De Danseglade


130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (2)

Odd Arne Sørensen samla gode venner til allsang i Jølster

Vårdansen 2019
Storås 2020
På forsiden akkurat nå

Eg har ikkje heilt lyst å sleppa sol og varme enno, og vil ta dere med tilbake til pinsehelga der Dansegallaen i Skei i Jølster vart halde i eit aldeles nydeleg vêr. Søndagen samla nemleg OAS gode musikervener som skulle inspirera oss til allsang, og allsang vart det ! På ein fantastisk flott ettermiddag samla rundt 250 personar seg ved Fjøsen Pub der forutan Odd Arne sjølv, bl.a. Kjell Kaldestad frå AristoCats, PK Støbakk, ei stor trekkspelgruppe og Pub duoen Torbjørn Gran og Ole Martin Iversen, gledde oss med mykje fin musikk. Gro og Leif frå Contrazt stillte og sporty opp etter å ha kome kjørande heilt frå Finnanger Brygge. Kvelden før det igjen hadde dei spela enno lenger nord, nemleg i Hommelstø der og Odd Arne hadde vore med. Det var ikkje lenge etter at Contraztbussen hadde parkert at dei var på scena, og etter opptreden hasta dei vidare til rigging nedi storteltet der dei skulle spela om kvelden. For eit imponerande tempo!
Det er berre å gleda seg til neste pinsehelg, for etter det eg forstår så gav dette meirsmak og vil nok verta gjenteke, truleg i enno meir organiserte former. At både artistar og publikum storkosa seg desse timane skulle det ikkje vera vanskeleg å lesa seg til ut frå bilda. Eg veit ikkje heilt kva avtale dei har med høgare makter oppi Jølster, men dei to gongane eg har vore der har det vore eit fantastisk flott vêr.

130719_Allsang i Jolster_FotoAnne-Karine Eikeland (14)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (12)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (11)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (10)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (9)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (8)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (7)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (6)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (5)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (4)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (3)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (2)
130519_Allsang i Jolster_foto_Anne-KArin Eikeland (1)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også