De Danseglade


130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (5)

Med Ausekarane og Bris i Bergen

På forsiden akkurat nå

Det vart ei begivenhetsrik første helg i september med båe show, dans og matfestival. Det heile starta for min delmed Ausekarane og showet deira «Nett No», og her kan eg lova lattermusklane vart trimma. Denne sprudlande og musikalsk dyktige gjengen imponerer meg like stort kvar gong. Showet som tok utgangspunkt i cd`n deira «Farande Fant» som i sommar kom ut på Tylden & co, var ingen unntak, hysterisk morosamt. Etterpå stod det kø for å sikra seg signert cd, for her snakkar me om gladmusikk, blant anna «Reis Meg Opp» sunge av Tor Endresen Det er nok ikkje for ingenting cd’n har trona både på VG lista og på iThunes. Med showet hadde eg fått den beste opplading eg kunne få, til ei flott dansehelg på Glade Rosenkrantz med energiske BRIS. Fredagskvelden hadde i underkant av 200 danseglade funne vegen dit, og folk var imponerande tidleg ute. Denne kvelden fekk eg, og mange med meg, gleda av å sjå eit ungt par utfolda seg på golvet i skikkeleg rock`n roll stil, utruleg stilig. Vokalisten i BRIS sa etter ein låt at dei berre hadde lyst å fortsetja spela, for det var så fantastisk flott å sjå på ! Vel fortent kompliment til ungdomane som var både flinke og ikkje minst viste stor danseglede. Det var både øl- og matfestival i Bergen denne helga, og mellom 70.000 og 100.000 vitja matfestivalen og rundt 30.000 øl-festivalen. Lerøy hadde teke mål av seg til å setja verdsrekord i sushi-mosaikk laurdagen, noko dei klarte med glans med 16.018 bitar og heile 31,5 kvm. Dei kunne stolt ta i mot diplom frå Guiness World Records. Så kom ny dansekveld med vel 350 danseglade og rimeleg trongt på golvet til tider, men i pausane vart det full anledning til å boltra seg. Stemninga var det ingenting å sei på, her var allsong over ein lav sko. Denne helga kan me trygt sei at by og land gjekk hand i hand på Glade Rosenkrantz. For BRIS har ein stor tilhengjarskare som gladeleg reiser lange veier og tar seg ein weekend i Bergen, når favorittane deira står på scena. Det har liksom vorte tradisjon det, og eg kunne sjå mange gledelege gjensyn mellom desse og dei som var flytta frå landet for mange år sidan, og som og stelde på. Ei opplevingsrik helg vart dette, ingen tvil om det.

130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (1)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (2)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (3)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (4)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (6)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (7)
130906_Ausekarane Foto Anne-Karin Eikeland (8)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (1)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (2)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (3)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (4)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (5)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (6)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (7)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (8)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (9)
Lerøy sitt bilde verdensrekord
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (10)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (11)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (12)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (13)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (14)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (15)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (16)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (17)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (18)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (19)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (20)
130907_Rosenkrantz Foto Anne-Karin Eikeland (21)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (1)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (2)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (3)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (4)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (5)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (6)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (7)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (8)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (9)
130907_Bris Foto Anne-Karin Eikeland (10)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også