De Danseglade


Odd Arne og Steve WEB

Det swinga i Peer Gynt-salen i Bergen

Vårdansen 2019
Storås 2020
På forsiden akkurat nå

Første laurdagen i oktober var det klart for dansegalla i Grieghallen, og det var Ingemars Orkester som fekk gleda av å opna det heile, før Contrazt gjekk på. Etter ein sommar med mange arrangement i telt med varierande lydkvalitet, var lyden denne kvelden reine balsam for øyrene i den flotte nyrestaurerte Peer Gynt-salen. På tross av sparsom annonsering hadde mange funne vegen hit, og til tider var det fullt på golvet sjølv om det var stort. At banda seg imellom hadde ein god tone, fekk me fleire bevis på denne kvelden. Ei stund var det nesten som eg ikkje kunne vera trygg på kven sitt sett det var, og det vart mangel på mikrofoner når bandmedlemane «besøkte» kvarandre, heilt fantastisk. Gro Anita var ikkje berre på golvet og dansa swing medan ho song, nei denne kvelden fekk me og sjå henne på scena med gitar då ho og Leif invaderte Ingemars. Ja til og med trommissen i Contrazt kunne me skimta der bak i strålande humør og med ein bassgitar, utruleg populært. At banda gjer så mykje av seg sjølve og ikkje berre tenkjer på å vera best, er ein eigenskap eg og mange med meg set utruleg høgt og det set publikum i ekstra god stemning. Bassisten i AristoCats fylte år denne kvelden og vart kalla opp på scena til Contrazt, og han vart både sunge for og fekk go’klem. Vokalisten i AristoCats, Kjell Kalestad, var og oppe hos Ingemars og song og rocka litt i kjent stil. Dette vart ein flott kveld og eg vonar verkeleg at denne salen vert nytta til framtidige dansegallaer. Parkeringshus i underetasjen er jo og berre heilt topp.

131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (9)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (8)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (7)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (6)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (5)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (4)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (3)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (2)
131005 Grieghallen Foto Anne Karin Eikeland (1)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (1)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (2)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (3)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (4)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (5)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (6)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (7)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (8)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (9)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (10)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (11)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (12)
131005 Grieghallen 2 Foto Anne Karin Eikeland  (13)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også