De Danseglade



Sande Dansefestival i Sunnfjord

På forsiden akkurat nå

Etter to år var eg tilbake att på Sande Dansefestival. Campingvogna var komt på plass før meg, og totalt hadde 140 bueinheiter parkert og vêret var strålande. Mange var komt alt torsdagen og då stilte Senneseth Gård låven til disposisjon for gjestene og musikk ordna dei seg sjølve. Må innrømma at eg gledde meg veldig til fredagskvelden, og til å få oppleva Vassendgutane att. No kunne eg ikkje forventa at eg fekk den same flotte lydopplevelsen i eit stort telt som det eg fekk i Bergen, men pytt pytt, stemninga kom no til å vera der. Sixpack fekk æra av å varma opp for gutane i det 750 kvm store teltet. Kathe’s drog i gang kvelden på låven, der dei og The Poor Boys spelte 2 økter kvar frå 21 til 02. Vassendgutane kom på scena vel 23 og bortsett frå ein liten pause, så spela dei til klokka var mest 02, kjempestemning. Dessverre kom regnet i løpet av kvelden og det saman med litt søl, spesielt heilt framme på det 300 kvm store dansegolvet gav nok ikkje stordansarane den ultimate uttellinga denne kvelden. Ein del tok turen opp på låven og kosa seg der, veldig greitt når ein har eit alternativ. 740 var på arrangementet denne kvelden. Vassendgutane trekte nok ein heil del ungdomar, men dei oppførte seg eksemplarisk – smilande og blide var dei og song så det ljoma. Litt song og spel vart det på campingen om natta og, spesielt første natta, men det må tålast – ungdomen må få kosa seg.

 Les alt om Gullskoen.

Stor var gleda då eg opna døra på campingvogna laurdagen og det viste seg vera eit mildt sagt fantastisk vêr, og slik heldt det seg. Her vart det grilling rundtom alle veier og folk sat rett og slett og sola seg og nytte dagen. Om kvelden starta Steinar Engelbrektson Band i teltet klokka 20, litt tidleg viste det seg i finavêret, og folket var ikkje heilt klare. Kathe’s gjekk på 21:30 og utover kvelden seig det på med danseglade, 850 vart det totalt og det er lenge sidan eg har vore på eit arrangement der det har vore så mange danseglade heilt til slutt. Me fekk og oppleva Steinar Engelbrektson og Kathe Sunde i duett på den vakre låta «Om Englar Finns» – urpremiere som Steinar sa. The Poor Boys og Sixpack veksla på å spela på den koselege låven som forøvrig har mange utstoppa dyr kring veggene, flott å sjå, det bur nok ein ihuga jeger på gården ja.

Abonnenter på De Danseglade får bladet rett hjem i postkassen hver gang det kommer. Bli med du også!

Mat fekk me kjøpa oss i Dugurdstova under heile arrangementet. Det var veldig god stemning på festivalen og det såg ut til at folk verkeleg kosa seg til fin dansemusikk, litt varierande kvalitet, men publikum dansa flittig og dansegolvet var heilt perfekt. Borda var pynta med dukar, blomar og lys. Det var og pynta med bjørk i store mjølkespann rundtom på området. På låven var det god stemning og her var det fullt på golvet mest heile tida. Sjefen for Sande Kro og Hotel som forøvrig eigenhendig vaska dansegolvet om laurdagen, Per Kapstad, var storleg nøgd etter helga og skrytte over det fine samarbeidet han har med Senneseth Gård ved Eirik Ness m/familie. Desse vil vurdera laga til slik at me kan henta vatn nede på området, og prøva få til dusjmogelegheiter til neste år. Mange blide og uunnværlige medhjelparar var sjølvsagt på plass. Røde Kors var på plass med bil og personell begge kveldane, veldig betryggande. Det var sett opp 3 festivalbussar frå Høyanger og 1 frå Førde og taxiane vart flittig brukt. Tidlegare har dette arrangementet vore i juli, men etter det me får opplyst vil det truleg verta i juni til neste år og – så det er berre å ta turen, ein triveleg plass. (tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Anmeldelsen av arrangementet kan du lese i De Danseglades høstnummer. De Danseglade anmelder dansefester og har i alt elleve parametre som vi kaster terningen på. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til Bjørns og Kindbergs på Stena Saga

 

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også