De Danseglade



Siste dans på Gran Canaria for i år

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Så var kvelden komt – siste på Dansegallaen på Gran Canaria. Litt vemodig faktisk, for dette var ein herlig opplevelse – kombinasjon av sol og varme OG dansegalla, kan det verta betre? Eg og vennene mine kom litt tidleg som vanleg, lokalet opna kl. 18. Eg kikka litt på «røykeområdet» og slo av ein prat med DJ Charlie – kjent frå Dansefot Jukeboks på NRK 1. Han spela musikk der ute fram mot midnatt, då trekte han inn – som han sjølv uttrykte seg. Programmet for denne kvelden var mykje det same som første kvelden berre att banda hadde bytt scener. Nok ein kveld trekte Kikki Danielsson folk til seg, nok ein gong stod dei tett i tett framforbi scena og song med av hjartans lyst – imponerande, men så hadde ho ein herlig gjeng med seg då: Vagabond karane og Odd Arne Sørensen. Eg hadde «lokka» med meg eit vennepar denne kvelden – og tilbakemeldinga deira var at dette angra dei ikkje på, dette var kjekt! Spesielt glade var dei over å få oppleva energiske Holmsve – det er ikkje ofte me frå vestlandet får sjå det bandet på scena. Det virka vera litt mindre folk torsdagen enn mandagen og det var det visstnok i fjor og. Kanskje det kunne vore ein ide å kutta litt ned på «nostalgien» og kanskje hatt eit «nytt» band som trekkplaster siste kvelden. Dette er sjølvsagt spørsmål om økonomi, men eg trur at mange norske som reiser nedover for dansegallaen sin del, er der begge kveldane og då er det jo greitt med litt variasjon.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Dansefestivalen 2013, en bred meny

Ein ting vonar eg ihvertfall – at gallaen er komen for å bli og at den fortsatt vil verta på denne flotte plassen La Perla Sur. Det er deilig med stor og god plass rundt seg på ein dansegalla, og med bussar og taxi ( i hopetal) til ein spotpris er jo det ingen problem. Eg må ikkje gløyma nevna at me under arrangementet hadde tilgang på eit variert utval av drikke og masse god varm mat. Akustikken for oss som publikum var heilt topp, noko som er ein viktig faktor for at me skal trivast. Dette overraska meg i positiv lei, for me var tross alt i ein nedlagt perlefabrikk, men det viste seg at arrangøren hadde knytt til seg framifrå lydteknikkarar. Einaste eg kunne ønskja meg var lys på ALLE borda og lyslenker langs veggane spesielt innerst i sal 2. Det er viktig å unngå for mørke og for lyse partier i eit lokale. Her er eit solid grunnlag lagt. Flott innsatts av arrangør og alle smilande og blide medhjelparar (dei fleste norske) og til Erik Forfod og DJ Charlie som bandt det heile saman. Veldig kjekt denne kvelden var at det kom ein heil gjeng med ungdomar som verkeleg storkosa seg på dansegolvet, noko du kan sjå av bilda. Sjølve avsluttninga av dansegallaen vart beint fram rørande då Streaplers, Vagabond, Holmsve, Hans Martin, Odd Arne Sørensen, arrangør og konfransier – alle stod på scena og song av full hals saman med eit takknemleg publikum som ikkje hadde lyst til å gå heim. For å sitera Arnold Schwarzenegger: «I’ll be back» – garantert! (tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Abo promo lite for teksinnlegg Dansefestivalen 2013, en bred meny

 

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også