De Danseglade



Scandinavisk dansebandforbrødring på Gran Canaria

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Måndag gjekk startskotet på Dansegalla Gran Canaria i La Perla Sur, og eg kan trygt sei at kvelden overgjekk alle mine forventningar. Eg storkosa meg frå eg kom og til eg gjekk. På mange måter vart det ein kveld, der du kunne høyre og sjå det ypperste av kva vi har av store stjerner i både Norge, Sverige og Danmark.
I sal 2 var det sett ut mange store runde bord med plass til ti rundt kvart. Det var dans frå to scenar med startskudd klokka 19. Holmsve i storform fekk æra av å opna det heile i sal 1 og med ein flink lydteknikker på plass, ja då fekk eg ein god start på kvelden. Vagabond starta 19.30 på scene 2 og eg kan lova alle at desse to banda stod på i nitti heile kvelden. Holmsve backa Hans Martin, Torleif og Johnny Hansen og Vagabond stod på scena med Odd Arne Sørensen, Rune Rudberg og Kikki Danielsson.

Abo promo lite for teksinnlegg Vi danset til Lasse Stefanz på Rica Olrud

Programmet vart lagt opp slik at det var full mulighet til å få med seg alle artistane, pluss at det var ilagt nokre små pausar og det var eigentleg deilig, for det var ikkje lett å gå av dansegolvet. Då Odd Arne Sørensen stod på scena og hadde med seg Vagabond – då føltes det mest som om taket skulle letta seg i ein periode, tydeleg at denne gjengen trives godt saman. Medan Kikki Danielsson var på scena stod publikum som sild i tønne og allsangen ljoma. Eg reiv meg laus etter eit par melodiar for å få med meg Johnny Hansen i sal 1. Han skulle berre vera denne kvelden så eg er glad eg fekk det med meg for han hadde sett saman eit herleg repetoar og det var tydeleg at Holmsve karane stortrivdes bak denne dansken. Det var ikkje få melodiar dei hadde øvd inn og dette kom dei vel ifrå og skal få eit stort pluss i margen frå mi side. Streaplers avslutta kvelden, så det var skikkeleg trøkk siste timen og. Alt dette vart sydd i saman av den perfekte konfransier Erik Forfod, På Dansefot himself og DJ Charlie.
Eg kan vel oppsummera første kvelden av dansegallaen med at eg sleit ikkje nett ut stolen min – dette var kjekt. Når det så var slutt og busser og ikkje minst hopetal med taxier står klare utforbi, ja då kom eg meg vel heim med godfølelsen framleis i kroppen, og gleda meg alt til dag 2 -torsdagen. Nok ein gong fekk eg bekrefta det eg ofte seier : Det trengs ikkje alkohol for å gje meg eit kick – det klarer dansen og musikken OG ikkje minst artistar som viser speleglede! (Tekst og foto Anne-Karin Eikeland)

Last ned DDKalenderen 2013 ved
å klikke på bildet under

DD Kalender 2013 liten Vi danset til Lasse Stefanz på Rica Olrud Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til Lasse Stefanz på Rica Olrud

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også