De Danseglade


130519_Skei Omsorgssenter_AKE_Web (8)

Odd Arne Sørensen – elsket av både unge og gamle

På forsiden akkurat nå

I fjor i pinsehelga fekk Skei Omsorgssenter for første gang besøk av guten med trekkspelet og det gode smilet, Odd Arne Sørensen. Arrangementet var ei gåve til senteret frå Arna og Kåre Fossheim som driv dansegallaen Skei i Jølster. Dette var så vellukka at OAS var på plass att i år. (Dei som ikkje har lest om den rørande opplevinga eg hadde i fjor, kan skriva Skei i Jølster i søkefeltet oppe til høgre, så finn de artikkelen dato 17.juni)
Både ansatte og bebuarane hadde gleda seg til dette i år og, og sjølv om det var ein strålande fin dag og utruleg varmt, så gav OAS alle dei som hadde samla seg i stova ei ny flott oppleving medan svetten silte av han. Her var allsang og dans, og han fekk ikkje lov til å gje seg før han hadde teke fleir ekstranummer. Eg er takksam for at eg nok ein gong fekk vera med på denne konserten. Det å sjå gleda i ansiktet til dei gamle og ikkje minst sjå korleis dei storkosa seg når dei ansatte byr dei opp til dans, er verdt meir enn all verdens rikdom.

130519_Skei Omsorgssenter_AKE (9)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE_Web (12)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE (14)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE_Web (15)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE (16)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE_Web (17)
130519_Skei Omsorgssenter_AKE_Web (8)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også