De Danseglade



Hinnøyfestivalen der country og dansefolk møtes

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Det var med stor spenning eg reiste til Harstad, både fordi eg gleda meg til å treffa igjen mange gode venner, men ikkje minst grunna at eg skulle tilbringa ei helg i countrymusikkens teikn – ispedd litt dansebandmusikk. Og eg kan berre sei det med ein gong, på tross av at det flotte vêret som hadde vore i nord dei siste vekene snudde fredag ettermiddagen og regnet bøtta ned – så vart det ei fantastisk flott og ikkje minst innholdsrik helg! Må innrømma at ei stund såg eg mørkt på det fredags ettermiddagen då regnet bøtta ned og det viste seg at 2 av 3 avløpskummar på kaien var tette, men det vart no ordna opp i til slutt. Eg sa vel noko slikt som: «Hadde eg vore arrangør så trur eg at eg hadde sete meg ned og grene» – så gale var det ei stund. MEN det skal meir til før ein bringer folk frå nord ut av fatning. Dansegolvet derimot vart diverre ikkje så stort som arrangøren hadde planer om grunna alt regnet, men det som var – var det beste! Om kvelden stod Baard Andreassen og Western Comfort på scena med sin herlige musikk. Arctic Band som eg kjenner som eit reint danseband, hadde plukka fram ein del av musikken dei spela då dei i starten var eit country band, og eg må berre sei: Denne stilen kledde dei – heilt konge.

Abbonere på De Danseglade?

Chatrin Hagen som eg har litt kjennskap til frå før starta for 2 år sidan saman med 2 andre flinke jenter – Girls Gone Country, ein rein nytelse å høyra på. Anne Berit – godt kjent i nord, hadde band med seg og ho var storfornøgd etterpå for dei fekk kjempemange flotte tilbakemeldingar. Countryartisten OJ Hanssen, som har gjeve ut 19 album underholdt og, veldig kjekt å få høyra bl.a. «Heimbyens Lys» live. Rundt 200 hadde funne vegen til det 900 kvm store teltet fredagen i eit forrykande vêr, men det såg ikkje ut til at det sette noko dempar på humøret og dansegolvet var flittig brukt. Laurdagen starta det opp alt 11:15 i teltet, der alle artistane + Leknes Line Dance Lofoten underheldt oss, og mange hadde funne vegen ned på kaien og gleda var stor då sola titta fram. Her vart me underheldt til kl 15 og 16:15 var det klart for Jentemarsjen i samband med Kreftsaka og ingen ringare enn Hanne Sørvaag fronta denne og gjekk i fremste rekke med rundt 80 bak seg! Så fekk eg vera med ein smilande og blid gitarist og Girls Gone Country + nokre linedance jenter til Olavsgården (sjukeheim) der både dei ansatte, bebuarane og me andre fekk ei koseleg stund.

Følg oss på FACEBOOK

Så var kvelden komt og nærmare 600 hadde funne vegen til det store teltet nede på kaien på parkeringsplassen ved Høgskulen. Forventningsfulle stilte dei seg opp då Hanne Sørvaag og Steff Nevers stod klare på scena kl 22 og vart behørlig presentert av festivalen sin dyktige og ikkje minst alltid like smilande og blide konferansier Ken Rune Berg. Det var tydeleg at mange hadde sett fram til at Hanne og Steff sku entra scena. Dette vart ein kjempekveld sjølv om ein i periodar sleit litt med lyden, artistane nordfra skal og ha honnør for flott innsats. Dei klarte verkeleg få dansefoten i sving hos publikum som storkosa seg på dansegolvet. Deilig mat kunne me få kjøpa rett utforbi teltet, koteletten eg kjøpte smelta faktisk talt på tunga. Dette var første festivalen til Arnfinn Johansen og hans flinke medhjelparar. Vonar inderleg at dette er ein festival som er komen for å bli – ein festival der country- og danseglade møtes. Eg for min del hadde eit flott opphald på Thon Hotel Harstad, var ein heldig kunne ein få rom med nydeleg utsikt over den fine Vågsfjorden. Ein ting eg ikkje kjem til å gløyma så snart – var at sola framleis var å sjå då eg gjekk heim om natta. Det er vakkert i nord – ingen tvil om det, og her bur mange herlige inkluderande folk her! (Bilder og tekst: Anne-Karin Eikeland)

Anmeldelsen av arrangementet kan du lese i De Danseglades høstnummer. De Danseglade anmelder dansefester og har i alt elleve parametre som vi kaster terningen på. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset på Myklegardsfestivalen på Løten

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også