De Danseglade



Flott dansefest på Fjøsen Pinsehelga

På forsiden akkurat nå

I fjor var første gongen eg var på Skei, for andre danseglade har det vorte tradisjon å tilbringa pinsehelga her. Som i fjor vart me velsigna med eit fantastisk vêr på den 8. dansegallaen her oppe. Mange kom 16. mai og 17. mai, og allerdede da var det rundt 100 bueinheiter på plass. Arrangøren heldt difor Fjøsen Pub open til kl 24, då var det slik ei god stemning at dei hadde rett og slett ikkje lyst å stengja. 18.mai kom det 150 bueinheiter til, totalt ein auke på 100 frå i fjor og det vart heilt fullt. Kjell «Kjellen» Bigset underheldt denne dagen, først ein halvtime på campingen, så samla han 170 i storteltet kl 14. Her låt alt til rette for å få trimma lattermusklane. Om kvelden var det Rune Rudberg Band og Steinar Engelbrektson Band som fekk publikum til å samla seg i teltet, 1700 i alt, ein auke på 600 frå i fjor. Odd Arne Sørensen var gjesteartist denne kvelden, han hadde kjørt i 70 mil for å nå fram. Her var det kjempestemning, publikum i alle aldre i skjønn foreining, heilt uten søl på dansegolvet for her kom ingen inn med drikke. Eit ektepar feira 40.års bryllupsdag og vart sjølvsagt kalla opp på scena og sunge for av Steinar Engelbrektson.

Abonnenter på De Danseglade får bladet rett hjem i postkassen hver gang det kommer. Bli med du også!

På Fjøsen Pub, der Torbjørn Gran og Ole Martin Iversen som spela, var det og stinn brakke som eit par av bilda viser. Tidleg første dag heldt Odd Arne Sørensen (OAS) konsert på Skei Omsorgssenter og om ettermiddagen samla han musikervener til allsang på terrassen på Fjøsen Pub. Rundt 250 samla seg på området då og her var ei fantastisk stemning, bilder og omtaler frå desse kjem seinare. Inne på området gjekk det an å få kjøpa seg bl.a. grilltallerken – 70 kr for 2 koteletter med tilbehør var ikkje feil det. Serveringa på arrangementet i sin heilheit gjekk effektivt unna, mykje takk vera sal av bongar til kr 70 – som var felles pris på all drikke. Der matserveringa var kunne ein nytta både bongar og cash. Om kvelden stod Gilbeys og Contrazt på scena, begge desse spela i fjor og, og igjen var OAS gjesteartist. 1400 var på området denne kvelden, same som i fjor, men dei som var der storkosa seg og dansegolvet var fullt, utan at det var trangt om plassen. Å få slikt eit fantastisk vêr set folk utan tvil i ekstra god stemning. På campingen vart det sunge, her var buskspel og her vart dansa på graset i løpet av helga. Om føremiddagen 2.dag vart det solgt heimebakst, noko som var veldig polulært. Eg overhøyrte, heilt tilfeldig, ein ungdom sei til Kåre Fossheim – sjefen sjølv: «Er det nokon som har gjeve dokker tilbakemelding på kor triveleg me har det borte på campingen?» Klarare kan det vel ikkje seiast, kanskje ikkje så rart at Fossheim vart blank i augo, må vera utruleg kjekt å høyra at folk kosar seg og ikkje minst at fleire generasjoner går så godt i lag, for det er eit enormt arbeid som ligg bak dette arrangementet.

Følg oss på FACEBOOK

I år sleit dei i tillegg med mykje vind – ikkje enkelt å pynta med serviettar og grønt når det i periodar fyk vekk mest like snart. Sjølv vil ikkje Fossheim ha noko skryt, men han er ikkje redd for å skryta over familien sin og dei mange fantastiske medhjelparane – med Bjarne i spissen – som han har med seg. Det var og imponerande å sjå korleis dei som hadde sett opp telta hadde sikra dei mot vind, både dei store og små. Alt gjekk imidlertid bra, og eg og mange med meg fekk ei ny flott pinsehelg på Skei og eg for min del eit nytt flott opphold på Skei Hotel som ligg berre eit steinkast unna teltet. Hotellet var og fullbooka denne helga. Det er langt frå der eg bur til Skei, men eg gleder meg alt til neste år – for det er verkeleg verdt å ta turen til denne dansegallaen som har slik ro kring seg, eit resultat av god planlegging og rutine. Må heller ikkje gløyma den storslåtte naturen. (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Anmeldelsen kan du lese i De Danseglades augustnummer. De Danseglade anmelder dansefester og har i alt elleve parametre som vi kaster terningen på. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også