De Danseglade


130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (11)

Smalahoveslepp i Voss sentrum

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Etter 2 år var eg tilbake på smalahovesleppet på Voss. Tradisjonen tru starta det heile med moteshow på fredagskvelden, men sidan Åge Aleksandersen & Sambandet hadde konsert i Bergen same kvelden så vart det min prioritet. Skulle visa seg verta ei strålande opplading til ein fin laurdag på Voss der det var marknadstorg og aktivitetar på Vangen frå tidleg til sein ettermiddag. Her viste lokale matprodusentar fram produkta sine, og i butikkane var det mange gode tilbod, så handelen gjekk unna. Det var underholdning og ikkje minst VM i smalahoveeting. Her skulle det ikkje berre etast fort, det skulle og etast fint, populært innslag. Vinnaren vart Ole Magnus Gjernes.
Så nærma klokka seg åtte og teltet var fylt med 300 feststemte som var klar for smalahovemiddag. Før middagen var det underhaldning og allsang, og dei som kom lengst vekke frå under middagen i år, kom faktisk heilt frå Austin i Texas. Dei såg faktisk verkeleg ut til å lika det dei fekk servert. Etter middagen kom fleire til, så det vart heile 550 folk til stades som dansa til gjengen i BRIS, og stemninga berre steig utover kvelden. Jubel var det og som alltid kvar gong Bodil Herre frå Voss (som og er med på Bris sin cd) viste seg på scena og gledde oss med si vakre stemme. Det vart ein topp kveld der unge og godt vaksne kosa seg på dansegolvet, ja nokon våga seg faktisk opp på benkane og til og med på borda. God stemning med andre ord. Etter det eg forstod av arrangøren Voss Sentrum, så var arrangementet tona litt ned i år, men til neste år ville dei koma sterkt tilbake og då ville dei utvida samarbeidet med andre. Skal verta spennande å sjå, men reknar med at arrangementet då og vert halde rundt månadsskifte september/oktober slik tradisjonen er.
Anmeldelsen av arrangementet kjem i neste nummer av De Danseglade.

130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (8)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (10)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (11)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (12)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (1)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (2)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (3)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (4)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (5)
130926_Smalahoveslipp Voss_Foto_Anne-Karin Eikeland (6)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også