skrytte over både mat og prisar! Det vart ein fantastisk flott festival – vêret var det beste me kunne ønska etter kvart og folk storkosa seg. Turen til Bjørgenuten der Steinar Engelbrektson Band i år heldt konsert, var like flott i år som i fjor. Med alt arrangøren hadde gjort av forbedringar i år, pluss at her florerte av mange hyggelige, smilande og blide vakter så vart det nokre utruleg flotte dagar i Seljord – med kjempeflott musikk! Reint og fint var det rundtom på områda og. Spør du kva som vart mitt høgdepunkt på festivalen så er svaret enkelt – JOHNNY LOGAN. For ei stemme og for ein artist, med beina godt planta på jorda! Som vestlending synes eg sjølvsagt at det var kjempekjekt at AristoCats som feirer 40 årsjubileum i år – drog i havn tittelen som Årets Seljordfestivalband. Gratulerer alle involverte med vel gjennomført festival! (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Følg oss på FACEBOOK

Flere saker vil komme utover sommeren fra Seljord – følg med!

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også