De Danseglade


Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (4)

Dansefestivalen på Sel - med besøksrekord

Dansbandsveckan 2018
På forsiden akkurat nå

Ein flott dansefestival i Seljord var over og etter ei «mellomlanding» par dagar hos ei god venninne staka eg ut kursen mot Sel og Dansefestivalen tirsdagen, dette gleda eg meg verkeleg til. Dei 2 første dagane budde eg på området med gode vener rundt meg før eg sjekka inn på Otta Hotel, men framleis med mine gode vener sin camping som ein trygg base på dagtid. Det er no noko spesielt med det å bu på området – det er først då du får føla skikkeleg på stemninga og ikkje minst, få med deg alt «buskspelet» som skjer rundt omkring.

Følg oss på FACEBOOK

Kl 19 tirsdagen gjekk startskuddet for festivalen og Ausekarane (som fekk gladmeldinga same veka om ein 1.plass på VG lista) fekk æra av å opna det heile, same gjengen var og på plass litt seinare på kvelden, men då som Tor Endresen band. Eg kan ikkje la vera å nevna stemninga då Tor Endresen song den norske versjonen av «You Raise Me Up» – det vart så merkeleg stillt i salen, svært mange stod berre rett opp ned og lytta, utruleg stemningsfullt.

Elles var det eit svært rikholdig program på festivalen, her var familieunderholdning, eldreunderholdning, allsang, gamaldans- og for ikkje å snakka om utruleg mykje flott dansebandmusikk. Her var bånn gass i Tyldenteltet som vanlig, her var konsert på Amfi Otta, i parken på Otta og høyfjellskonsert ved Smuksjøen på Høvringen. Då Kai Robert Johansen med sitt vakre trompetspel opna konserten der oppe med «Ved Rondane», ja då fekk eg «frysningar» – du verden kor flott. Her vart det dansa både på fjell, gras og grus som de kan sjå av bilda.
Gudstjenesta i teltet er for meg og mange andre vorte eit høgdepunkt under festivalen – den MÅ berre opplevast. I år var det Einar Gelius som gav oss ei innholdsrik og humørfylt preik rundt dei 4 bokstavane LOVE. Publikum klappa villig vekk under heile gudstjenesta, kun etter «Fader Vår» var det stillt. Då Vagabond så flott framførte «Shine» som ein hyllest til nyleg avdøde musikar og produsent Rolf Graf, ja då fekk eg klump i halsen – utruleg vakkert. Tommy Michaelsen si stemme trur eg kan «røra ein stein».
Laurdagskvelden kl 22:00 var det duka for utdeling av Gullsko-prisane og naturleg nok var det mange spente fjes både backstage og i teltet. Rune Rudberg Band (som hadde erobra 2.plassen på VG lista) hadde sett folk i teltet i stemning før utdelinga. (se eigen omtale og bilder frå Gullskoen)
Her var gode dansegolv sjølv om det var plassar i storteltet der ein merka skøytane godt, her var god mat, men ein del kø til tider. Vinden som til tider var ganske sterk dei første dagane la ikkje noko dempar på stemninga verka det som. Hyggelege vakter. Sjølv fekk eg bruk for Røde Kors si hjelp etter at eg på dansegolvet på Tunet, fekk ein albu med full kraft rett over eine augnebrynet laurdagen. Ho som behandla meg, kom seinare på kvelden bort til meg inne i teltet og spurte korleis det gjekk med meg, fantastisk – TUSEN TAKK! Cashless-systemet som festivalen brukte for første gang, fekk blanda mottakelse – nokon synes det var topp, nokon likte det slett ikkje, men reknar med arrangøren evaluerer dette ut ifrå dei tilbakemeldingane dei får i ettertid. Informasjonen om kortet var imidlertid god. Det eg kunne ønska meg annleis oppi det heile, var litt lengre speletid for banda – når dei først var på scena, 45 min. er kort. Alle innvolverte på Dansefestivalen i Sel kan sjå tilbake på nok eit vel gjennomført arrangement. Kai Robert Johansen og Erik Forfod knytte det heile saman på ein framifrå måte. Anmeldelsen og fyldig reportasje av arrangementet kjem i DD sitt høstnummer.

Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til duoen Henriks i Skjeberg

Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (1)
Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (2)
Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (3)
Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (4)
Sel dag 1 Foto Anne-Karin Eikeland (5)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (1)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (2)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (3)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (4)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (5)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (6)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (7)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (8)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (9)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (10)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (11)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (12)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (13)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (14)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (15)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (16)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (17)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (18)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (19)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (20)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (21)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (22)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (23)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (24)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (25)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (26)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (27)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (28)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (29)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (30)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (31)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (32)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (33)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (34)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (35)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (36)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (37)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (38)
Sel dag 1 foto Arnfinn Borge (39)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også